Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»
Hans Rotmo var ein flåkjefta rabulist og provokatør, skriv Audun Skjervøy.
Fantoft studentby i Bergen tidleg i 1980-åra: Vi hadde besøk av ein amerikanar på gangen i høgblokka, sat og høyrde på musikk, diskuterte og lanserte omgrepet trønderrock for gjesten. Vi spelte Prudence, Terje Tysland og Åge Åleksandersen for han. Og vi spelte dei ulike Hans Rotmo-konstellasjonane som hadde gitt ut plate fram til da: Vømmøl Spellmannslag, Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken og Heimevernslaget.
Gjesten vår var ikkje i tvil. Dersom noko skulle kallast trønderrock av det vi spelte for han, måtte det vere den heilt eigenarta sounden til dei gruppene Hans Rotmo stod i spissen for. «That’s something unique», sa han.
Banebrytande
Valldal 24. oktober 2024: Eg sit og jobbar på kontoret og tek den vanlege runden i dei digitale avisene. Brått dukkar ei melding opp: Hans Rotmo er død. Han sovna fredeleg inn etter lang tids kreftsjukdom.
Eg set på meg hovudtelefonane, leitar fram dei gamle platene (i ei strøymeteneste på nettet i den moderne tida vår) og begynner å spele dei. Tekstane sit framleis som eit skot. Eg syng med. Kjenner på vemodet, men samtidig på gleda over å ha blitt kjend med livsverket til ein banebrytande og briljant tekst- og melodikunstnar og for å ha fått vere med på ferda gjennom femti år – via Ola Uteligger, teaterstykke, bøker og til årets vømmølplate, Vømmøl kommune.
Trønderrocken
1. mai i år var det femti år sidan den første plata med Vømmøl Spellmannslag – Vømmøl’n – kom ut. Plata var banebrytande fordi ho skapte ein sjanger og skildra eit miljø som knapt hadde funnest i den norske populærmusikken tidlegare. Rotmo song på trøndersk, han mana fram typar som gav det trønderske omgrepet «inant og innful» nytt innhald, og han kopla lun humor med ein skarp og tydeleg politisk bodskap.
Det er vanskeleg å overvurdere den innverknaden Hans Rotmo har hatt på norsk populærmusikk. Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag. Han viste at det gjekk an å syngje på norsk og samtidig selje plater i bøtter og spann, hamne på hitlistene og servere landeplager til den eine radiostasjonen vi hadde. Dei to første vømmølplatene blei kommersielle suksessar – og også viktige for økonomien i plateselskapet MAI, der dei radikale og revolusjonære artistane song sine songar i 70-åra.
Da Prudence med Åge Aleksandersen og Terje Tysland gav ut si tredje plate, No. 3, i 1974, song dei på engelsk. Da dei gav ut den fjerde, Takk te dokk, i 1975 var alle tekstane på norsk.
Vømmøldalen
Den raude tråden i vømmøluniverset er spenninga mellom bygda og byen, mellom arbeidar og direktør, mellom bonde og byråkrat. Nesten mønstergyldig skapte Rotmo typar og miljø som nærast var arketypar for den politiske kampen som rådde i Noreg i 70-åra og utover.
Trådane er tydelege frå hitraopprøret, som Rotmo syng om i «Skattetoget», og opptrappingsvedtaket som gav bøndene nokre gode år på slutten av 1970-åra, til folkekomedien Bønder i solnedgang – om eit forgubba bondesamfunn i oppløysing. Mange oppfatta stykket som ein harselas med bønder og det jordbruksbaserte bygdesamfunnet, men det kan like mykje sjåast som ein satire over mislykka landbrukspolitikk.
Provokatøren
«I 1962 starta æ og tri kamerata band oppi dalen, Valley Boys, og skræmt vættet av bøndra. Foreldra min som dreiv landhandel sa: Du må slut med denn’ tullet Hans! Men æ fløtta på hybel på Levanger og gikk i opposisjon med loddebolt, kassettspællar og fastmontert bassanlegg.» Dette skriv Rotmo sjølv i boka Tekstforfattaren frå 1993.
I opposisjon har vel Hans Rotmo vore – på godt og vondt – sidan ungdomsdagane og heilt til det siste. På godt fordi han etterlèt seg ein song- og kulturskatt med treffande og skarp samfunnssatire som kjem til å leve langt inn i framtida, og mykje lenger enn oss som sit og mimrar i dag. Det vonde fordi han også kunne trampe hardt og brutalt uti med programmatiske tekstar og med ein sleivete og trøndersk flåkjeft der orda ramma hardare og på ein annan måte enn tiltenkt.
Men kven andre enn Hans Rotmo kunne skape songar som har fått sjølv borgarskap og arge kapitalistar til å vere med og stemme i:
Da e det opp te dæ og mæ
ka lei allting ska ta
og hugs på det som
Lenin og Marx og Mao sa:
De e itjnå som kjem tå sæ sjøl
Takk, Hans Rotmo, og far vel.
Audun Skjervøy
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB