Litteratur
Livet som gløymsle
Med Jente, 1983 har Linn Ullmann levert den andre boka i det som skal bli ein romantrilogi om avgjerande år og opplevingar i eit ungjenteliv – bygd på eige liv.
Linn Ullmann skriv for tida ein trilogi. Romanen som kom ut i haust, er band nummer to.
Foto: Kristin Svanæs-Soot
For utanforståande kan det sjå ut som Linn (eigentleg: Karin Beate) Ullmann tok ei sjølvbiografisk vending med romanen De urolige i 2016. For forfattaren sjølv verkar det litt annleis. Rett nok vedgår ho at forteljinga om jenta og far hennar representerer eit skifte, ytre sett, ved at det er tydeleg at ho nyttar seg sjølv og foreldra sine.
Men også i dei tidlegare romanane hennar speler det sjølvbiografiske med på ymse vis, om ikkje like tydeleg som i dei to seinaste. Romanen Nåde (2002), om ein døyande mann som ber om dødshjelp, henta til dømes noko av stoffet sitt frå samtalar med ein nær familiemedlem.
– Historia om den 16 år gamle Jenta og opplevingane ho hadde på eiga hand i Paris, er den vanskelegaste eg har skrive. Eg har lenge vilja lage denne historia, som eg har bore med meg i fleire tiår. Men eg har merka at ho har forandra seg for kvar gong eg har nærma meg henne. Derfor er romanen blitt ei utforsking av minne og gløymsle.
Dette oppnår forfattaren ved å la den vaksne kvinna sjå tilbake på desse få dagane i Paris vinteren 1983. Kva var det som skjedde? Kva var ho med på? Var ho offer eller medaktør då ho innleia ein relasjon med ein tretti år eldre fotograf? Ein stad spør ho seg: «Hvordan lever erfaringer videre, ikke som minner, men som glemsel?»
– Det var sjølve hovudutgangspunktet mitt, spørsmålet eg skreiv ut frå. At gløymsle ikkje nødvendigvis er ei lukka dør, men også kan opne dører. Det går an å utfordre gløymsla, arbeide med dei kvite flekkene til minna byrjar komme tilbake. Kor pålitelege dei er, kan ingen vite. Minna oppfører seg litt som kvikksølv, beveger seg hit og dit. Men eg veit at eg var åleine i Paris som 16-åring, og eg har nokre slike stolpar som eg kunne hengje heile forteljinga på. Utgangspunktet er mine eigne erfaringar, men så er det mange vegar og omvegar til det skjønnlitterære uttrykket.
Fordjuping
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.