JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Kulturhus eller sensurhus, mangfald eller profil

Når ein av Skandinavias mest strøymde artistar vil spela i Sandnes, kan kulturhuset få auka eigeninntening, eit yngre publikum, breidd og mangfald. Men kulturhussjefen nektar han å koma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ringnes-Ronny.

Ringnes-Ronny.

Foto: Pressebilde Media Vision

Ringnes-Ronny.

Ringnes-Ronny.

Foto: Pressebilde Media Vision

11959
20210108
11959
20210108

Kultur

havard@dagogtid.no

Ein av Skandinavias mest populære artistar i 2020, Ringnes-Ronny, vert nekta å leiga scene i Sandnes kunst- og kulturhus, har fleire aviser meldt denne veka. Manager for artisten, Peder Benjamin Hagen, fortel til Dag og Tid at debutalbumet til Ringnes-Ronny kjem i januar, og at ein no førebur ein turné til hausten. Til Stavanger Aftenblad seier Hagen at artisten hans ser ut til å ha mange tilhengjarar i Sandnes, og at han difor vil halda ein konsert der.

– Me skal lansera ei splitter ny scene til hausten og har trong for å skapa eit heilskapleg program no i oppstarten. Me ynskjer å etablera ein kunstnarleg profil som er annleis enn den Ringnes-Ronny representerer, fortel kulturhussjef i Sandnes, Elisabeth Dahl, til Dag og Tid.

– Vert kunstnaren nekta leige på uviss tid?

– Som alle repertoarvegval vil sannsynlegvis også denne profilen verta endra og vidareutvikla etter kvart som me lærer meir om kva som fungerer, og kva slag opplevingar publikum ynskjer i åra framover. Ein skal dimed ikkje sjå bort frå at det kunstnarlege uttrykket til Ringnes-Ronny kan finna ein plass på ei av scenene våre i ein seinare sesong.

Offentleg finansiert

Ein Ringnes-Ronny-konsert kunne truleg ha bidrege med det som vantar i mange norske kulturhus, mellom anna i Sandnes: eigeninntening og unge publikummarar. 

– Det er rimeleg tøffe tider for kommunen, fortalde Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) til Dagsavisen i desember. Kommunen har ei arbeidsløyse på nær 5 prosent, og nedgang, ikkje auke som tidlegare, i skatteinntektene. Heile 1800 Sandnes-born lever under fattigdomsgrensa, ifylgje ein ideell organisasjon som deler ut mat og aktivitetsutstyr til borna, Hjerte for Sandnes – som årleg mottek 16.000 kroner i stønad frå ein hardt råka kommune.

Den kommunale stønaden til føretaket Sandnes kulturhus er meir enn tusen gonger så høg, 17 millionar kroner årleg. At eigeninnteninga frå billettsal og utleige berre er på fire millionar kroner, «betyr», ifylgje kommunen, «at kravet til egeninntjening i foretaket øker år for år».

Så kvifor takka nei til leige- og billettinntekter frå ein elska artist? Samla leigeinntekter frå ein Ringnes-Ronny-konsert i eit kulturhus vert anslått til om lag 75.000 kroner. Og viktigare i eit langsiktig perspektiv: Han ville ha fylt huset med unge som i dag sjeldan eller aldri kjem dit.

I tillegg til å auka rekrutteringa og eigeninnteninga ville konserten ha vore i tråd med det som Sandnes kommune har definert som dei to fremste hovudmåla til drifta av kulturhuset i planperioden 2020–2023: 1. «å tilby innbyggerne et mangfold av profesjonelle kulturytringer på nasjonalt og internasjonalt nivå», og 2. «å tilby et bredt publikum både kulturell og sosial møteplass».

For kulturhuset kunne konserten ha vore eit kinderegg av eit nøytralt utleigearrangement som oppfylte krava om meir ungdom, meir inntening og meir mangfald. Så kvifor setje i verk scenenekt? Kva er gale med artisten?

Milliardstraum

Når soga om det skandinaviske musikkåret 2020 ein gong vert skriven, kjem historikarane ikkje utanom Ringnes-Ronny. Då fjoråret enda, hadde songane hans vore spela meir enn ein kvart milliard gonger, i hovudsak i Noreg og Sverige, som om kvar einaste nordmann hadde strøymt ein av songane hans kvar einaste veke. Mest populær er han hjå unge kring 20 år. Det seier seg sjølv at tilstrøyminga til konsertane hans, når smitteverntiltaka tillèt det, vert stor.

Manager Hagen fortel:

– Songane hans har no vore strøymde kring 295 millionar gonger dersom ein tek med Spotify, YouTube og Apple Music. Eg har ikkje tal for TikTok, men der er det mykje.

– Kvifor ynskjer de å leiga nett kulturhuset i Sandnes? Finst det ikkje alternative spelestader i området?

– I dag ser me ingen andre høvelege scener i Sandnes for ein produksjon som dette. Alternativet vert å flytta konserten til ein annan by i regionen. 

Anonym

Kven er artisten? Ein kar i 30-åra, med skjegg og ølvom, som pratar og syng på både norsk og svensk, og som står fram anonymt med kunstnarnamnet Ringnes-Ronny og ein søppeldunk over hovudet. Som namnet hyser dunken ein referanse til øl: Augo på dunken er to krossar, som på ein drukken teikneseriefigur. Ein kvinneleg samarbeidspartnar har teke namnet Greta Tuborg. Ølreferansane strekar under at songane er festmusikk, om «å drekke og sjekke», i eit mevite brutalt språk.

Når han har valt å vera anonym, er det «ikke fordi jeg ikke er stolt av musikken min, men jeg vil ikke være kjendis», fortalde han til TV 2 i eit sjeldan intervju i juni i fjor.

Bygdemusikk

Då Ringnes-Ronny gav ut dei fyrste singlane i 2016, var det festsongar og russelåtar med rølpetekstar, dels på engelsk, dels på norsk, musikalsk prega av rap og hiphop. Songtittelen «Come Into My Bus» synte at han ville inn i russelåtbransjen og stå for ljodspor og allsong for russen det året. Men det store gjennombrotet kom ikkje då. Songen har framleis færre enn ein million Spotify-spelingar – pent, men ikkje meir. 

Kontrasten er stor til songane det siste året. No er tekstane på morsmål, og rap og hiphop er erstatta med svenskpop og dansebandmusikk. Sjølv definerer han sjangeren som danspønk – ein fusjon av festglad dansebandmusikk og rå, uskolert pønk. 

Både tekstar, musikkstil og visuell innpakking står i dag fram som meir reflektert. På fem år kan mykje henda ein ung mann. På fjernsyn før jol var søppeldunken erstatta av ein heildekkjande vikinghjelm (framleis med krossar som auge), truleg inspirert av ein ny song, «Valhalla».

Ein elles ordknapp artist uttala: 

– Eg kan seia at eg identifiserer meg med vikingtida. Eg har alltid hatt ei tiltrekking til den tida. Den største songen min i år er jo «Valhalla».

Teksten tek opp eit tungt tema, livet etter døden, men utan å mista festperspektivet, for livet etter døden vert ein fest, det òg, slik ein såg føre seg i norrøn tid. 

Alla kan ju fråga sig 

men ingen kan förstå:

När du stänger ögonen, 

vart kan vägen gå?

Men när min tid kommer 

så ska jag skratta med

För jag ska inte lugna mig, 

jag ska festa mer

Höj ditt glas, inget mas, 

bara evighet i kalas

Jag vill till Valhalla, 

Valhalla när jag dör

Før jol kom songen «Julia», der Ringnes-Ronny oppmodar ei jente med låg sjølvtillit om å tru på seg sjølv: «Ingen blir världens bästa i nånting på första dan/ Fuck va dom säger, ge de allt du har.» «Julia» vart meldt i VG, der den røynde kritikaren Tor Martin Bøe gav singelen terningkast fem. «Den maskerte representanten for bygdemusikkens renessanse», skreiv VG-meldaren, «har revidert konseptet fra ‘få se på rompa’ og enda mindre subtile saker til noe mer stuerent». Bøe avslutta: «Nydelig balansert mot en klingende vegg av italodisco. Dumt? Rånete? Nei, på ingen måte.» 

Gjev songar som «Julia» grunnlag for scenenekt i kulturhus finansierte av skattekronene til folk flest? Det er eit av spørsmåla Dag og Tid har stilt til nokre personar innan musikk og politikk. 

– Det liknar scenenekt

Musikkritikaren Tor Martin Bøe, som melde «Julia» i VG, seier:

– Eg er ingen tilhengjar av å problematisera «riktig» og «feil» kultur. Men eit offentleg finansiert, og i dette tilfellet eigd, kulturhus, skal fremja mangfald. Kva dette mangfaldet er, og kva kulturen er, må det enkelte kulturhuset finna ut av sjølv. I tilfellet Ringnes-Ronny trur eg kanskje ikkje dei som har teke avgjersla i kulturhuset, har sett seg inn i kva retning denne artisten flyttar seg.

Forfattaren og musikaren Tore Renberg frå Stavanger, nabobyen til Sandnes, har særs aktivt turnert kulturhusa i landet, mellom andre Sandnes kulturhus. Han seier:

– Om dei vel å utelata ein artist frå programmeringa si, skjønar eg sjølvsagt det, men å nekta å leiga ut lokalet, har eg ikkje høyrt om før. Utleige er rein butikk, ei teneste artisten kjøper. Nektar ein det, kan ein spørja seg om det er ei form for sensur. 

Han legg til:

– Kva eg tykkjer om russelåttekstar, er ei anna sak. Stundom har eg tenkt at no er grensa til Tore Renberg nådd, dette er tekstar eg ikkje vil dela med døtrene mine. 

– Kva med scenenekt frå eit kulturhus som er finansiert via skattesetelen?

– Grunnen til at dei kan seia nei, er pengane dei får frå det offentlege. Andre har ikkje råd til å takka nei. 

– Lyt eit offentlig finansiert ålmennkulturhus tenkje breitt?

– Jau, men dei lyt òg få høve til å utvikla ein eigen profil. Offentlege instansar kan ikkje blanda seg i programmeringa. Men eit ordskifte er bra. Som du skjønar, er eg tvisynt. Det er kult av Sandnes kulturhus å trekkja ei grense. Det er bra at bibelbeltet strammar inn, for å seia det slik. Men å nekta utleige, er prinsipielt særs problematisk. Det liknar scenenekt og sensur. 

Ordførar-tillit

Senterpartipolitikar Jan Bøhler, sjølv artist og utøvar av ei særs folkeleg musikkform, seier til Dag og Tid:

– Eg tykkjer det er viktig at offentleg finansiert kultur når ut til eit breitt og variert publikum. Då vert det vanskeleg å skjøna at dei ikkje ynskjer velkomen ein artist som har skapt ny interesse for bygdemusikken. 

Bøhler legg til:

– Men dei som definerer dette, og trekkjer eventuelle lærdommar, må sjølvsagt vera dei som styrer kulturhusa lokalt.

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak frå Ap, Bøhlers tidlegare parti, gjev støtte til kulturhussjef Elisabeth Dahl: 

– På prinsipielt grunnlag vil eg ikkje gå inn på einskildelement knytte til programplanlegginga og dei kunstnariske vala til kulturhuset, men som ordførar i Sandnes har eg tillit til at staben på Sandnes kunst- og kulturhus tek gode avgjerder for å gje publikum eit godt og variert program. Dei har det kunstnarlege ansvaret og har godt fagleg grunnlag for å avgjera kven som kan leiga seg inn på scenene i kulturhuset.

– I kva grad bør den offentlege finansieringa av eit ålment kulturhus bety at det kunstnarlege tilbodet vert breitt og ålment? 

– Kulturhuset har eit klart ansvar for å gje eit breitt og ålment tilgjengeleg kunstnarleg tilbod, seier ordføraren og legg til:

– Av di dette er eit veletablert kulturhus med godt besøk og gode tilbakemeldingar over mange år, har eg tillit til at kulturhussjefen og staben hennar er godt kvalifiserte til å vurdera kva for uttrykk som best vil fylla visjonen «Kvalitetsopplevingar i sentrum», slik at både breidd og nyskapande element vert tekne vare på. 

Frå kyrkje til kulturhus

Slik det sist på 1800-talet vart reist mange kyrkjer over heile landet, har det hundre år etter kome ei tilsvarande bylgje av kulturhus. I dag er 130 kulturhus, dei fleste av dei reiste dei siste tretti åra, medlem av interesseorganisasjonen Norske kulturhus. 

Parallellane er fleire. Som kyrkjene vert kulturhusa stort sett reiste og drivne med offentlege midlar. Og slik kyrkjene har sett grenser for kva slag tekstar og kulturuttrykk dei tillèt, gjer kulturhus det same.

I kyrkjene er det kyrkjelydsrådet og presten som har mandat til å programmera og sensurera. Kva eller kven er sensurinstans i den landsdekkjande lysløypa av kulturhus? Kvifor vert ein artist nekta å opptre? Kvifor får ikkje Ringnes-Ronny leiga konsertscene? Kjem det av eldre tekstar som ikkje held metoo-mål? Er sjølve festhaldninga feil? Vil ein ha hengehovudkultur der ein før hadde hengehovudkristendom? Er eit dionysisk kulturuttrykk mindre høgverdig enn eit apollinsk?

I ei tid då kunstnarleg profil og programmering vert polariserte og politiserte, treng me nok det ordskiftet som Tore Renberg etterlyser, om scenenekt og sensurmandat i offentleg finansierte verksemder, gjerne med interesseorganisasjonen Norske Kulturhus som initiativtakar. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Me ser ingen andre høvelege scener i Sandnes for ein konsert som denne.

Peder Benjamin Hagen, manager for Ringnes-Ronny

– Eg er tvisynt, men på eit vis er det kult at Sandnes kulturhus set ei grense.

Tore Renberg, forfattar, artist og rogalending

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis