Utanriks
Kunsten å tale Washington imot
Om europeiske leiarar er for forsiktige overfor Donald Trump, kan han oppfatte dei som ettergjevande, meiner tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik.
Demonstrantar i gatene i München i Tyskland dagen etter åtaket til USA mot presidenten i Venezuela.
Foto: Fariha Farooqui / Reuters / NTB
Truleg har ingen norsk statsminister vore sett under større press frå USA enn Kjell Magne Bondevik vart i mars 2003. Da ringde president George W. Bush sjølv for å få Noreg til å delta i den planlagde invasjonen av Irak. «Sorry, mister president», svarte Bondevik. Den norske regjeringa ville ikkje bli med på ein folkerettsstridig krig, sjølv om nokre av Høgre-statsrådane hadde hella mot at Noreg burde støtte amerikanarane. Det norske avslaget stod seg godt: Irak-krigen var bygd på falske påstandar om irakiske masseøydeleggingsvåpen.
No er verdssituasjonen ein annan. Donald Trump bryr seg ikkje med å sikre seg støtte frå allierte land før han bombar Venezuela eller Iran, han handlar på eiga hand. Men eitt spørsmål liknar på 2003: Kor tydeleg kan eller bør europeiske land protestere når USA tek seg til rette og bryt folkeretten?
Dag og Tid kontakta Kjell Magne Bondevik for å høyre meir om erfaringane hans med å stå opp mot ein amerikansk president.
Moral og politikk
– Kva avvegingar gjorde du da Bush ville få Noreg med på Irak-invasjonen?
– Det var på eine sida omsynet til kva eg tykte var politisk og moralsk rett, og på andre sida omsynet til vår mektigaste allierte. Det første var viktigast for meg. Eg kunne ikkje vere med på dette. USA var ikkje angripe av Irak, og krigen hadde ikkje noko mandat frå FN. Dermed var han ikkje i pakt med folkeretten, seier Bondevik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.