Litteratureksporten aukar
Litteraturbransjens inntekter i Noreg har gått ned den siste femårsperioden, men inntektene frå utlandet aukar.
Bøkene til Jo Nesbø er omsette til over 50 språk.
Foto: Håkok Mosvold Larsen / NTB Scanpix
Utanlandsinntektene har i snitt auka med 1,7 prosent årleg sidan 2013. Det er lyspunktet for litteraturbransjen i Kulturrådets rapport «Kunst i tall 2017», som vart lagd fram denne veka. Utanlandsinntektene utgjer derimot berre 1,3 prosent av dei samla inntektene i litteraturbransjen og gjev dimed ikkje store utslag i totaltala for same periode, som har går ned med 0,7 i snitt årleg.
Ifølgje rapporten er det polsk som er det største språket for nye kontraktar utanlands. I 2017 vart det selt rettar til tre bokseriar med til saman 126 titlar til polsk. Eksportinntektene til forfattarar som har utanlandske agentar, som Jo Nesbø, Linn Ullman og Karl Ove Knausgård, er ikkje med i statistikken.
Inntektene frå sal av litteratur, opphavsrettar og framføring i Noreg har var i fjor på 6104 millionar kroner. Det er ein liten oppgang frå 2016, men inneber ein nedgang frå 2013, på i snitt 0,7 prosent i året.
Innanlands er det inntekter frå allmennboksalet som har gått tilbake i løpet av femårsperioden, medan inntektene frå fagbøker og lærebøker går fram. Innanfor allmennboksalet går inntektene frå sal av lydbøker og elektroniske innhaldsprodukt fram, medan inntektene frå sal av sakprosa, skjønnlitteratur, verk og lovar og forskingsrapportar går tilbake.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.