Musikk

Margit Hjukse

Barndomens viseskattar:

«Margit Hjukse».
«Margit Hjukse».
Publisert

Det eg visste om Margit Hjukse frå folkevisa, var at ho hadde vakse opp på garden Hjukse i Sauherad i Telemark – og at ho ein søndag gjekk åleine til kyrkje mot farens vilje. Brått stod ho inne i berget, der bergekongen ynskte henne velkomen på ein sylvforgylt stol og gav henne sølv i bringa og sylvspente sko mens tolv kvinner stelte håret og den trettande sette ei gullkrune på.

Kven ville ikkje drøyma om eit slikt første møte?

Eg har lurt på om visejenta Margit Hjukse hadde vore ei levande kvinne?

Svaret fekk eg uventa ein gong eg stod i ein butikk på Majorstua i Oslo.

– Kva er det du held på med nå, Åshild, spurde ei
framand kvinne på butikken eg nett var komen inn på.

– Eg er på leit etter Margit Hjukse, ho som brått vart bergteken ein søndag på veg til kyrkja, og som lèt seg lokka av alt det gode bergekongen baud henne av mat og drikke for å få henne til kone i berget sitt, sa eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement