Orkestral kanonsalutt
A-mollkonserten er 150 år. Gjennom dette verket heva Grieg statusen til den norske folkemusikken ved å lyfta han inn i ei klassisk form, meiner den tyske Grieg-eksperten Patrick Dinslage.
Edvard Grieg (1843–1907) måla av Eilif Peterssen i 1891.
Foto: Nasjonalmuseet
Edvard Grieg (1843–1907) måla av Eilif Peterssen i 1891.
Foto: Nasjonalmuseet
Klassisk musikk
sjurhabring@gmail.com
Edvard Grieg var ikkje redd for å tona flagg, og i opninga av Konsert for klaver og orkester i a-moll, op. 16, går han rett på sak. Utan noko orkesterforspel kjem ein personleg fanfare som får oss til å retta ryggen: ein dynamisk svulmande paukekvervel som endar med ein orkestral kanonsalutt. Or smellet stig klaverstemma, som slyngjer Griegs kjenningssignal, det såkalla «Grieg-motivet», nedover gjennom oktavane. Finst det ei meir særmerkt og effektfull opning på nokon klaverkonsert?
Ekstatisk applaus
Verknaden på publikum var der frå fyrste dag, under urframføringa i Casinos store sal i København 3. april 1869. Grieg sjølv var ikkje til stades. Men det var den danske dronninga og kronprinsen, og tonekunstnarar som Niels Wilhelm Gade, den viktigaste personlegdomen i dansk musikkliv på 1800-talet, og den verdskjende russiske pianisten Anton Rubinstein, grunnleggjaren av konservatoriet i St. Petersburg.
Sistnemnde hadde stilt sitt personlege flygel til rådvelde. På dette spelte norske Edmund Neupert, Nordens beste pianist på den tida, konserten for fyrste gong. Publikum kom i ekstase og gjorde noko som i dag blir sett på som mangel på kutyme: Dei klappa mellom satsane. Og ikkje berre mellom, også etter solokadensen i slutten av fyrste sats (det virtuose partiet som pianisten spelar åleine) braut applausen laus.
Griegs inntog
Griegs orkestrale kanonsalutt markerte òg starten på komponisten sitt inntog i konserthusa verda over, fortel den tyske Grieg-eksperten Patrick Dinslage. For på same vis som dei Lyriske stykka opna dørene til borgarskapets stover for Grieg, opna klaverkonserten dørene til konsertsalane – sidan den tid har stykket stått på repertoaret til dei fleste konsertpianistar.
Dinslage er direktør for Grieg-forskingssenteret ved Universitetet i Leipzig og har bakgrunn som professor ved Universität der Künste Berlin og som Grieg-forskar ved Universitetet i Bergen. Til Griegs 175-årsjubileum i fjor gav han ut boka Edvard Grieg und seine Zeit (Edvard Grieg og hans tid). Boka er ingen biografi, men greier ut om ulike sider ved komponisten, og a-mollkonserten har fått eit heilt kapittel.
Lukkeleg tid
– Patrick Dinslage, i kva for livsfase som menneske og kunstnar var Grieg då han komponerte konserten?
– I 1868 var Grieg 25 år og budde i Kristiania. Det var ei lukkeleg tid, for han og kona Nina hadde fått dottera Alexandra. Den sommaren drog dei til Danmark; mor og dotter budde hjå svigerforeldra i København, medan Edvard leigde eit rom på «Mothsgården» i Søllerød to mil nord for byen. Her kunne han arbeida i fred med konserten. Gjennom heile livet måtte han ha absolutt ro for å arbeida, han tolte ikkje eingong at Nina var i nærleiken medan han komponerte. Men Edmund Neupert, han som seinare urframførte verket, gav han tekniske råd med utforminga av klaverstemma.
– Grieg komponerte ikkje heile konserten i Søllerød, men laga utkastet til han. Arbeidet med instrumenteringa, altså fordelinga av musikken på dei ulike orkesterinstrumenta, tok han med seg til Kristiania. Dette førte til at urframføringa, som eigentleg skulle vera kring juletider i 1868, måtte forskyvast til april året etter.
Genial
– Kva er det som gjer a-mollkonserten så spesiell i dine augo?
– Stykket er kort og godt ein genistrek, særleg opningsdelen og den glimrande utviklinga av dei musikalske temaa. Og så blir eg fascinert av kva for toneartar han nyttar i dei tre satsane. Fyrste og siste sats går jo i a-moll, men den lyriske midtsatsen «Adagio» er i Dess-dur, som er svært fjernt frå a-moll. Eg trur Grieg har lært av Beethoven her, nærare bestemt av midtsatsen i den kjende «Appassionata»-klaversonaten hans. Den òg går i Dess-dur og har ein liknande svevande atmosfære.
Ambivalente klangar
– Du nemner her eit mogleg klassisk førebilete Grieg kan ha hatt. Men det blir gjerne sagt at a-mollkonserten har ein tydeleg «nordisk tone»?
– I konserten lukkast det Grieg å heva statusen til den norske folkemusikken ved å lyfta han inn i ei klassisk form. Formelt sett er jo konserten, med sine tre satsar etter mønsteret snøgg–langsam–snøgg, heilt tradisjonell.
– Dette med den nordiske tonen, eller «det griegske tonefallet», vier eg eit kapittel i boka mi. Han har med blandinga av mellomeuropeisk romantisk stil og norsk koloritt å gjera. Fargenyansane hjå Grieg kjem frå den norske folkemusikken. Og typisk for denne – Grieg påpeikte det sjølv – er at det kan vera vanskeleg å skjøna om han går i dur eller moll. Dette gjev klangane noko ambivalent.
– Nyttar Grieg ekte folkemusikk i konserten sin?
– Han siterer ikkje konkret folkemusikk note for note, men kopierer stilen, klangen og karakteren i han. Rytmane er jo ofte skikkeleg norske, særleg i den hallingliknande sistesatsen.
Blanda kritikk
A-mollkonserten var ein publikumssuksess frå fyrste stund. Karakteristisk nok var han i 1909 den fyrste klaverkonserten nokon gong som blei spelt inn på plate. Men mottakinga hjå musikkritikarane, særleg i Tyskland, var i fyrstninga blanda.
Ein av dei harskaste kritikarane var den austerrikske komponisten Hugo Wolff, som i 1885 omtalte verket på fylgjande måte: «Denne musikkliknande lyden er kan hende nok til å lulla brilleslangar i svevn eller å vekkja rytmiske kjensler i dresserte bjørnar – i konsertsalen duger han ikkje.»
– Kor tilfreds var Grieg sjølv med klaverkonserten sin?
– Særs nøgd. I eit brev frå 1889 nemner han «min Koncert, som er et af mine bedste Værker».
– Stykket er kort og godt ein genistrek, med glimrande utvikling av dei musikalske temaa.
Patrick Dinslage,
professor i musikkvitskap
Griegs a-mollkonsert
Heiter eigentleg Konsert for klaver og orkester i a-moll, op. 16
Er Griegs einaste fullførte klaverkonsert
Komponert i åra 1868 og 1869
Har tre satsar: «Allegro molto moderato», «Adagio» og «Allegro moderato molto e marcato»
Var den fyrste klaverkonserten nokosinne som blei spelt inn på plate