JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Langt frå nedstemd

Good Time Charlie har halde koken i førti år. Nøkkelen ligg i bluesens natur: spel deg glad, men ikkje ta av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Good Time Charlie er – med klokka – Arle Hjelmeland (med turban), Morten Skage, Steinar Karlsen og Einar Olsson, her med ein Karmann.

Foto: Oddleiv Apneseth

8764
20231208
8764
20231208

Musikk

marita@dagogtid.no

Good Time Charlie er eit namn som liksom alltid har vore der, i alle fall om du liker blues, eller om du er vestlending. No har dei gitt ut plate nummer 12, Full Rulle, det fjerde i ei eiga rekke barneplater: Draumeblues og blåsus, Jubel og skrubbsår og Lakenskrekk.

– Vi tar ikkje lett på å lage musikk til barn. Barn veit kva dei liker og ikkje liker, og legg ikkje skjul på det, seier Arle Hjelmeland, navet i bandet, heime i Bergen etter to veker med skuleturné lenger nord i Vestland.

Etter å ha spelt minst 1000 konsertar for barn rundt om i landet, veit han kva som fungerer. Good Time Charlie har fått ord på seg for å engasjere. Samtidig er tekstane, som ofte er samfunnskritiske – eller vaksenkritiske – underhaldande for vaksne òg.

– Songane våre kan vere barnlege og morosame, men det kan ligge eit alvor i dei. «Gje meg litt ros», til dømes, handlar om einsemd, om korleis foreldre fort overser kva barn treng.

«Når pappa har fri, har han alltid lita tid», heiter det i «Ha’kje tida til meg».

«Mamma er på trening med ny tatovering.»

Slik barn ser det, er vi vaksne alltid på veg, og vi masar.

– Slikt vil vi belyse, men med glimt i auget, og det treffer, seier han.

Det er sant, skal vi tru kritikarane, som bruker ord som «bluesmagi», «overlegent», «fyrverkeri» og «boblende overskuddsprosjekt». «Dette har barn fortjent», skreiv Aftenposten.

Eit motsvar

Good Time Charlie blei til i 1982, i Bergen, då Hjelmeland, som er førdianar, var student. På den tida var det disco og synth som gjaldt, men fordi han tidleg hadde fått øyra opp for Janis Joplin, Savage Rose og Fleetwood Mac heime hos venner som hadde eldre søsken, kjøpte han mengder av blues- og soulplater.

– Den blå musikken gjorde noko med meg, minnest han.

Han spelte munnspel og kunne synge. Han deltok tidleg i talentkonkurransar, fekk opptre i lag med Salhuskvintetten, blant anna, og fekk møte mange artistar. Slik fekk han eit innblikk i korleis det var å vere kjend artist på turné, baksida av medaljen inkludert. Å bli kjendis drøymde han ikkje om. Og sjangeren han valde, var smal.

– Ein dag såg eg ein plakat der det stod: «Er du lei av disco, kom på Brann-kroen og hør på rock and roll og blues». Så då gjekk eg dit.

Han møtte Bård Ose, som spelte trommer, og saman med Øyvind Halvorsen på gitar og Lars Olav Grytli på bass danna dei band som spelte autentisk blues. Gammal, opphaveleg musikk.

– Vi ville vere eit motsvar til 80-talsmusikken, men òg til bluesrocken. Vi spelte meir rhythm and blues, utan at vi ville vere eit standard bluesband. Vi var selektive. Vi var sikkert meir nerdete enn vi skjønte, men det slo an.

Store mentorar

Etter ein litt trong start med ulike besetningar – det var trass alt få som spelte blues – nådde dei mange då dei begynte å turnere. Sjølv punkarar kom på konsertane; dei hadde ikkje minst tregrepsmusikken til felles, og ein heilt eigen klesstil.

Good Time Charlie var alltid velkledde, dei kom på TV, for dette kunne folk danse swing til, og dei blei lagde merke til internasjonalt. Då amerikanske bluesstjerner som Hubert Sumlin og Lowell Fulson turnerte i Noreg, var Good Time Charlie backingband.

– Det fanst ikkje betre mentorar, fortel Hjelmeland.

– Det beste var at dei verkeleg likte å spele med oss. Vi lytta og øvde mykje før vi møtte dei. Fulson sa, etter første konserten på Hulen i Bergen, at «desse kunne eg gått rett i studio med».

Good Time Charlie turnerte lenge og spelte ofte på utestader med konsertar for studentar.

– Men så kom technomusikken. Då var det slutt på å spele blues der.

Eitt band

Men dei gav seg ikkje. Hjelmeland gav seg ikkje. Då han – no i lag med Johnny Augland, Leif Korsnes og Per Fredriksen – endeleg platedebuterte med Comin’ Down with the Blues i 1995, uttrykte musikkmeldarane unison begeistring. «Good Time Charlie er Norges beste bluesband! Hele bandet er en nytelse, nå også på plate!», skreiv Stein Østbø i VG.

Deretter kom platene jamt tett til gode kritikkar, mens nye musikarar kom og gjekk. Med Ready to Rumble (2017) blei dei nominerte til Spellemannprisen for andre gong, då med to andre bandmedlemmer enn første gongen, med Mojo Energy (2008).

– Skal ein bli god, må ein spele mykje ute, og det passar ikkje alle. Folk har jobb, folk får familie, folk flyttar. Det som tel, er at vi skaper musikk og har det kjekt i lag.

Good Time Charlie går for å vere eit band som har plukka opp talent som får blomstre.

– Sjølv om sounden er den same, er platene våre svært forskjellige, nettopp fordi musikarane har fått rom til å utvikle sitt eige uttrykk. Dessutan er det viktig for meg at vi ikkje er Arle Hjelmeland og Good Time Charlie. Vi er Good Time Charlie.

Samtidig snakkar vi om ulike konstellasjonar. Den eine – Arle Hjelmeland, Steinar Karlsen, Morten Skage og Einar Olsson – har konsertar på skular, i barnehagar og på familiearrangement på dagtid, pluss at dei gjerne speler «vaksenblues» på kveldstid. Den andre består av dei som gav ut debutplata, i tillegg til Karlsen.

– Vi ville feire 25-årsjubileet til Comin’ Down with the Blues. Så sette pandemien ein stoppar for konsertane. Men i 2022 spelte vi på Fjordblues, og den same gamle energien var tilbake, så då held vi fram, vi òg, som eit sideprosjekt.

Jubelblues

Skulekonsertkonseptet oppstod i 1995, då Arle Hjelmeland og Johnny Augland søkte seg inn i Den kulturelle skulesekken (DKS), som dei følte var litt sidrumpa.

– Vi spelte boogie-woogie og rhythm and blues og blei snart sende rundt i landet. Barn liker rytme. Vi speler på ein urrytme som ligg i oss. Det er ein slags bluesmisjon, det å gi eit hint om at popmusikken ikkje oppstod i fjor. Mykje av det dei unge lyttar til, har utgangspunkt i bluesen.

Sidan 2013, då dei gav ut Draumeblues og blåsus som ei markering av Språkåret, har heile bandet reist rundt med det som fekk namnet Jubelblues, som jo er eit oksymoron. Bluesen, som er basert på blåtonar – dissonerande tonar – er per definisjon trist; dette er afrikansk-amerikansk folkemusikk som oppstod i Sørstatane, der folk song og spelte for å få eit avbrekk i ein vond kvardag.

– Bob Dylan sa det godt ein gong: I dag speler dei unge kvite blues for å komme seg inn i elendet. I utgangspunktet var det ein veg ut.

Jubelblues-songane byr på tull og tøys, men òg nerve, understrekar han. Det er ein balansegang som speglar seg i bandnamnet. Ein Good Time Charlie er ein jovial, spandabel type som liker fest og moro. Problemet er at han risikerer å sitte igjen aleine, sliten og ulykkeleg, når alle andre har gått vidare, som i den kjende songen til Danny O’Keefe, «Good Time Charlie’s got the blues».

Full rulle

«Eg har grubla veldig lenge på korfor nokon har det bra», syng Good Time Charlie i ein av songane på Full Rulle. «Korfor har eg det som meg, mens andre har det vondt?»

Vokalisten, Arle Hjelmeland, blei fødd inn i ein entreprenørfamilie. Han er utdanna bygningsingeniør og har ei genuin interesse for byggeskikk og restaurering.

– Men eg valde musikken, seier han.

Og som han har vore inne på, krev det entreprenørskap å drive eit band.

– I tida før og etter Comin’ down with the blues hadde vi opp mot 100 konsertar i året, organisert per brev og telefonkiosk. Vi sleit ut to orkesterbussar. Det var hardt arbeid.

– Hender det at du blir lei?

– Eg kan bli lei av organisering og administrasjon. I dag må eg skrive to søknader, følge opp den nye plata, planlegge nye spelejobbar og gjere etterarbeid etter turneen i november. Å spele er ein liten del av jobben. Men eg har aldri vore i nærleiken av å gi opp. Eg er heldig som har fått spele blues i så mange år.

Også i starten hadde dei eit nøkternt syn på det.

– Vi spelte i Norden, Tyskland og Belgia og fekk tilbod om å spele i USA, men det var aldri noko nederlag at vi ikkje kom oss dit. Å få god mottaking heime var ei drivkraft i seg sjølv. Eg er glad i den kreative prosessen. Særleg det å skrive og opptre for barn, og det på mi eiga dialekt, er givande.

Good Time Charlie lagar òg musikk- og aktivitetsbøker som følger med Jubelblues-platene, og dei held skrivekurs på ungdomsskular.

– Mange får auga opp for kor kjekt det er å leike med språket. I tillegg bidrar det til å auke respekten for nynorsk.

«Korfor er eg som eg er? Korfor gjer eg som eg gjer? Er andre slik som meg?», spør han i songen.

Han har blitt 65 år, han er far til tre – ei av dei er musikaren Thea Hjelmeland, som i motsetning til far sin har vunne spellemannprisane ho har blitt nominert til – og bestefar til tre. Kor mange han har spelt og skal spele for, er vanskeleg å seie. Sikkert hundretusen borgarar.

Fordi han held fast ved dette eine:

– Barn fortener det beste.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis