Marcus Thrane: Marcus Thrane (1817–1890) starta dei såkalla Arbeiderforeningene på midten av , og med dei ønskte han å gje dei stemmelause ei stemme – dei som ikkje hadde stemmerett ved stortingsvala skulle bli myndiggjorde ved å skrive i blad, delta i mø

Eit portrett av Marcus Thrane til eit visittkort, frå Chicago i 1875.
Eit portrett av Marcus Thrane til eit visittkort, frå Chicago i 1875.
Publisert Sist oppdatert

Marcus Thrane (1817­–1890) starta dei såkalla Arbeiderforeningene på midten av 1800-talet, og med dei ønskte han å gje dei stemmelause ei stemme – dei som ikkje hadde stemmerett ved stortingsvala skulle bli myndiggjorde ved å skrive i blad, delta i møte og jobbe for felles velstand. Han blei møtt med begeistring – og fengsel.

Kva var den viktigaste politiske saka hans?

Den viktigaste politiske saka var ålmenn stemmerett for menn – på lang sikt. I mellomtida skulle dei som trong betre kår i livet, danne foreiningar og drive sjølvhjelp i form av ulike forsikringskassar, og dei skulle bli danna til borgarar, mellom anna ved å organisere undervisning på den einaste fridagen i veka – søndagen – og ved å delta i leseselskap, få tilgang til bibliotek, delta i korsong og teater.

Kva meinte han om samtida?

Marcus Thrane meinte at styreforma i hans tid i praksis var udemokratisk – og difor i strid med Grunnlova. Embetsmannsstaten heldt dei eigedomslause i fattigdom ved å nekte dei å tale saka si. Den grunnlovsfesta ytringsfridomen såg nemleg ikkje ut til å gjelde dei. Derfor starta han mellom anna Arbeiderforningernes Blad, der ein kunne påpeike feil, manglar og urettvise i det norske samfunnet.

Kva innverknad hadde han på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement