JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Punk i vid forstand

Roy Didrik Nilsen, låtskrivar og vokalist i Lokal Politikk, songar i Horten Alternative Mannskor og festivalarrangør, har kasta seg over Olav H. Hauge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lokal Politikk på Artilleriverkstedet i Horten i august: Roy Didrik Nilsen på vokal, Alf Almén på bass, André L. Eide på trommer og Eirik Aspaas på gitar.

Foto: Jon Levi Pedersen

9196
20231117
9196
20231117

Musikk

marita@dagogtid.no

Det er ein sur, mørk kveld i Horten, den gamle verfts- og marinebyen som i dag blir kalla Noregs Silicon Valley. 20 prosent er industriarbeidarar, og byen er ein av dei fattigaste i landet, med fleire arbeidsledige, uføre, eineforsørgarar og leigetakarar enn elles, ifølge levekårsmålingar.

Horten går for å vere litt røff. Særleg lyden av hardcore og punk ber langt. Det er flust med kunstnarar, revyar og kammermusikk her, i tillegg til skatarar, men dei svartkledde med tatoveringar opp til øyra er synlegare i terrenget.

Ein av dei er Roy Didrik Nilsen. Frå han og nokre venner starta Kanalrock i 1991, har han sett i gang eit lass idealistiske prosjekt. Denne kvelden riggar han og Pål «Påsan» Johnsen – kjend lydmann, produsent og arrangør – til konsert på kafeen Knut i Storgata.

– Upolitisk markering

– Vi held ei upolitisk markering mot drapa på Gazastripa, fortel Nilsen.

Ute er det våpenkvileopprop; inne er det foto- og kunstutstilling og gratis konsertar.

– Folk betaler kva dei vil til Leger Uten Grenser. Og så er det fint om du støtter Food U Love, seier han og nikkar mot ein rikhaldig buffé.

I Food U Love lagar og sel innvandrarkvinner mat samtidig som dei lærer norsk og får fagopplæring. Denne dagen kan vi ete så mykje vi vil for 150 kroner. Når Nilsen tar over drifta av baren klokka åtte, blir prisen på ein halvliter eller eit glas vin attpåtil sett ned til 70 kroner.

– Det er eit viktig prinsipp, det at alle skal ha råd til ein øl. Vi skal ikkje tene noko på arrangementa våre. Eventuelle overskot går til velgjerande formål.

Gjer det sjølv

Nilsen skal stå på scena sjølv, med Lokal Politikk, etter blant anna Harald Punk og visesongar Ola Nordskar, men er meir opptatt av kveldens siste band, dei tre ten­åringane i Engage.

– Det er viktig å gi dei unge ei scene, seier han.

Ungdom i Horten har eit studio, 37, med utstyr dei kan bruke gratis, noko som er ganske unikt i Noreg. Men det er ikkje nok, meiner Nilsen. Dei bør få konsertstøtte, slik dei får i Sverige.

– Ungdom treng eit tilbod ved sida av fotball.

I Lokal Politikk syng – eller skrik – han om sosial nød, flukt frå krig, psykiatrien som sviktar, eller ineffektive politikarar som tener for godt. Dette er punk: ein antiautoritær, antikommersiell gjer-det-sjølv-ideologi der ein skyr den profesjonelle platebransjen og store plateselskap. I Horten har dei sitt eige: Horten Alternative Plateselskap.

– Eg kan uansett ikkje synge, understrekar Nilsen.

– Eg kan formidle, men eg har for sped stemme.

Lokal Politikks slagord høver her: Verda er ein vakker stad, men det kan andre synge om.

Idealisme/idiotisme

Nilsen er spesialpedagog og lærar på vidaregåande. Han har drive uteskule og vore «vaktmeister i norsk» for flyktningar. Når han i tillegg er engasjert i alt frå Horten MC-klubb til Tøyen Seilforening og har pondus, lue året rundt og store øyreringar, blir han gjenkjent overalt.

Sjølv skyr han sosiale medium, men ein kjapp sjekk avslører at han har blitt omtalt berre i Horten-avisa Gjengangeren minst 50 gonger, under overskrifter som «’Sjørøverkonge’ Roy Didrik Nilsen fikk hederspris» (fordi han har tatt med seg «alle barna på sjørøvertokt og håndtert dem på en eminent måte»), «Strid om Kanalrock» og «Vil ut av politikken».

Det var i 2010, då han sat i klima- og miljøutvalet for RV, at han søkte fritak etter å ha «mistet troen på de demokratiske prosessene», som journalisten skreiv.

– I kommunestyret skal ein ha eit tverrsnitt av befolkninga, men det finst kjøthovud der òg. Viss folk ikkje les sakspapir, til dømes, blir dei lett forførte av dei som har dette som fulltidsjobb. Då får Ap og Høgre viljen sin. Det blir ikkje noko reelt samarbeid, seier Nilsen.

– Kor har du fått engasjementet og idealismen frå?

– Idiotismen? Når eg står og vaskar etter ein konsert klokka fire om natta, har idealismen glidd over i idiotisme.

– Men er det arv eller miljø?

– Foreldra min var vel sosialistar og jobba dugnad, men engasjementet oppstod på ungdomsskulen, i lag med venner som eg heng med den dag i dag. I dag har vi råd til å betale 820 kroner for å sjå PJ Harvey, men det er nettopp det: Vi har tid og ressursar til å skape noko der vi bur. Her på Knut, til dømes, tilbyr Jonas Sørbye, som driv kafeen, ein konsertarena, og vi låner vekk utstyret vårt. Ein 15-åring har ikkje råd til å leige eit trommesett.

Han unner folk å kunne leve av musikken, understrekar han.

– Men punk tener få pengar på. Målet er å ha det moro.

Jokke-startskot

Det begynte i 1987, då Nilsen og eit par venner drøymde om å sjå Jokke og Valentinerne live. Sidan dei var 16 år og ikkje slapp inn, arrangerte dei like godt sin eigen konsert; Jokke og Valentinerne sa ja, og deretter kom dei kvart år.

Gutane skipa RRSH (Rock’n’roll Society of Horten), der mange band har oppstått, og i 1991 arrangerte dei ein heil festival, Kanalrock – ein grasrotfestival, fortel han.

Horten hadde alt ein festival, Hortensfestivalen, som hanka inn unike artistar, som Bob Marley i 1978, og snart gjorde Kanalrock det same, berre innan punk. Legender som Buzzcocks,
De Press, Sepultura og The Exploited har spelt her – utan luksuriøs oppvarting. I 1993, då blant anna Seigmen og So Much Hate stod på plakaten, kosta billetten 60 kroner.

Nilsen trekte seg etter kvart ut av Kanalrock.

– Det er ikkje vondt blod mellom oss. Eg tømmer enno doane der, som frivillig. Men eg nektar å drive punkfestival og ha 500.000 på bok.

50 kroner halvliteren

Då den gamle Kanalrock-scena «Haikjeften» blei skrota av HMS-årsaker, flytta Nilsen scena til ein båt- og verkstadhall han leigde av kommunen, og i 2019 starta han ein ny festival, Grinebiter’n, på «Haikjeften» – sur fordi Kanalrock var blitt for stor og kommersiell.

Dei klarte å arrangere festival under pandemien òg, men i år blei det halde gravøl fordi hallen skal rivast.

Det var gøy – og hardt arbeid – så lenge det varte.

– Målet var at folk skal få ei festivalhelg for under tusenlappen. Alle banda fekk 2000 kroner, pluss mat og ei seng. Enkelte måtte vi avvise fordi vi ikkje kunne gi dei 20.000 kroner og hotellrom. Første året fekk vi for så vidt eit bra overskot som vi ville gi til artistane, men det blei knapt 1000 kroner per band, og då sa dei: «Gi det til Blå Kors».

– Når halvliteren kostar 50 kroner, det same som på Kanalrock i 2008, drar du det langt.

– Det er ein evig dragkamp. Eg måtte gi meg her på Knut, på grunn av leigeutgiftene.

– 70 kroner er absurd billig, det òg.

– Ja, når folk får breiddfulle vinglas, så.

– Klarer du å la vere å berre flytte festivalen til ein annan stad?

– Nei. Det blir festival neste sommar òg. Foreløpig kallar vi han Furtepunk.

Dritdårleg vokalist

På Knut held Raudt-politikar Terje Randem ein flammande appell om situasjonen i Gaza og krig generelt, før Lokal Politikk skal framføre dei korte harde låtane sine.

Dei har ingen store ambisjonar, seier Nilsen.

– Det held at nokon lyttar til det vi seier, eller at ein eks græt til «Unnskyld», og at vaksne menn hiv boksaren sin opp på scena. Og så er det god hjernetrim i å hugse tekst. Forbanninga vår er at vi har måtta byte bassist oftare enn folk byter underbukse.

Den første flytta til Svalbard, den neste ville berre spele lokalt.

– Alf, som vi har no, er ikkje bassist, men ein av dei beste vokalistane vi har i sjangeren, mens vi har ein dritdårleg vokalist i meg, som kan spele bass.

Ei anna forbanning er at Nilsen er kompromisslaus og kan seie opp på dagen.

Det skriv kona, Cathrine, under på:

– Mannen er jo krigersk. Sjølv er eg konfliktsky, men av og til må eg sette grenser, seier ho.

– Eg og Eirik kan krangle så busta fyk, og vi toler det, men det kan vere krevjande for André og Alf. Alf orkar ikkje fleire kjærleiksbrot. Så no skal vi vere glade i kvarandre og vise det, seier Nilsen.

Olav H. Hauge

Eit bokstaveleg talt større kjærleiksprosjekt er Horten Alternative Mannskor, som vaks fram i dei gamle verkstadlokala der folk har pussa og mekka i årevis. Mange av songarane var med i den høgst inkluderande ballklubben Horten Alternative Trimklubb på 1990-talet, og slik ein kan spele fotball på løkka, kan ein synge på løkka, utan økonomisk støtte, sjølv om det blir kaldt og krunglete.

Nyleg heldt koret konsert med Matho, som lagar meditativ elektronika, i Tønsberg, og etter planen skal dei ha same konserten i ei kyrkje i Vestfold på torsdag.

– For enkelte av oss sit det langt inne, sukkar Nilsen.

Så lyser han opp igjen:

– Men du har vel høyrt om Olav H. Hauge-prosjektet vårt?

Det tok til på Grine­biter’n-gravølet: Nilsen samla dei ti beste gitaristane, i alderen 19–75, frå Horten, blant anna Knut Roppestad. Dei speler solo i sin sjanger, ein av dei beste trommeslagarane i landet, John Vooren, er òg med, og så les Nilsen og fire–fem andre dikt av Olav H. Hauge på sin eigen måte. Nilsen skrik, med andre ord.

No opptrer dei her og der, og sjølvsagt blir det plate.

Det blir vel som når han står på scena: Han travar att og fram i eitt.

– Korfor eg gjer det? Nei, eg klarer ikkje å tenke viss eg står stille.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis