– Markens Grøde er ikkje økologisk, men prenazistiskEin som har vore tydeleg i avvisinga av Hamsun, er Jørgen Haugan, lektor emeritus ved Københavns universitet.

Publisert

Ein som har vore tydeleg i avvisinga av Hamsun, er Jørgen Haugan, lektor emeritus ved Københavns universitet.

«Forførelse i kunstnerisk form» kallar han På gjengrodde stier. Med dette verket heldt Hamsun fram med å forføre i den grad «at litteraturforskere nå i 50 har danset etter hans pipe og søkt å bortforklare eller unnskylde hans landsforræderi og nazisme», skriv Haugan i Dagbladet i 2004.

– Jørgen Haugan, kan Knut Hamsun kvitvaskast – eller meir korrekt, «grønvaskast» – gjennom økokritikken?

– Nei, det er ikkje mogeleg. Synet på bondens liv i Markens Grøde er ikkje økologisk, men prenazistisk. Samfunnssynet er antidemokratisk og føydalt. Romanen dyrkar enkle bondeverdiar, samtidig med at han hemningslaust forbrukar produkt frå den industrielle revolusjon. Til slutt veks ein lysande herregard fram i marka. Også nazismen hylla bondelivet, samtidig som han fyrte opp under industriens kjelar og bygde motorvegar.

Når det gjeld gatenamn, spør vi Jan Erik Vold. Vold har vist seg å vera handlekraftig når det gjeld stadnamn i Oslo. På hans initiativ har Skillebekk-parken nettopp vorte døypt om til Olaf Bulls plass.

– Er det ikkje no på tide at vi kallar opp ei gate i Oslo etter Hamsun?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement