Marie Lovise Widnes (1930-2021)

Publisert

Marie Lovise Widnes vart fødd 1. november 1930 i Syltedalen i Vanylven og døydde 19. november 2021 med familien rundt seg.

Me har mange sterke og gode minne etter Marie Lovise Widnes. Eitt av dei er frå då Mållaget og Målungdomen inviterte til demonstrasjon for sidemålsordninga i høve landsmøtet til Mållaget i Ålesund i 2004. Det var mobilisert om lag 500 elevar og vaksne frå heile Sunnmøre. Side Brok skulle spele, og stemninga var god. Men det var fyrst då Marie Lovise Widnes, som allereie då var ei litt eldre dame, gjekk på scena, at det vart kveik i ungdomane. Etter hennar appell var få i tvil om at stortingspolitikarane skulle få problem med å vedta å fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere sidemålet om til trekkfag i vidaregåande skule.

Marie Lovise Widnes var på sitt fyrste landsmøte i Mållaget allereie i juli 1950. På nyårsaftan i 2019 hadde Vikebladet Vestposten på trykk eit ungdomsminne ho skreiv frå denne hendinga. Ho vart invitert til mållagslandsmøtet på ein bytur i Ålesund. Ho skriv så levande om kor stort det var for ei ung jente å høyre talar og innlegg i debatten. Ho fekk vere med på festmiddagen på Aksla same kvelden. Det var fyrste gong ho var på restaurant, og der sat ho mellom målfolk og fekk ete nydeleg suppe. Ho fortel vidare at ho fekk så dårleg samvit for mor si, som sikkert kom til å bli livande redd for henne. Så ho sprang ned alle trappene for å fortelje mora, som sat oppe og venta på henne, om korleis det var. Så sprang ho med lette steg opp att alle trappene, og fekk med seg desserten, meir allsong og stas.

På festmiddagen i Oslo rådhus i høve hundreårsjubileumslandsmøtet 56 år seinare vart Marie Lovise Widnes utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Ho vaks opp, som så mange andre, i små kår og med hardt arbeid og lite pengar. Ho byrja i ungdomslaget som 14-åring, og heilt frå tidleg ungdom var Marie Lovise målkvinne. Fordi ho vaks opp den tida ho gjorde, var det ikkje mange vegar til utdanning for ei ung jente frå eit mindre småbruk i distrikta. Då ho var 19 år, song ho for Einar Gerhardsen på eit møte i Ulsteinvik, og han såg kva slags talent som var i henne. Han ordna det slik at ho fekk eit opphald på ein folkehøgskule knytt til arbeidarrørsla. Det vart den einaste utdanninga ho fekk utover åra i folkeskulen.

Ho skreiv songen «Gangdøra» allereie då ho var 19 år. Den skulle seinare gjere henne nasjonalt kjend då ho gav han ut på singelplate i 1957. Det vart ein radioslager av dei sjeldne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement