JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Millom Graner

Olav Gullvåg skreiv dette om Astrid Langjord: Det er noko wergelandsk ved henne. «Wergelandsk» er eit ord eg ikkje ville teke i min munn, men diktet attmed er eit framifrå dikt om vanskeleg kjærleik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Coldevin, Mosjøen.

Coldevin, Mosjøen.

2647
20210806

MILLOM GRANER

Bleik og blid ho ligg og skin,

bygda mi, i brudelin.

Let att augo lange stunder,

drøymer søtt um livsens under.

Månestråler leiter veg

millom graner inn til meg.

Måneljos og stjerneskin.

Skogen myrk og mosen fin.

Kvite stjerner for din fot.

Åsus i ditt unge blod.

Eventyret djupt der inne.

Den som v å g ar, han skal vinne! –

Vakker-glunt så fus og fegen,

trø ‘kje utum ålmannsvegen!

Dalen min er myrk og djup,

høge gråberg, svarte stup.

Vil du verna deg mot s å r,

Gang den veg «dei andre» går. –  –

Og moralen må du hugsa:

Alltid knivkvass press i buksa!

Astrid Langjord

2647
20210806

MILLOM GRANER

Bleik og blid ho ligg og skin,

bygda mi, i brudelin.

Let att augo lange stunder,

drøymer søtt um livsens under.

Månestråler leiter veg

millom graner inn til meg.

Måneljos og stjerneskin.

Skogen myrk og mosen fin.

Kvite stjerner for din fot.

Åsus i ditt unge blod.

Eventyret djupt der inne.

Den som v å g ar, han skal vinne! –

Vakker-glunt så fus og fegen,

trø ‘kje utum ålmannsvegen!

Dalen min er myrk og djup,

høge gråberg, svarte stup.

Vil du verna deg mot s å r,

Gang den veg «dei andre» går. –  –

Og moralen må du hugsa:

Alltid knivkvass press i buksa!

Astrid Langjord

Helgelendingen Astrid Langjord (1885–1956) er typisk for sin generasjon. Ho fekk danninga si på Vefsn Folkehøgskole. Eit års skulegang var nok til eit norskdomsengasjement som varte heile livet. Langjord var formann i nemnda som granska gamal kledebunad på Helgeland. Det er mellom andre takk vere henne vi har den fine nordlandsbunaden. I 1949 var Langjord dessutan den fyrste kvinna som sat i styret i Noregs Mållag.

Langjord skreiv to diktsamlingar, «Flyg, mine fuglar» (1951) og «Ei lita jente gøymer seg» (1956). Diktet attmed er frå den fyrste boka. Ho skreiv òg prosatekstar for ulike målblad og var kjend for den modige feministiske røysta si.

Kvinna står òg sentralt i dette diktet. Dei to fyrste strofene er harmoniske, men løyndomsfulle. Jenta er som den mørke, vene skogen. Ordet brudelin varslar draum om giftemål. Den prinsen som «vågar» seg inn, vil vinne henne. Men siste strofa fører inn eit taktskifte. No er det bygdesnakket som fører ordet. Den vene guten i bygda må passe seg for henne, ho er «mørk og djup».

Vi får assosiasjonar til Arne Garborgs «Haugtussa» – diktverket om annleisjenta i ei lita bygd der konformiteten dominerer. Liksom i «Haugtussa» vågar «vakker-glunten» ikkje vera i lag med henne, han skal jo ikkje trø «utum ålmannsvegen». Den harde konformiteten i bygdesamfunnet blir uttrykt effektivt gjennom den siste, beint ut modernistiske verslina: «knivkvass press i buksa». Vi ser føre oss menn i urbane 1920-talsbusker.

Det er freistande å lesa diktet som eit sjølvportrett av ei kunstnarsjel. Langjord hadde sjølv ei dramatisk livssoge. Far hennar døydde ung. Ho, mora og systrene måtte flytte til ein annan gard for å livberge seg. Ho gifte seg 19 år gamal med den 20 år eldre onkelen som kom frå Amerika, der han hadde vore gullgravar. Det er med andre ord ei soge som er verd ein biografi.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis