JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordKultur

Ole Paus (1947–2023)

Songane til Ole Paus var ein sjeldan møtestad mellom gamal og ny tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein 24 år gamal Ole Paus i 1971, året han bokdebuterte med diktsamlinga Tekster fra en trapp, året etter albumdebuten Der ute – der inne.

Foto: Svein Hammerstad / NTB

4210
20231215
4210
20231215

Tysdag døydde forfattaren og komponisten, songaren og gitaristen, revyartisten og fjernsynsprogramleiaren Ole Christian Paus. Han var fødd 9. februar 1947 og voks opp i Oslo, Elverum og Trondheim. Far hans var austerrikskfødde Ole Paus, generalmajor og del av leiinga av Natos nordkommando. Mor hans var Else Corneliussen, som døydde då han var fire år gamal. Omsorgspersonar i oppveksten i Oslo var ei tante og ei fråskild farmor som med austerriksk-jødisk bakgrunn kom som flyktningar til Noreg i 1938.

Paus albumdebuterte som 23-åring med Der ute –?der inne (1970), bokdebuterte året etter med diktsamlinga Tekster fra en trapp (1971) og romandebuterte med Det går en narr gjennom byen med ringlende bjeller (1974).

Paus nådde heile landet, ikkje berre som rikskjendis, men som turnerande trubadur land og strand rundt. Etter Utøya-terroren i 2011 fekk han nasjonalskaldstatus med songen «Mitt lille land», opphavleg skriven som ein Ja til EU-song i folkerøystingsåret 1994.

Ikkje alle har vore merksame på at songane til Ole Paus heilt frå byrjinga av var ein sjeldan møtestad mellom gamal og ny tid. Ungdoms- og motkulturen kring 1970 kom med eit generasjonsbrot på mange plan, og i visegenerasjonen som Paus høyrde til, var det litterære medvitet i stor grad avgrensa til folkedikting, engelskspråkleg songlyrikk og politiske kampsongar.

Paus var eit unnatak. Farga av ei ungdomstid i riksmålsrørsla, og av personleg omgang med moderne tradisjonslyrikarar som André Bjerke og Jens Bjørneboe, vidareutvikla han ein lyrikk som var både litterær og musikalsk. Til skilnad frå jamaldrande forfattarar verdsette han det musikalske i lyrikken, og til skilnad frå jamaldrande musikkartistar verdsette han det litterære i songlyrikken.

Dette meisterstykket – som i norsk samanheng diverre var nokså eineståande –?var mogeleg av di Paus var meir enn ein sjølvakkompagnerande lyrikar eller ein musikkartist med heimesnikra tekstar. Heilt frå debuten eigde han særpreg og kvalitet både som lyrikar, melodikar, gitarist og vokalist.

Få her heime meistra alle fire felta, men utanlands gjorde Bob Dylan og Leonard Cohen det. Her skilte han seg frå dei to gudfar-Alf-ane hans: Prøysen dikta og framførte, men komponerte lite. Cranner komponerte og framførte, men dikta lite.

Som ei avis skreiv før albumdebuten til Paus i 1970: «Nå holder han på med innspillingen av en LP med 17 melodier og det skal visstnok være første gang at det blir gitt ut en plate i Norge der en og samme mann har forfattet tekstene og laget melodiene og spiller selv.»

I staden for å tonsetje til dømes Bjerke og Bjørneboe, slik visekollegaar gjorde, vidareutvikla han ei dikting i tradisjonen etter dei. Han kjende seg i slekt med ein dansknorsk tradisjon av skjemt, vidd og systemkritikk, frå Holberg og Wessel til Wergeland og Ibsen. Sistnemnde var han dessutan i biologisk slekt med.

Påverknaden kom òg frå den rike svenske visetradisjonen, bygd på eit fellesspråk skapt gjennom tidleg bibelomsetjing, nett som i dansk, tysk og engelsk, med ein bibelsk biletrikdom i sentrum –?som Paus kombinerte med ein urbanitet som var ny og frisk i norsk samanheng.

Med Ole Paus fekk Noreg sin fyrste singer-songwriter. I andre språkområde vart ein slik posisjon gjerne erobra av kunstnarar som fekk merkelappen røysta til ein generasjon, men i Noreg i 1970- og 1980-åra var ein slik plass stengd for ein ikkje-marxist. Paus vart tvinga inn i ei rolle som opposisjonell og såg ut til å finna seg til rette der.

Visesong åleine kunne ikkje brødfø han i det lille landet, og han laut oppsøkja andre og meir spektakulære uttrykksformer som revy og fjernsyn. Men heller ikkje desse kom som eit brot med tradisjonane han voks ut av. Førebilete som Prøysen, Bjerke og Bjørneboe hadde alle arbeidd innanfor liknande, publikumsvenlege uttrykk – som revy og syngjespel på fjernsyn og folkelege scenar.

Arven etter Paus er levande i musikken i dag. Han kom til å få uvanleg stor påverknad på artistar som slo gjennom i tiåra etter han, som Lars Lillo-Stenberg og Tønes.

Ole Paus hadde bak seg fire sambuar- og ekteskap, og lèt etter seg seks born.

Håvard Rem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis