JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MinneordKultur

Ivar Molde
(1949–2024)

Ivar Molde døydde 6. februar. Han var redaktør av det kristne nynorske bladet Stille Stunder i 21 år, fram til i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ørjan Brattetveit

Foto: Ørjan Brattetveit

4425
20240216
4425
20240216

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Ivar Molde voks opp på Dalsøyra i Gulen i Sogn, sør for inngangen til Sognefjorden. Eit område kjent for mange gardshus med vegger og vernemurar av gråstein til ly for nordavinden. Eit av dei best bevarte og finaste tuna med slike steinmura hus i Gulen er garden Molde, der Ivar voks opp.

Garden, som hadde fem kyr, nokre sauer, to griser og ein hest då Ivar Molde var liten, ligg i eit fallande landskap ned mot Eidsfjorden, med fritt og godt utsyn. Faren var bonde og snikkar. Mora bondekone og husmor. Ivar Molde likte gardsarbeidet. Han var odelsgut, hadde namnet til bestefaren og kjende at plikta til å overta garden tyngde. Men i tida på Sogndal gymnas vart det klart for han at han skulle verta prest.

Det hadde vore ei vekking i heimbygda i 1945, med bøn og sjelesorg på bedehuset i fleire veker og både mora og faren vart gripne og omvende. Ivar Molde voks såleis opp i ein heim der begge foreldra var aktivt med i Indremisjonen og Misjonssambandet, og han gjekk fast i bedehuset med faren som leiar av sundagsskulen. Både mora og faren fekk Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen.

Noregs minste stavkyrkje

Ivar Molde studerte ved Menighetsfakultetet i Oslo og vart sokneprest i Aurland i 1978. Eit prestesokn med fire kyrkjer i eit særprega landskap med bygder langs strendene i to fjordarmar utan vegsamband på den tida og fire dalføre opp frå fjorden til høgfjellet. For å koma til Undredal kyrkje, med 40 sitjeplassar, Noregs minste stavkyrkje som enno er i aktiv bruk, måtte han leiga eigen skyssbåt i all slags vêr. Mellom fjella kunne vinden ta godt tak i båten. Bakka kyrkje ligg òg særmerkt til ved Nærøyfjorden ut frå Gudvangen rett under Bakkanosi med sitt sugande og storslåtte utsyn.

Undredal kyrkje i Aurland.

Undredal kyrkje i Aurland.

Foto: Trond Tandberg / Scanpix / NTB

Seinare vart Ivar Molde stiftskapellan i Bergen under biskop Per Lønning, før han av kongen i statsråd i 1989 vart tilsett som residerande kapellan på Voss, seinare sokneprest i bygda med då åtte kyrkjer, bedehus og kapell. Den eldste, Vangskyrkja, er frå 1277, med eit ombygd altarskåp frå middelalderen som altartavle og bilete av krossfestinga etter ein kopi av Rubens. Frå den særprega døypefonten, halden oppe av ein kvitmåla dåpsengel som vert senka ned frå taket, har Ivar Molde døypt hundrevis av born.

Stod for ei tradisjonell line

I 1970-åra var Molde nestformann i Kristeleg Folkepartis Ungdom under Kjell Magne Bondevik og formann etter han. Han var òg politisk sekretær for Johan Skipnes i Korvald-regjeringa. Fiskarbondesonen Skipnes hadde vore formann i Indremisjonens Ungdomsforening og kjende Ivar Molde godt. Men Molde gav seg raskt i politikken til fordel for prestegjerninga. Han vart gift med Kari frå Oslo og fekk borna Ann-Kristin, Else-Berit og Hanne Marie.

Som prest stod han for ei tradisjonell line i ei brytingstid for kyrkja. Bibelsynet hans gjorde at han reserverte seg mot å via homofile, men han gjorde lite nummer av det. Han var klok og forstandig, hadde respekt for andre sitt syn, og den venlege og omtenksame veremåte hans gjorde at homofile likevel må ha kjent seg velkomne i kyrkja.

Redaktør-presten

Molde var redaktør av Stille Stunder frå 2003 til i dag. Bladet vart skipa i 1889 og er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut, etter Norsk Barneblad. Stiftar av bladet, presten Johannes Barstad i Volda, ivra for å halda landsmålungdomen borte frå tvilsame radikale blad og aviser.

Bladet er i dag eit kriste kulturblad med mange omtalar av salmar og songar, ikkje uventa, sidan Ivar Molde har vore aktiv i kyrkjesonglaget Bjørgvin. Dessutan har Stille Stunder frå oppstarten alltid prenta mange ny salmar. Både Blix, Hovden og redaktøren Barstad hadde fleire salmar på trykk, mange av dei også fyrstegongspubliseringar.

Under Ivar Molde som redaktør er opplaget dobla, og bladet har i dag over 3000 tingarar. Når eg møtte han ved ulike høve, ofte på Voss bokhandel, mora vi over at Stille Stunder med tid og stunder ville gå forbi Dag og Tid i opplag.

Årets vossing

Då Ivar Molde slutta som prest i 2016, vart han kåra til årets vossing i lokalavisa. Det var vel fortent. Han var godt likt og skapte høgtid i kvar forsamling med si trygge og verdige framferd. Han var ein som mange ville ha som prest både i dåp og i gravferd. Han gravla over 1500 menneske i si prestegjerning.

Svein Gjerdåker

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis