Bok
Måtte tilbake
– Eg måtte sjå Farc-folka i augo. Difor reiste eg inn i jungelen då geriljaen leverte inn våpena i fjor, fortel Sigrun Slapgard.
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard då ho møtte att kjende i Las Vueltas i El Salvador.
Foto: Privat
Tidlegare har ho skrive biografiar, romanar og dokumentarbok. Ho har arbeidd i utanriksredaksjonen i NRK i mange år, men sa opp i fjor for å skriva på heiltid. No ligg Eg har sett jaguaren, med undertittelen «Latinamerikanske historier» på bordet.
– I mayamytologien er jaguaren tvisynt, med kontakt med underverda. Dei seier ein må ta på seg maska til jaguaren for å overleva i jungelen.
Det har tatt tid å få ferdig boka, som handlar om menneske som vil gjere noko for andre.
– Det er fleire år sidan eg kasta det første manuset. No har eg fått fram ei sannare røyst, og eg har kome nærare meg sjølv, med den eine foten i fjellbygda Skåbu ved Vinstra og den andre foten i Latin-Amerika, seier ho.
Avgjerande møte
Då Slapgard som 11-åring var på biblioteket på Vinstra, oppdaga ho at det fanst ein aztekarsjokolade. Foreldra hadde òg éin fot i det norske og éin i det internasjonale, og Sigrid Undsets romanar stod i bokhylla saman med alle dei andre bøkene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.