Krig

Knask og knep i ukrainske byar

Det er ikkje berre under halloween-feiringa det spøkjer for lokale leiarar i Ukraina.

Sint: Ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, hevdar at om Kyiv må føra 10 prosent av bybudsjettet over til regjeringa, blir det uråd for byen å sørgje for forsvarleg tenesteyting til pensjonistar og andre trengande.
Publisert Sist oppdatert

I Ukraina finst det berre eitt hotell som heiter Shanghai. Det ligg i den vesle byen Konotop i Nord-Ukraina, berre 35 kilometer frå grensa til Russland. Og nei, dette er ikkje ei kinesisk investering, men snarare ein kreativ idé som lokale forretningsfolk står bak. Hotellromma er innreidde i sovjetisk og postsovjetisk stil, og på veggene heng målarstykke som framstiller livet i Kina. Gjestene roser hotellet for vennleg personale og svært rimelege prisar. Dei billigaste romma ligg på 15 euro per natt.

Det er berre eitt hotell i denne byen med 70.000 innbyggjarar, men det er alltid ledige rom der. Det er få som reiser til Konotop om dei ikkje må, i alle fall no som vi er inne i det fjerde året av ein krig som har ramma byen hardt. Dronar er eit konstant trugsmål, og somme gonger blir byen råka av missil.

For eit år sidan vart byen utsett for eit intenst bombardement som førte til at nesten all kritisk infrastruktur vart øydelagd. Straum- og vassforsyninga vart stoppa. Det tok tid før infrastrukturen var reparert, berre for å bli øydelagd igjen og så reparert endå ein gong. Sånn går no dagane i Konotop.

Før kunne byen skryte av å ha trikkeruter, noko som er sjeldsynt i ein så liten by. No fører straummangelen til at trikkane står parkerte i stallar. Men byen går framleis med heva hovud, styrkt av ein lang tradisjon med hardt tilkjempa sigrar.

Konotop har levd «på kanten» heilt sidan fullskalakrigen tok til, med alle dei daglege farane som er typiske i alle ukrainske busetnader ved fronten eller nær den russisk-ukrainske grensa.

I tre månader, frå februar til april 2022, gjorde russarane ein heilhjarta innsats for å erobre Konotop, men mislykkast, dels på grunn av innsatsen til det lokale forsvaret, dels på grunn av den illgjetne sumpmarka som omgir byen, og som er svært vanskeleg å komme over – namnet Konotop tyder «staden der hestar druknar». Invasjonsstyrken trekte seg til slutt tilbake til den russiske grensa, 35 kilometer mot nordaust.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement