Margit Hjukse
Barndomens viseskattar:
«Margit Hjukse».
Trykk av Henrik Sørensen
Margit Hjukse
Hjukse den stoltaste gard i Sauherad var
Tidi fell meg so longe –
Stolt Margit var dottera oppå den gard.
Det er eg som ber sorgi so tunge.
Stolt Margit ho reidde seg til kyrkja å gå;
so tok ho den vegen til fjellet låg.
Og som ho no kom framom bergevegg,
kom bergekongen med sitt lange kvite skjegg.
Og bergekongen tokka på sylvforgylte stol:
«Set deg her, stolt Margit, og kvil din fot!»
Så gav han henne dei raude stakkar to
og lauv uti bringa og sylvspente sko.
Og gjentene tolv dei reidde hennar hår,
den trettande sette gullkruna på.
Så skjenkte han i – av den klåraste vin:
«Du take hornet og drikk, stolt Margit mi!»
No hev eg vore i berget i fjorten år;
no lengtar eg heim til min faders gård.
Stolt Margit ho gjekk den vegen så long;
men etter kom bergekongen med hov og med tong.
Eg meiner det er stolt Margit som eg hadde så kjær;
Å kjære mi dotter, å er du nå her?
No hev du vore borte i fjorten år,
Og me hev gråte for deg så mang ei tår
Så leidde han inn stolt Margit med glede og gråt;
så sette han henne i moder sin stol.
Men då kom bergekongen snøgt som eld:
«Kjem du kje heim att til borna i kveld?»
«Fare no vel då alle i min heim,
no kjem eg aldri til dikkon meir.»
Stolt Margit sette seg på gangaren grå.
Tidi fell meg so longe –
ho gret fleire tårer enn hesten hev hår.
Det er eg som ber sorgi so tunge.
Delvis frå: Eksterne lenkjer, «Margit Hjukse»
Balladedatabasen, Wikipedia
Lars Fykerud, felespelar frå Sauherad (1860–1902), levde seg sterkt inn i historia om Margit Hjukse og forma ein hugtakande lydarslått med tittelen «Margit Hjukse»,
kan Knut Buen fortelja.

Det eg visste om Margit Hjukse frå folkevisa, var at ho hadde vakse opp på garden Hjukse i Sauherad i Telemark – og at ho ein søndag gjekk åleine til kyrkje mot farens vilje. Brått stod ho inne i berget, der bergekongen ynskte henne velkomen på ein sylvforgylt stol og gav henne sølv i bringa og sylvspente sko mens tolv kvinner stelte håret og den trettande sette ei gullkrune på.
Kven ville ikkje drøyma om eit slikt første møte?
Eg har lurt på om visejenta Margit Hjukse hadde vore ei levande kvinne?
Svaret fekk eg uventa ein gong eg stod i ein butikk på Majorstua i Oslo.
– Kva er det du held på med nå, Åshild, spurde ei
framand kvinne på butikken eg nett var komen inn på.
– Eg er på leit etter Margit Hjukse, ho som brått vart bergteken ein søndag på veg til kyrkja, og som lèt seg lokka av alt det gode bergekongen baud henne av mat og drikke for å få henne til kone i berget sitt, sa eg.
– Så spennande! sa dama.
Ho hadde med seg ein skulegut som brått vart svært uroleg. Mor hans bad han ta det med ro, men guten gav seg ikkje.
Dermed fekk eg historia om lærarinna hans, som heitte Hjørdis Hjukse, og som hadde fortalt klassen at ho hadde vakse opp på same garden som Margit, og at ho som barn stadig kikka opp mot berget ho var sikker på at Margit vart teken inn i. Ja, ho visste òg kor døra inn til huldreheimen var, i hola ho såg i bergveggen, fortalde den ivrige guten.
Veka etter var den unge læraren Hjørdis og eg på veg til heimgarden hennar i Sauherad. Historia eg fekk høyra, fekk Margit til å stiga rett ut or folkevisa, til heimen sin. For langs den eine veggen stod skapet som Margit hadde fått av bestemor si. Skapet ber bokstavane TAS og SLD 1733, som står for Thorstein Andresson og Svanhaug Larsdotter.
Svanhaug var fødd på Hjukse i 1699 og gifta seg i 1726 med Thorstein. Son deira, Andres Thorsteinsson, som tok over Hjukse, er far til Margit, som nokon meiner er jenta i visa me syng om. Ho vart født i 1773 og gifte seg med Leiv Jonsson frå Graver i Lisleherad i 1799.
Hans Halvoren Holta var fødd i Sauherad i 1859. Han skreiv gards- og slektshistorie frå bygda si og var ein sentral person i Skien. Han fekk mellom anna i gang fylkesmuseet der i 1909. Han hevda òg at denne Margit var den rette.
– Og sjå på dørhella, sa Hjørdis og viste meg merket etter hestehoven til gangaren, hesten som Margit fekk ri på tilbake til berget den einaste gongen ho fekk lov av mannen å vitja heimgarden.
Det var etter fjorten år ho ein dag fekk høyra klangen frå kyrkjeklokkene i Bøherad og bad ektemannen inderleg om å få koma heim ein tur. Det skulle ho få, men berre for denne eine gongen, sa han.
Faren tok så glad imot henne og bad henne setja seg i stolen til mora. Det lika ikkje bergekongen, som var redd for at faren ville ha henne heime etter at mora var blitt borte, kanskje i sorg over dottera si.
Men bergekongen var onnig. Margit måtte ta eit tårevått farvel for siste gong og setja seg på gangaren tilbake til heimen sin i berget.
Åra gjekk, også i berget, og lengten etter heimbygda varte ved. Ein må tru at Margit var blitt ei gamal kvinne då ho på dødsleiet hadde ei bøn til mannen sin: å få koma i vigsla jord.
Han ville hjelpa henne og reiste til presten for å be om ei grav til kona.
Presten vart uroleg då han såg kven som stod der, og svara bergekongen slik:
«Jeg må tro at konen din må være datteren til selveste Tor Hjukse, hun som ble borte for mange år siden fordi hun ikke ville følge de rådene faren gav henne.»
Presten kom med manande ord og sa at kona hans måtte følgja det som stod i den heilage boka:
«Et øye som håner sin far og ikke lyder sin mor, skal ravnene ved bekken hakke ut og ørneungene spise opp. Hun har levd som en hedning og døde i berget som en hedning. Derfor må hun også bli begravet som en hedning.»
Slik lyder det i ein versjon av folkevisa, men ikkje i den levande soga.
På garden Hjukse får eg vita at Margit var yngst av fleire sysken, ei velhalden jente på storgarden, som den gong kunne fø mange kyr. Margit kunne fått kven ho ville ha, men på folkemunne seiest det at ho forelska seg i ein kar under sin stand frå Lisleherad, som då var ein del av Heddal. For det er her dei seinare har funne henne, innskriven i kyrkjeboka frå gravferda i 1855.
Kanskje var visa, som var omskriven av presten, salmediktaren og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad, berre eit skalkeskjul for skamma som fylgde med Margit, som hadde svikta slekta ved å gifta seg med ein mann familien ikkje fann god nok.
For slekta etter Margit er visa like spennande. Og forteljaren min, Hjørdis, er stolt over å vera i slekt med jenta som i si tid hadde mot til å bryta stengslene og fylgja kjærleiken. Men for dei som sat igjen på storgarden, kunne det sikkert jamstillast med å bli bergteken, tenkte ho.
Magnus Brostrup Landstad skreiv visa opp etter ei gamal kvinne i Hjartdal som kjende godt til segna og fortalde «fullt og fast» at ho var gått til på Hjukse, slik visa fortel.
Men det finst fleire, ja, over hundre variantar og teoriar om denne gamle folkevisa. Somme meiner at visa kom til Sauherad frå Sverige og kan reknast som ein variant av «Liti Kjersti og Bergekongen».
Ein historikar har funne eit anna foreldrepar.
Visa til Hjørdis skil seg ut ved at Margit ikkje kan gløyma heimen sin og det nære bandet til faren. Då ho kjem heim, leier han henne til den tomme stolen til mora, noko som kan tyda på at han ber henne bli husfrue på garden. Difor kjem også bergekongen raskt for å henta kona si heim.
Margit Hjukse høyrer til mellom dei balladane som har blitt populære og teke inn i moderne songbøker. Visa finst også på albumet Jygri frå 2002 av bandet Gåte, i form av rock.
Åshild Ulstrup
Åshild Ulstrup er journalist og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Justis- og bedredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i vandrehallen etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterte statsbudsjettet for 2025.
Foto: Javad Parsa / NTB
Reell politisatsing?
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
Sinnemeisterleg
Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.
Johanna Reine-Nilsen er songar, musikar og låtskrivar.
Foto:
Blå sirkel
Johanna Reine-Nilsen platedebuterer med eit sterkt album.
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.