Diktet
Månen har vore eit ynda tema i diktekunsten heilt sidan oldtida.
Ronny Spaans skriv om diktet «Det kalde lyset» av Rolv Thesen.
Foto: Ukjend / Oslo museum
Førre gong eg skreiv, tok eg føre meg eit dikt av Rolv Thesen – eller Harald Hamre, som han kalla seg som diktar – frå Etter stormen (1945). Thesen gav ut to diktsamlingar til: Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963). Dikta i dei to sistnemnde er meir kontemplative enn dei i debutboka, samtidig finst her dikt med tema frå Hedmark, der han budde i vaksen alder. Men motiv frå Lofoten dukkar enno innimellom opp. Diktet nedanfor er henta frå Trass i alt.
«Det kalde lyset» er sjølvsagt måneljoset. Månen har vore eit ynda tema i diktekunsten heilt sidan oldtida. Diktarar har skrive hymnar til månegudinna, og den greske diktarinna Sapfo er kjend for eit fragment om korleis stjernene bleiknar når månen stig fram. Ikkje overraskande finst det mange «månesjuke» diktarar i romantikken. Jamføringa med stjerner eller sola er eit kjært grep i månedikt – det er ei jamføring som gjev høve til råkande språklege paradoks. Det ser vi alt i tittelen, «det kalde lyset».
«Den mjuke teppeskogen» viser truleg til eit mønster på golvteppet som liksom livnar til når månen skin på det. Sume lesarar får assosiasjonar til «Gobelin» av Olaf Bull. Måneljoset blir tildelt ei kraft til å vekkje det livlause til live. Men denne livskrafta blir òg knytt til det falske og angstfulle. Måneljoset er jo i seg sjølv falskt, for det låner ljos frå sola. Difor er det livet som blir skapt i dei små fjoma over golvteppet av sola om morgonen, meir påliteleg: Dei dansar glade «i den første varme stråle av sol».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.