Anne Grete Preus
(1957–2019)
Anne Grete Preus hausten 2009, då ho gav ut albumet Nesten alene.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
For to år sidan, då den fremste norske songteksten etter krigen vart kåra, orsaka juryen at det mellom tretti nominerte berre var fem skrivne av kvinner. Eldst av dei var «Når himmelen faller ned» av Anne Grete Preus, frå albumet Mosaikk (1998): «Det snør himmelsk korrekturlakk/ over feilstavet sommer.»
Ho dikta på eit uvant og skakt vis – ikkje flinkt og elegant, sjeldan poetisk eller banalt. Lyrikken hennar skilde seg frå songtekstar flest slik det nyveivprega tonespråket hennar skilde seg frå pop- og visemelodiar.
Det er nærliggjande å tenkja på teksten ho for ti år sidan skreiv om dauden, i songen «Der veien slutter (begynner horisonten)» (Nesten alene, 2009): «Jeg vet oppholdstillatelsen på kloden vår/ ikke alltid forlenges med ønsket antall år/ Men frykten blir aldri så krass/ for kommer døden hit har vi to byttet plass/ Da har jeg dratt tilbake dit jeg kom fra/ før jeg ble lagt ved døpefonten/ Der veien slutter begynner horisonten.»
Jens Bjørneboe
Av di ho gjekk føre, tok det tid for henne å finna ein veg. Som ung songar, skrivar og ytrevenstreaktivist i Veslefrikk, med albumdebut i 1978 på det AKP-prega og Forlaget Oktober-eigde plateselskapet Mai, nytta ho ei diktarrøyst som låg langt frå kven ho vart som vaksen.
Då utopistane laut reorientera seg i røynda etter revolusjonsåra, synte Preus eit sannare eg. Ikkje alle makta det. Avradikaliseringa hennar fann ein naturleg veg om den samstundes anarkistiske og kulturkonservative Jens Bjørneboe og dei Bertolt Brecht-inspirerte syngjespeltekstane hans, etter kvart lesedikta hans òg – fyrst i ei oppsetjing på Centralteatret, sidan på solodebutalbumet Fullmåne (1988). I arbeidet med Bjørneboe-lyrikken, mellom det beste i norsk songlyrikk, utvikla ho ei eiga røyst –?og ei vidare livsorientering.
På vegen vidare vart ho folkeeige med albumet Millimeter (1994), med 18 veker på VG-lista, tre spellemannprisar, 75.000 selde eksemplar og Morten Harket og Morten Abel som kordamer.
Walid al-Kubaisi
Politisk heldt ho fram med å vera, men som andre tidlegare Mai-artistar fjerna ho seg frå AKP-ideologien og orienterte seg mot ein vestleg kulturarv. I samtalar om Shakespeare og Ibsen – ho skreiv musikk til Fruen fra havet – var ho audmjuk og svolten slik berre ein utanforståande kan vera. Det var nok difor ho kjende seg så mykje att i ein opprørsk og europeisk orientert innvandrar som Walid al-Kubaisi.
No er båe borte. I gravferda til al-Kubaisi i august i fjor song ho sjukdomsmerkt «Walids sang», opningssongen på Nesten alene.
Sitter i parken ved Riddervolds plass
Med min nyeste venn
Jeg lytter og ler og blir tankefull
For jeg kjenner meg så godt igjen
Han kommer fra en annen verdensdel
Men vi to må være i slekt
For tankene våre er som nysgjerrige barn
Som bestandig har lekt
Bob Dylan
Nesten alene var dessutan eit attersyn med dei uføreseielege rebellane Jens Bjørneboe og Bob Dylan. «Fylt av min kjærlighet» var ei attdikting av Bob Dylans kjende kjærleikssong «To Make You Feel My Love» (Time Out of Mind, 1997). Då ho tolka teksten for Hans Olav Brenner i eit bokprogram i NRK Fjernsynet i 2012, om bord i ein Volvo Amazon, vart det som ei lågmælt og gripande preike: «Jeg mener sangen handler om Guds kjærlighet. Eller Jesu kjærlighet, rett og slett.» Preus avslutta: «At romantisk og guddommelig kjærlighet ikke er så lett å skille, sier noe om hvordan vi skal være mot hverandre og hvordan vi skal elske hverandre.»
Med songen og Bjørneboe-diktet «Ti bud til en ung mann som vil frem i verden» greip ho attende til den Bjørneboe-prega solodebuten i 1988. Truleg var det ikkje tilfeldig at ho denne gongen valde eit dikt som vart nytta av dei som såg på seg sjølve som opposisjonelle i 1970-åra, og som vert nytta av dei som ser på seg sjølve som opposisjonelle i dag.
Tenk alltid på hva folk vil si.
Og ta den sterkestes parti.
Og tviler du, så hold deg taus
til du ser hvem som får applaus.
Når norsk songlyrikk i dag i større grad er prega av kvinner som skriv uvant og skakt, går tankane til Anne Grete Preus.
HÅVARD REM
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.