JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Musikarflukt frå Trøndelag

I ti år har Trondheim Calling vist fram nye artistar for eit publikum. Festivalsjefen meiner dei artistane som vil etablere seg, flyktar frå Trøndelag. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thomas Ryjord meiner musikkmiljøet i Trøndelag er blitt meir mangfaldig.

Foto: Amanda Gerhardsen

2867
20200131
2867
20200131

Kvart år plukkar ein jury ut 25 uetablerte artistar som får spele under musikkfestivalen Trondheim Calling. Halvparten av dei kjem frå Midt-Noreg, og halvparten kjem frå resten av Noreg.

Thomas Ryjord, som er sjef for festivalen, meiner han har sett ei endring i musikkmiljøet i Trøndelag dei siste åra.

­– I samband med jubileet har vi sett tilbake på dei første festivalprogramma. Dei var mannsdominerte og prega av rock. I dag jobbar vi for ein kjønnsbalanse i programmet, og eg ser ein klar tendens til at fleire jenter er i front i musikkmiljøet. Dessutan driv folk med fleire ulike sjangrar no: elektronisk, jazz, pop og hiphop. Den yngre generasjonen bryr seg ikkje om sjangrar, berre om å lage musikk.

Ryjord meiner sjangeroverskridinga er ein global trend. At ho treffer i Trøndelag, trur han handlar om utdanningsinstitusjonane i regionen.

– Nord universitet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet trekker til seg mange kreative musikkstudentar, og regionen har vorte meir open for ulike uttrykk. Det synest eg er positivt, for vi må komme oss vidare frå trønderrocken på eit tidspunkt.

I ein kronikk i Adresseavisa nyleg kritiserte Ryjord lokalpolitikken i Trøndelag for å legge for mykje pengar på store arrangement. Han meiner lovande artistar flyttar til Bergen eller Oslo for å klare seg som musikarar.

– Når vi diskuterer kultur i Trondheim, snakkar vi stort sett om arrangement. Men arrangementa er siste del i ei næringskjede. Trondheim blir ikkje kjend fordi verdsstjerner kjem hit og speler konsertar. Eg skulle ønske politikarar ville bygge lokale talent frå dei er unge. Då trengst det eit støtteapparat, for i Trøndelag er det vanskeleg å gjere lidenskapen om til eit levebrød.

– Kva skil Trondheim frå for eksempel Bergen?

– I Bergen har dei støtteordningar for folk som er i oppstarten av karrieren. Det finst ikkje i Trondheim. Trondheim kommune gir ikkje støtte til band som skal turnere utanfor Trøndelag. Det dei brukar pengar på, skal gi avkastning med ein gong. Ein bygger store sluttledd. Det gjeld også Trondheim Calling, men vi gjer det med godt samvit, for vi løftar fram nye artistar.

Med Trondheim Calling meiner Ryjord at arrangørane har klart å lage ein nasjonal møteplass for musikk i Trondheim.

– Éi helg i året kjem brorparten av norsk musikkindustri hit. Dei ser trøndersk musikk på trønderske konsertscener. Det har skapt ein heimebanefordel, for artistane treng ikkje å reise til Oslo eller utlandet for å bli oppdaga. Ein annan effekt er at vi bygger sjølvtillit i unge artistar. Her er ein arena der dei kan spele eksperimentell musikk som ikkje får innpass på verken jazzfestivalar eller på dei store festivalane.

Emma Johnsen Rødli

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis