JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Merka at skrivelysta ikkje er borte

Etter ti års pause skriv Jon Fosse dramatikk att. Det nye stykket får urpremiere på Fosse-festivalen i 2021.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 – Alt eg har skrive, heng saman, og alt liknar, og alt er ulikt, seier Jon Fosse.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK / NTB scanpix

5041
20190621
5041
20190621

Dramatikk

janh@landro.bergen.no

Dei siste åra har Jon Fosse, som sist laurdag fekk diplomet på at han er blitt æresprofessor ved Shanghai Theatre Academy, vore oppteken med den såkalla Septologien sin. Det er eit stort prosaverk, som opphavleg var på 1500 sider, men kjem i fleire band på om lag 1250 sider til saman. Under tittelen Det andre namnet kjem Septologien I­–II ut i Noreg, Tyskland, England og nokre andre land i september. Då arbeidet var fullført, kjende Fosse seg slett ikkje tom:

– Eg pusta letta ut over at eg var komen i mål. Samstundes var ikkje skrivelysta borte, og eg tenkte at eg kanskje etter gammalt skulle prøva å skriva eit stykke. Det gjorde eg. Og det gjekk leikande lett, omtrent som då eg i si tid skreiv Nokon kjem til å kome. Og heilt utan den motstanden eg merka då eg skreiv somme av dei seinaste stykka mine, og aller mest då eg skreiv Desse auga.

«Scenisk dikt»

Sterk vind, som er tittelen på det nye stykket, har du kalla eit «scenisk dikt». Kva ligg i det?

– Det kjendest rett å kalla det for eit scenisk dikt. Eg kunne ha kalla det for berre «skodespel», men scenisk dikt kjendest rettare.

– All den tid stykket kjem i kjølvatnet av Septologien, er det kanskje også tematisk eller på anna vis nærskyldt dette prosaverket?

– Eg har vanskar med å sjå likskapar, men dei er der nok, kanskje i den noko vridne «logikken», eller i dei draumevorne vendingane, for ikkje å seia i det marerittlike. Elles er det vel hovudsakleg kontrasten som er iaugefallande: den temmeleg lange romanen og dette heller korte stykket. Og slik ynskte eg nok at det skulle vera. At denne kontrasten skulle vera så stor. Eg ynskte heller ikkje å koma tilbake som dramatikar med noko stort og mektig noko, liksom.

Alt eg har skrive, heng saman, og alt liknar, og alt er ulikt. Det er tydeleg nok eg som har skrive Sterk vind, men samstundes er det noko nytt der, det merkar eg i alle fall tydeleg sjølv. Det har både med refleksjonen i stykket å gjera, og med, ja, det marerittvorne preget til stykket.

Ein meir poetisk Fosse

Teatersjef Erik Ulfsby seier seg svært glad for at Det Norske Teatret får ha urpremieren på eit nytt Fosse-stykke. Han karakteriserer Sterk vind som «umiskjenneleg Fosse», men eit stykke som tydelegare enn før i dramaproduksjonen hans får fram den poetiske sida ved forfattaren.

Han fortel at teateret har som ambisjon å laga ein Fosse-festival annakvart år, dei åra det ikkje er Ibsen-festival på Nationaltheatret. Han legg til at Jon Fosse ikkje ynskte premieren på den Fosse-festivalen som går av stabelen no i haust, i september i høve forfattarens 60-årsdag. Dermed baud neste festival seg fram som eit naturleg premieretidspunkt, der vil stykket få ein sentral plass. Og dramatikaren sjølv forsikrar at ingen andre vil få høve til å spela stykket før den tid. I og med at premieren ligg så langt fram i tid, har ikkje Ulfsby teke stilling til kven som skal ha regien, og kven som skal spela dei tre rollene i stykket.

Fosse legg til at sjølv om han skulle skriva eit nytt stykke før Sterk vind får urpremiere, tvilar han på om det kjem til å få urpremiere tidlegare.

– Mykje i stykket ditt er attkjennande Fosse. Ser du sjølv at det representerer ei utvikling vidare i forfattarskapen?

– Ja. Det var ei heilt ny oppleving å skriva dette stykket. Og det heng saman med sjølve teksten. Det skjedde noko nytt då eg skreiv han.

– Kan vi venta meir dramatikk frå di hand?

– For tida lurer eg på om eg i framtida skal skriva meir eller mindre enn eg har gjort til no. Eg hallar vel mot det fyrste, at eg skal skriva meir. Det blir ganske sikkert meir prosa, og høgst sannsynleg også meir dramatikk. Men det blir nok mykje lenger mellom kvart stykke enn då eg hadde den «dramatiske raptusen» min.

Ut på fransk

– Om det blir meir stykkeskriving, held du då likevel fast på at du ikkje vil skriva fleire «tingingsverk» for norske eller utanlandske teater?

– Det meste eg har skrive, er tingingsverk. Men på den måten at eit teater har bede meg om å skriva eit stykke, noko eg har takka ja til. Og når eg så hadde eit stykke ferdig, ja, så sende eg det til teateret. Meir har det ikkje lege i det. Med to unnatak: Då eg skreiv Barnet, ynskte Nationaltheatret at eg skulle skriva i ein slags samtale med Brand. Det stykket vart i si tid skrive til Ibsen-festivalen. Og då eg skreiv det stykket som vart heitande Varmt, ynskte Deutsches Theater at eg skulle skriva i forhold til Faust.

Fosse fortel at det kjem ut ein antologi på fransk til hausten med nokre av stykka hans, der Sterk vind etter planen skulle vera med. Men no ynskjer det franske forlaget å gje dette ut separat noko seinare, og som eiga bok, for å markera avstanden i tid til dei andre stykka. Om det blir utgjeving før eller etter urpremieren på Sterk vind, veit han ikkje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– For tida lurer eg på om eg i framtida skal skriva meir eller mindre enn eg har gjort til no.

Jon Fosse

Emneknaggar

Fleire artiklar

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Mangel på personell kan bremse Forsvaret

Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.

Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.

Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Slaktar skular med sparekniv

Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.

Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.

Alle foto: Håvard Rem

ReportasjeFeature
Håvard Rem

Sekstiåttarkryptonitten

SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur

Ei ekstremt brutal historie

Med den monumentale boka Sjøfareren. En reise gjennom Portugals tapte imperium har Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis