Musikk i pandemitida
Koronakrisa kan ta livet av dyrebare konsertstader, men kan òg føre til ein sunn omstart for Musikk-Noreg, trur musikkskribent Audun Vinger.
Pandemien har fått fram kreativiteten hos mange artistar. Biletet er frå ein drive-in-konsert med hiphopgruppa Klovner i Kamp på ein parkeringsplass på Lillestrøm 1. april i år. Foto: Heiko Junge / NTB
Foto: Heiko Junge / NTB
Koronapandemien har teke kvelartak på kulturlivet. Artistane må sitje heime, jazzkafear og rockeklubbar er truga av konkurs. Kva Musikk-Noreg sit vi att med når pandemien ein dag er over? Det er ikkje sikkert det blir så verst, meiner Audun Vinger, som er musikkskribent og fast meldar i Dagens Næringsliv.
– Når det gjeld livemusikken, har koronapandemien gått mest ut over dei store arrangementa. Mange mindre og smalare konsertar har jo late seg gjennomføre, seier Vinger.
Gjennom mange år vart til dømes jazzfestivalane stadig større: større publikum, fleire artistar, større namn frå utlandet.
– Og mindre jazz.
– Ja, det òg. Arrangørane satsa på det store, og det gav mange ringverknader for lokalt næringsliv. Men det kunstnarlege vart ofte mindre viktig. Det er mogleg å sjå pandemien som ein sunn omstart, der arrangørar og musikarar må lære oppdraget sitt på nytt.
Attende til kjernen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.