Mannen med det hjartelege smilet
Gjermund Eggen tok tre gullmedaljar i VM på ski i Oslo i 1966, på 15 kilometer, 50 kilometer og stafett.
Foto: Aktuell / NTB scanpix
Minneord
Med tre gullmedaljar i éin verdsmeisterskap på ski ville det ikkje ha vore meir enn rimeleg om Gjermund Eggen hadde vorte høg på pæra. Slikt låg ikkje for den trauste, men òg muntre saue- og vedbonden frå Engerdalen.
Sjølvskryt fall ikkje lett for han, det heller. Så han fleipa – og alle skjøna det var fleip – med at det var ganske godt gjort av ein mann som ikkje kunna syngja, å selja 25.000 grammofonplater. For ved sida av å vera ein glad verdsmeister på ski var han drahjelp for Dizzy Tunes heilt til dei kunne greia brasane ved eigen styrke.
Dei verkeleg store norske vinteridrottsstjernene har sikra seg den statusen dei har fått, i ei lang ettertid, ved at dei er glade. Det er bra, sjølvsagt er det bra, at dei går raskare enn konkurrentane, men det er ikkje nok. Hjallis hadde alltid tilnamnet Kong Glad, og var ikkje mindre populær som smilande 90-åring enn han hadde vore som uslåeleg 30-åring på isen.
Humørkravet er absolutt, og det er eit paradoks. For idrott, spesielt vinteridrott, er oftast blodig alvor i kongeriket. Men ei toppstjerne som er sur, kan gløyma det meste om popularitet. Det breie, hjartelege smilet til Gjermund Eggen var ikkje fisking, det var ein del av personlegdomen. Så var det alltid der, anten han skulle berast på gullstol av konkurrentar som samstundes var dei næraste venene hans, eller helsa velkomen til gards dei fullsette bussane som valfarta til Engerdal, eller når han reiste land og strand rundt for å opna lysløyper som vart bygde etter trippeltriumfen hans i Oslo-VM i 1966. Da hadde han ikkje fylt 25 år enno.
Det vart ikkje ført rekneskap, men overslaget går ut på at 75.000 turistar gjesta garden hans i åra etter at han la opp. Men han var ikkje den som sette skiene i kjellaren da toppkarrieren var historie.
For oss som vaks opp nord for Dovre, skulle ei skistjerne helst vera trønder.
Det var dei, altså vi, som verkeleg kunne gå på ski. Det var eit snevert regionalkrav vi aldri stilte til Gjermund Eggen. Han drog med seg andre søringar som Odd Martinsen og Ole Ellefsæter inn i den popularitetskrinsen. Dei smilte varmt og song folkeleg, dei òg. Så var det meste tilgitt.
Sauebonden Gjermund Eggen viste seg sur éin gong, i ein TV-diskusjon om korleis ulven kan farga kvardagen for folk i hans yrkesgruppe. Du skal slita mykje asfalt og halda deg trufast i innestengd luft ved skrivebordet for ikkje å skjøna det synspunktet.
Dermed kunne det tilgjevast, det òg. I alle fall i Trøndelag og i Engerdal.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.