Musikk

Sjangersjongløren

Torsdag førre veke døydde det musikalske multitalentet André Previn i New York.

André Previn (1929–1919) dirigerer Oslo Filharmoniske Orkester under ein München-turné i 2004.
André Previn (1929–1919) dirigerer Oslo Filharmoniske Orkester under ein München-turné i 2004.

Musikalsk var han det dei engelskspråklege kallar ein «jack of all trades». Etter ein lovande lynkarriere som jazzpianist og filmkomponist tok han avskil med Hollywood. Den nye livsvegen hans var klassisk klaverspel, komposisjon og orkesterleiing. Dei fleste store symfoniorkester har opplevd han på dirigentpodiet, slik òg Oslo Filharmoniske Orkester, der han var sjefdirigent frå 2002 til 2006.

«Alt ein gjer av musikk, hjelper. Det var ei tid då eg kjende at eg hadde drive med film- og underhaldningsmusikk altfor lenge. Men det var ein god skule. Eg lærte å orkestrera raskt og å halda effektive orkesterprøvar», fortalde han i ein tysk radiodokumentar. Men skiftet frå populærmusikken til den klassiske verda var ikkje friksjonsfritt, for i byrjinga blei han handsama som om han hadde ein skamplett, meinte han: «Dei var like villige til å tilgje ein øksemordar som ein filmkomponist.»

Grammy og Oscar

André Previn heitte eigentleg Andreas Ludwig Priwin og blei fødd i Berlin i 1929 eller 1930 i ein familie med polske, russiske og franske røter. Grunnen til den usikre fødselsdatoen er at fødselsattesten blei borte då den jødiske familien flykta i 1939. Over Paris gjekk ferda til Los Angeles, der grandonkelen var musikkdirektør ved Universal Studios.

Som pianist var Previn alt som femåring eit vedunderbarn, men sjølv om han ei kort tid hadde vitja konservatoria i Berlin og Paris, såg han alltid på seg sjølv som autodidakt. Frå grandonkelen hadde han ikkje berre det anglifiserte etternamnet, men òg tilgang til Hollywoods mektige musikkbransje. Som 16-åring byrja han å skriva filmmusikk for Metro-Goldwyn-Mayer, filmselskapet med den brølande løva som logo som i 1930- og 1940-åra var verdas største. Meir enn 50 filmar komponerte eller arrangerte han musikken til, med fem Grammy-prisar og fire Oscar-prisar som resultat, mellom anna for filmversjonane av Porgy and Bess (1959) og My Fair Lady (1964).

Hundrevis av album

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement