Bok

Mellom begjær og normer

Det finst inga sanning. Kvar har si sanning, men ingen har rett. Med det som utgangspunkt skreiv norsk-samisk-danske Maren Uthaug ein nøktern, men likevel skakande roman.

Maren Uthaug er forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Maren Uthaug er forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Publisert

Ved hjelp av eit krevjande kompositorisk grep der dei tre sentrale personane får komme til orde, kvar for seg, står Der det finst fuglar fram som ein illustrasjon på kor ulikt den såkalla røyndommen kan arte seg for personar som har opplevd det same. I desse dagar ligg romanen føre på norsk.

Maren Uthaug visste alt frå byrjinga at ho ville ha fleire ulike perspektiv på hendingane, men innsåg òg at ho som forfattar hadde gitt seg sjølv ei vanskeleg oppgåve.

– Det var som å løyse ein sudoku kvar dag. Dei tre delane med kvar sitt perspektiv skal passe saman heile tida, du kan ikkje skrive noko i del to som øydelegg for ein av dei andre. Så er det også slik at måten personane agerer på i éin del, må gi meining i dei andre delane. Stadig måtte eg tilbake og justere historia.

Personane har alle ulike motiv, som fargar situasjonen, men som dei ikkje vil vedkjenne seg. Dei er med i det sosiale spelet, der det dei seier, er «sant», men det får ein annan verdi i øyro til dei andre.

– I sum gir dei ulike perspektiva eit meir komplett, men også langt meir komplekst bilete av livet på fyret og i bygda?

­– Slik er jo livet. For å gjere historia meir intens har eg plassert personane på eit fyr, tett innpå kvarandre. Fordi det skulle finnast menneske på fyret, måtte eg leggje handlinga til ei tid før automatiseringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement