Margrethe Munthe: Kva ville ho med livet?Margrethe Aabel Munthe (1860–1931) er blant dei norske pedagogane frå 1900-talet som har hatt mest å seie for songgleda til barn i heim og skole. Den fyrste samlinga, med 20 songar, vart utgjeven i mars 1905, og bok

Margrethe Munthe (1860–1931).
Margrethe Munthe (1860–1931).
Publisert

Margrethe Aabel Munthe (1860–1931) er blant dei norske pedagogane frå 1900-talet som har hatt mest å seie for songgleda til barn i heim og skole. Den fyrste samlinga, med 20 songar, vart utgjeven i mars 1905, og boka blei ein stor suksess. Den mest kjende av desse songane er «Tulla» («Vi har en tulle med øyne blå»). Melodien ho skreiv teksten etter, var den same som blei komponert til folkeopplysningsmannen Ole Vigs tekst «Blant alle lande» 50 år tidlegare. Ho skapa på det viset ein tydeleg samanheng mellom barnet, det heimlege, skolen og nasjonen i ei tid då Nansen var i England for å få forståing for Noregs ønske om å bryte ut av unionen med Sverige.

Kva var det viktigaste verket hennar?

Det må vere boka Så leker vi litt: sang og gymnastikkleker, utgjeven i 1911, der vi mellom anna finn «Hurra for deg som fyller ditt år», «Syver står og sager ved» og «På låven sitter nissen med sin julegrøt». Med denne samlinga gjev ho eit viktig bidrag frå dei praktisk-estetiske faga til den såkalla arbeids- og aktivitetspedagogikken i skolen, der barna skulle vere meir aktive og medskapande og mindre passivt mottakande. Reformpedagogen Anna Sethne som hadde barn på skolen der Margrethe Munthe arbeidde, understreka den viktige rolla hennar med å «gjenopplive» songen i folkeskolen. Då Sethne gav ut ei bok om heimstadlære i 1928, nytta ho 14 av songane til Munthe som døme på korleis dei kunne brukast til å illustrere hendingar i heim og nærmiljø.

Kva meinte ho om samtida?

Ho ville at barna skulle synge om noko dei kjende seg att i, om dyra dei var glade i, om årstidene, kjærleiken mellom sysken og om leik, arbeid og fellesskap til kvardag og fest.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement