Diktet
«Mosul, den forlatne byen, dryp ned overalt i form av små detaljar i diktet til Ali Hayder.»
Foto: Linda Bournane Engelberth / Aschehoug
Ali Hayder (f. 1967) er ein irakisk forfattar og journalist busett i Noreg. Som mange forfattarar i Noreg kom han hit gjennom den internasjonale fribyordninga, som gir tilflukt til forfølgde kunstnarar. Hayder har publisert både novelle- og diktsamlingar på arabisk.
Diktet nedanfor er henta frå den tospråklege norske utgivinga Lukta av svart (2021), sentrert rundt eksilerfaringa. Det er gjendikta av Hanna Bovim Bugge og Sherin A. Wahab, i samarbeid med Hayder.
I diktet tiltalar poeten seg sjølv – eller lesaren – i du-form. Du-et oppheld seg i minnet, er nesten overfløymt av det. Mosul, den forlatne byen, dryp ned overalt i form av små detaljar. Og når regnet kjem, rotar regnlukta til sjela. Det er ei treffande skildring av korleis luktesansen knyter seg til minnet: Lukt gir gjerne eit diffust, men kraftig blaff av fortid. Samtidig er det lukta som skil regnet i Mosul frå regnet her, som nettopp påstår at det ikkje er same regn, eller røynd.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.