Musikk

Biskopane ber om orsaking for uretten mot folkemusikken

Spelmann Hallvard Bjørgum har i mange år sagt at folkemusikken fortener ei orsaking for overgrep frå kyrkja. No har Bispemøtet kome Bjørgum til møtes.

Hallvard T. Bjørgum spelar på hardingfele framfor kapellet til Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno i Oslo. I tidlegare tider har fela og kyrkja vore sett på som mot­setnader.
Hallvard T. Bjørgum spelar på hardingfele framfor kapellet til Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno i Oslo. I tidlegare tider har fela og kyrkja vore sett på som mot­setnader.
Publisert

Vi byrjar denne artikkelen med diktet «Domedagsslåtten» av Kristian Stubseid:

«Å, om Vårherre eg spørje torde:/ Lær meg, du Gud, var det synd eg gjorde/ når sjeli fløygde med feleljom/ til ljuve rømder frå elegdom (dvs. elende).» Men spelmannen i diktet opplever ikkje å få godkjenning frå Vårherre på at musikken er av god natur: «Han lyfter fela til slag mot helle:/ Forbanna vere du, syndekjelde.»

Kristian Stubseid skreiv dette i 1920-åra, då han lytta på Knut Jonsson Heddi, som fortalde om eit liv i strid – der kunstnarkall stod imot fordomar. Det handlar om prestar som såg på slåttespel og felemusikk som «syndekjelde».

Heddi var ikkje den einaste som møtte motgang frå kyrkja. Det gjekk verre med Neri Gunsteinson Neset (1838–1883). Då han døydde i nokså ung alder, sette presten i Setesdal dødsfallet i direkte samband med syndig felespel. Dette sa Jacob von der Lippe Parelius Frost ved grava i juni 1883: «Herren gav ham en usedvanlig musikalsk evne – og hvad kunde ikke den være bleven, dersom den blev udviklet under heldige forhold. Men den misbrugte han i syndens tjeneste.»

Historia fortel om fleire namn, som Tarkjell Aslakson og Haddvår Ånundson. Det kjende verket Gamalt or Sætesdal av Johannes Skar inneheld tragiske skildringar om spelmenn. Neri Neset, som er skildra i dette verket, hadde heile tre «tilbakefall» til den syndige musikken, om vi no skal bruke språkbruken til prestane. Han angra seg og brende tre feler.

Den harde framferda til kyrkja valda altså ikkje berre tap av ein stor immateriell arv, men òg mange kostelege instrument. Som kjent er dei beste felene dei som har gått i arv frå generasjon til generasjon og overlevd mange spelmenn. Målarstykket med motiv av Lars Osa, kjend for den sosialrealistiske stilen sin, provar illgjerningane som bar til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement