Litteratur

Lyrikar med sans for humor

– Det er noko tvilsamt med det morosame i seriøs litteratur, seier Erlend O. Nødtvedt, som er overraska over at lesarar meiner Mordet på Henrik Ibsen er så morosam.

Erlend O. Nødtvedt vart kåra til ein av dei ti fremste unge norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestial i 2015.
Erlend O. Nødtvedt vart kåra til ein av dei ti fremste unge norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestial i 2015.
Publisert Sist oppdatert

Eg møter Erlend O. Nødtvedt på ein kafé på Nygårdshøyden i Bergen. Forfattarskapen byrja med lyrikk. Han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, tre år seinare kom Bergens beskrivelse, og etter tre nye år kom Trollsuiten. Men bak den alvorsame lyrikaren lurte ein romanforfattar med ein humoristisk penn.

Med boka Mordet på Henrik Ibsen ynskte Erlend O. Nødtvedt å skriva om noko som folk kjenner lite til – Henrik Ibsens år i Bergen på 1850-talet og kor usikker han var som ung. NRK skildrar den siste romanen hans som «den morsomste boka som noen gang er skrevet om Bergen». Klassekampen skriv at «situasjonskomikk, blødmer og ordspill sender latterbølger inn i leseropplevelsen». Og Dag og Tid skriv: «Mordet på Henrik Ibsen har så mange lag og sparkar i så mange retningar at det skal godt gjerast å halde følgje. Men moro er det!»

– Eg har vorte overraska over at folk synest boka er så morosam.

– Er du?

– Ja, eg har stussa over alle som finn ho så lattervekkande.

– Ja?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement