Leiar

Underdanige statsleiarar

Folk deltek i ein marsj der dei krev at Venezuelas avsette president Nicolás Maduro og kona hans, Cilia Flores, skal sleppast fri, etter at dei vart tekne til fange i ein amerikansk operasjon i hovudstaden 3. januar.
Publisert

Det er trist å vera vitne til dei mange unnvikande og halvhjarta kritikkane frå europeiske statsleiarar etter at Donald Trump og USA så eintydig har stått for eit grovt folkerettsbrot i Venezuela.

Verst er vel den britiske statsministeren Keir Starmer. Han har konsekvent nekta å svara på om USAs aksjon i Venezuela var folkerettsstridig. Ein skulle tru at ein som har vore direktør for den britiske påtalemakta og seinare advokat med menneskerettar som spesialområde, klarte å svara tydeleg på eit slikt spørsmål. Men nei, Starmer prata seg bort og insisterte på at han måtte ha meir informasjon fyrst.

Den norske offisielle utsegna frå Espen Barth Eide og Utanriksdepartementet var langt tydelegare. Men reaksjonen var likevel nedtona: «Den amerikanske intervensjonen i Venezuela er ikke i tråd med folkeretten», står det. «Ikke i tråd med», kvifor dette diplomatispråket? Intervensjonen var jo eit klart og tydeleg brot med folkeretten.

I tillegg legg Eide vekt på at Maduro-regimet manglar demokratisk legitimitet og har synt seg «stadig mer autoritært og står ansvarlig for omfattende menneskerettsbrudd». Ja, det er eit elendig og undertrykkjande regime. Men dei finst det jo mange av. Det vert uklart kva utanriksministeren vil med påpeikinga. Er intervensjonen likevel grei nok?

Så vil folk innvenda at ein må vera realistisk i utanrikspolitikken og diplomatisk andsynes ei stormakt som vi er avhengige av. Men den underdanige tonen som europeiske statsleiarar har drive med i snart eit år, med påfølgjande utdeling av fine gåver i Det kvite huset, fungerer ikkje andsynes Trump. Hjå den mannen er det heile gløymt dagen etter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement