Mannen med det hjartelege smilet
Gjermund Eggen tok tre gullmedaljar i VM på ski i Oslo i 1966, på 15 kilometer, 50 kilometer og stafett.
Foto: Aktuell / NTB scanpix
Med tre gullmedaljar i éin verdsmeisterskap på ski ville det ikkje ha vore meir enn rimeleg om Gjermund Eggen hadde vorte høg på pæra. Slikt låg ikkje for den trauste, men òg muntre saue- og vedbonden frå Engerdalen.
Sjølvskryt fall ikkje lett for han, det heller. Så han fleipa – og alle skjøna det var fleip – med at det var ganske godt gjort av ein mann som ikkje kunna syngja, å selja 25.000 grammofonplater. For ved sida av å vera ein glad verdsmeister på ski var han drahjelp for Dizzy Tunes heilt til dei kunne greia brasane ved eigen styrke.
Dei verkeleg store norske vinteridrottsstjernene har sikra seg den statusen dei har fått, i ei lang ettertid, ved at dei er glade. Det er bra, sjølvsagt er det bra, at dei går raskare enn konkurrentane, men det er ikkje nok. Hjallis hadde alltid tilnamnet Kong Glad, og var ikkje mindre populær som smilande 90-åring enn han hadde vore som uslåeleg 30-åring på isen.
Humørkravet er absolutt, og det er eit paradoks. For idrott, spesielt vinteridrott, er oftast blodig alvor i kongeriket. Men ei toppstjerne som er sur, kan gløyma det meste om popularitet. Det breie, hjartelege smilet til Gjermund Eggen var ikkje fisking, det var ein del av personlegdomen. Så var det alltid der, anten han skulle berast på gullstol av konkurrentar som samstundes var dei næraste venene hans, eller helsa velkomen til gards dei fullsette bussane som valfarta til Engerdal, eller når han reiste land og strand rundt for å opna lysløyper som vart bygde etter trippeltriumfen hans i Oslo-VM i 1966. Da hadde han ikkje fylt 25 år enno.
Det vart ikkje ført rekneskap, men overslaget går ut på at 75.000 turistar gjesta garden hans i åra etter at han la opp. Men han var ikkje den som sette skiene i kjellaren da toppkarrieren var historie.
For oss som vaks opp nord for Dovre, skulle ei skistjerne helst vera trønder.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.