JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Mary Shelley:
Kva ville ho med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mary Wollstonecraft Shelley, portrettert av Richard Rothwell.

Foto: Har falle i det fri

4015
20180810

Forfattaren

I denne spalta stiller vi dei store spørsmåla om dei største.

Mary Shelley (1797–1851) var ein særs produktiv og nyskapande forfattar. Ho var berre atten år gammal då ho byrja på Frankenstein, og skreiv etter kvart seks romanar til og fleire bøker i andre sjangrar, samstundes som ho levde eit turbulent og på mange måtar tragisk liv blant mange av dei mest notoriske figurane i den engelske romantikken, som lord Byron og Percy Bysshe Shelley.

Den viktigaste boka hennar

Debutromanen Frankenstein frå 1818 er rekna som opphavet til science fiction, men er likevel langt frå sjangerlitteratur. Shelley brukte det som på den tida var ein etablert sjanger, den gotiske romanen, men erstatta det magiske og overnaturlege med moderne vitskap. I motsetnad til dramatiseringane og filmane er boka ei fleirstemmig forteljing som eggar både medkjensla og tankane.

Kva meinte ho om samtida?

Frå ho som 16-åring rømte heimanfrå og fekk barn med ein gift mann, Percy Shelley, levde ho på utsida av ideala i samtida. Som dotter av anarkistfilosofen William Godwin og feministen Mary Wollstonecraft hadde ho mykje å leve opp til. Det er grunn til å hevde at dottera strevde mot mange av dei same måla som foreldra, men på ein utforskande og sjølvstendig måte.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Med debutromanen sin skapte ho grobotn for ein ny type litteratur, men òg for nye måtar å sjå på vitskapen og kva makt mennesket har overfor naturen. Historia om vitskapsmannen Frankenstein og monsteret han skapte, har hatt umåteleg sterk gjenklang i populærkulturen, og aktualiteten i historia har berre auka i ettertid, ettersom mennesket evnar å skape stadig meir.

Var ho lukkeleg?

Ho var plaga av skuldkjensle, som på ymse vis var knytt til dødsfall. Mora døydde då ho kom til verda. Ho miste tre eigne barn tidleg. I 1816 tok halvsystera livet av seg. Kona til Percy òg – ein månad seinare gifta Percy og Mary seg. Det er ikkje rart at sorg er eit av dei store emna i bøkene hennar, for ikkje å snakke om fantasiar om å vekke dei døde.

Var ho eit godt menneske?

Ja. I alle fall langt betre enn ryktet sitt, kan ein vel seie. På same vis som mora – ein kompromisslaus feminist, men eit komplisert menneske – blei ho utsett for vondsinna sladder, skulda for umoral og kynisme. Feilfri var ho vel knapt, men utover samfunnsengasjementet var ho oppteken av å gjere godt for dei næraste, noko som etter kvart sette grenser for kva ho kunne skrive og gjere i livet.

Kven var ho i strid med?

Litteraturen hennar var i strid med samtida, men ho var ingen debattant. Ho hadde eit vanskeleg tilhøve til faren, som aldri tilgav henne at ho rømte heimanfrå. Ektemannen var forkjempar for fri kjærleik og ikkje enkel å leve saman med. Ei av dei ho måtte kjempe med om gunsten hans, var si eiga stesyster. Og etter at mannen døydde, kjempa ho mot familien hans for å få gitt ut dei posthume verka hans.

Trudde ho på Gud?

Ingenting tyder på det. Ho var ein ihuga lesar av litteratur og filosofi, sterkt påverka av det radikale, ateistiske livssynet til foreldra. Ho redigerte ei ny utgåve av Frankenstein med meir gudfryktig undertone, og som redaktør for den avdøde mannen sin var ho med på å gi han eit helgenaktig ettermæle, men slike ting var ein avhengig av for å livnære seg som kvinneleg forfattar og åleinemor i viktoriatida.

Kva ville ho med livet?

Midt i eit kaotisk og paradoksalt nok einsamt liv må skrivinga ha blitt det fremste målet. Ho ville gi lesarane gjenkjenning, innsikt, omsorg og danning ved å pirre fantasien deira. Ho såg på seg sjølv som ein outsider, og berre gjennom litteraturen kunne ho håpe på den aksepten ho drøymde om.

Typisk sitat?

«Eg er vond fordi eg er ulykkeleg», seier Frankensteins monster, som i boka får kome til orde og gi sin eigen hjarteskjerande versjon av korleis det var å bli til utan mor, utan omsorg og medkjensle frå menneska som berre ser den ekle utsida hans.

Øystein Vidnes

Øystein Vidnes er forfattar
og formgjevar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis