Griegs draumeverd
Pianisten Håvad Gimse frå Kongsvinger er professor ved Noregs Musikkhøgskule og har framført a-mollkonserten mellom 150 og 200 gonger.
Foto: John Andresen
– Håvard Gimse, når framførte du a-mollkonserten fyrste gongen?
– Det var i Frimurerlogen i Trondheim saman med Midt-Trøndelag Orkesterforening. Eg var berre 15 år, så det må ha vore i byrjinga av 1980-åra. Sidan har eg vel framført han ein stad mellom 150 og 200 gonger i inn- og utland. Etterspørselen etter stykket er stor, for står det på programmet, fyllest som regel konsertsalane. Eg har opplevd at utanlandske orkester gjerne vil spela konserten med norsk solist, kan hende likar dei tanken på at ein av Griegs landsmenn sit ved flygelet.
– Kor vanskeleg er han å framføra?
– Teknisk sett er han ikkje mellom dei vanskelegaste. Klaverkonsertane til Bartók, og til dels dei til Prokofjev og Rakhmaninov, er meir vrine. Griegs konsert er jo relativt kort og har ikkje fullt så mange notar, for dei fleste pianistar er han ikkje noko større problem. Men det er ikkje mange som maktar å spela han verkeleg bra.
Grieg på sitt beste
– Er det vanskeleg å finna sin eigen vri, si personlege tolking av eit så ofte framført verk?
– I grunnen må ein jo freista å finna si eiga tolking uansett kva ein spelar. For oss som framfører konserten såpass ofte, blir det ein evig balansegang mellom truskap til notane og det å finna sin eigen veg.
– Korleis går du fram når du tolkar han?
– Det blir litt ulikt kvar gong. Somme parti må eg øva på før kvar bidige konsert, same kor godt eg kjenner stykket. Eg freistar til dømes å leggja vekt på ulike stemmer frå ei framføring til ei anna. Dette er ikkje så vanskeleg, for stykket er ungt og inspirert, det er Grieg på sitt beste.
– Mange av variasjonane i tolkingane mine blir til der og då på scenen. Dirigenten er viktig, og alt i opninga av fyrstesatsen skjønar eg vanlegvis kva retning han vil ha stykket i. Eg vil jo ikkje vera kameleon og fylgja dirigenten i eitt og alt, men eg blir påverka av han. Så freistar eg å leggja opp mi tolking slik at det kjem heilskapen til gode.
Anna djupn
– Kva vil du seia er typisk «griegsk» ved konserten?
– Melodiane er jo i folketonestil eller er bitar av ekte folketonar. Og så er det harmoniane, som Grieg kalla «mi draumeverd». Harmonikken er Griegs måte å måla musikken på, med ulike fargar. Slik oppstår den griegske grunnstemninga, som har noko melankolsk og er herleg lyrisk. Han har verkeleg sin eigen signatur; du treng berre høyra to–tre taktar for å skjøna at eit verk er av Grieg.
– Det blir gjerne sagt at konserten har ein folkloristisk karakter. Om ja, kva skil han frå andre klaverkonsertar i den tysk-romantiske tradisjonen, til dømes den i a-moll til Robert Schumann (1810–1856)?
– Grieg freistar ikkje å vera nokon annan enn den han er. Dei musikalske temaa i konserten er temmeleg avgrensa, slik som i folkemusikken. Etter at han har presentert eit tema, gjentek han det gjerne i ei anna instrumentgruppe, noko som gjer det lett for publikum å fylgja med. Andre komponistar i den romantiske tradisjonen «knar» gjerne meir på temaa, dei utviklar dei og lagar større overgangsparti. Griegs musikk er tilsynelatande enkel, difor meiner somme tyske musikarar at Schumanns konsert er djupare. Sjølv meiner eg at Grieg har ei anna djupn.
Skiftar kanal
– Kjem du på ei av dine framføringar av verket som du er spesielt nøgd med?
– Med Oslofilharmonien har eg hatt nokre fine. Men det er vanskeleg å seia, for når ein sit ein halvtime på scena og spelar, varierer kjenslene – nokre stader kjenner eg meg heilt til stades, og om eg gjer noko eg ikkje er nøgd med, blir eg sur i nokre sekund. Det hender at eg er særs nøgd med generalprøven og mindre nøgd med konserten. Dette hende meg nyss i Finland.
– Har du nokon gong blitt, eller vil du nokon gong bli lei a-mollkonserten?
– Førebels ikkje, og eg trur ikkje eg kjem til å bli lei av å spela han. Men å høyra på han? Om eg lyttar til radio og dei sender den rolege andresatsen, hender det at eg skiftar kanal.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.