Minneord om Helge Bergo

Han kjempa for jordbruket som bygdenæring.

Publisert Sist oppdatert

Om somme vert det sagt at dei er «heil ved». For gardbrukaren Helge Bergo frå Øvre Eksingedalen i Hordaland held ikkje det. Han var som ei furu med al tvers gjennom, frå inst til ytst og frå rot til topp. Helge døydde 30. juli, godt over 96 år gamal.

Eg har ikkje møtt nokon andre med så klåre, skarpe og godt formulerte meiningar som Helge. Han stod for verdiar han kjempa for, i møte, i forhandlingar og gjennom bøker, artiklar og tallause avisinnlegg. Helge kjempa for at norsk landbruk skulle vere ei bygdenæring som nytta lokale, sjølvfornyande ressursar. Synsmåtane hans kan gå rett inn i ordskifte i dag, om berekraft og langsiktig ressursforvaltning. Eit av kapitla i boka Norsk jordbruk – ei økonomisk slagmark, som han gav ut i 1976, heiter då også «Myten om det berekraftige jordbruket». Han kjempa for å hindre industrialiseringa av norsk jordbruk, der det vart plass for stendig færre menneske i næringa og på bygdene, og på same tid nedgang i dyrka areal og beiteareal. No veit vi at det vart slik. Vi har ikkje eit berekraftig landbruk.

Helge vaks opp med arbeid frå tidleg morgon til seint på kveld, og han var i tvil om han skulle bli gardbrukar.

– Men eg er sjeleglad for at det laga seg slik at eg ikkje kom inn i noko anna. Eg er bunden av jord og tradisjon. Det er ikkje mogleg å slite banda. Eg hadde teke skade om eg hadde gjort det, sa han i eit intervju eg hadde med han i 1990.

Helge gjekk to år på landbruksskule og var elles sjølvlærd. Dei teoretiske kunnskapane fekk han gjennom fag- og skjønnlitteratur. Og gjennom deltaking i organisasjonsarbeid og kontakt med mykje folk kring i heile landet. Dei gongene eg møtte han, var han svært godt orientert om både dei dagsaktuelle hendingane og dei store, prinsipielle ordskifta som gjekk føre seg, både lokalt og i verda.

Helge såg på seg sjølv som «uhyggeleg konservativ».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement