Møte med eit jaga folkEtter å ha budd i Romania i fem år, gir musikar Åsne Valland Nordli ut ei bok om

Etter å ha budd i Romania i fem år, gir musikar Åsne Valland Nordli ut ei bok om romfolk. – Vi nordmenn er ikkje vande med å få fattigdommen så tett på, og vi har godt av å bli konfronterte med det, seier ho.

– Vi har fått Romania til Noreg. Då blei det naturleg å skrive om møta eg har hatt med gatefolk, og om kvifor dei tiggar i Noreg, seier Åsne Valland Nordli.
– Vi har fått Romania til Noreg. Då blei det naturleg å skrive om møta eg har hatt med gatefolk, og om kvifor dei tiggar i Noreg, seier Åsne Valland Nordli.
Publisert

Det er som musikar vi kjenner henne best. Åsne Valland Nordli er fødd i Norheimsund i Hardanger, og starta med song og folketonar alt som ungjente. Ho lærte kveding og byrja å undervise ved Ole Bull-akademiet på Voss som 15-åring. Men det er debutboka hennar om romfolk som no gjer henne aktuell: 4. mai kjem boka Mine minste, so handlar om dei fem åra ho budde i Romania. Mellom 1998 og 2003 budde nemleg ho og familien hennar i Constanta i Romania, der dei hjelpte gatefolk og tiggarar. Så kvifor skrive boka først no?

– Fordi vi har fått Romania til Noreg. Eg får utruleg mange spørsmål frå folk som veit at eg har budd der. Er tiggarane på gata rumenarar eller romfolk? Kven er dei? Bør eg gje pengar? Mange er nysgjerrige. Då blei det naturleg å skrive om møta mine med gatefolk og om kvifor dei sit på gata og tiggar i Noreg.

– Ja, kvifor har vi eigentleg romfolk på gata?

– Det er ei lang historie. Etniske rumenarar er ofte høgt utdanna og har vanlege jobbar. Men mange av dei reiser til Vesten for å få eit betre liv, fordi løna i Romania er låg og prisane høge. Vanlege middelklassefolk kan slite med å få det til å gå rundt. Menneska vi møter på gata i Noreg, er romfolk. Rombefolkninga levde som slavar i Romania gjennom 500 år. Det ligg nok framleis ein arv der etter slavetida som påverkar korleis andre ser på dei som gruppe, seier Nordli.

– Ikkje rart dei er redde

Ho viser til historia frå 1300-talet, då romfolket kom til Romania og Balkan etter å ha vandra frå Nord-India gjennom Persia, Armenia og Konstantinopel. I Romania blei dei tatt som slavar og mishandla deretter. Først i 1860-åra blei folket frigjort, men så kom andre verdskrig og holocaust. Fleire tusen sigøynarar blei avretta i konsentrasjonsleirar. I kommunisttida fekk dei det betre, men etter revolusjonen i 1989, med overgang til marknadsøkonomi, har landet fått større klasseskilje der romfolk dominerer på botnen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement