Kunst

Meir frodige enn rastlause

Ludvig Karsten (1876–1926) er mykje meir enn ein kunstnarmyte. Han er ein målar av rang.

Utsnitt av «Terrassen på Julebæk», 1917, Ystads Konstmuseum.
Publisert

Det verkar som om målaren Ludvik Karsten var litt av eit fyrverkeri, og lunta var kort. Han gjekk slett ikkje av vegen for ein real krangel, om det så var sjølvaste Edvard Munch han stod framføre. Når han også enda livet med å ramle ned ei trapp i eit parisisk hotell etter ein fuktig kveld, ja, så er kunstnarmyta fylt opp til randa.

Gjennom åra har eg sett mykje på dei få verka av Karsten som har vore stilte ut ved dei større samlingsutstillingane i landet. Desto meir gledeleg å få sjå ei slik stor mønstring av kunstnarskapet.

70 verk

Dette er ei retteleg godt samansett utstilling. Heile 70 verk er samla inn frå kunstsamlingar, så vel som innlån frå privatpersonar. Svært mange av verka har eg aldri sett tidlegare. Det er særs gjevande å sjå så mange verk av kunstnaren på same tid. Såleis får dei besøkande eit unikt høve til å retteleg vere kjende med breidda i kunstnarskapet til Karsten. Katalogen er fylt med bilde og interessante og lettlesne fagtekstar, eit kjøp dei besøkande slett ikkje vil angre på.

Underleg opning

Eg stussar likevel over bildet som opnar utstillinga, eit heilportrett frå 1906. Her ser Dagmar, ei av søstrene til kunstnaren, strengt mot oss. Det maskeaktig utforma ansiktet møter blikket vårt, utan å eigentleg gje så mykje attende. Dette er kanskje det verket som ikkje seier meg minst av alle som vert viste fram. Måleriet er ikkje spesielt interessant i målarstilen, heller ikkje i komposisjon og uttrykk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement