Litteratur

Vegen til fridom

Å vere raus og ha vide nok rammer til å kunne la menneske vere seg sjølv, er den sentrale bodskapen i ei ny bok om flyktningar og etniske nordmenn på leiting etter fridom.

Liv Mørland har intervjua 14 kvinner og menn om kva fridom er for oss menneske.
Liv Mørland har intervjua 14 kvinner og menn om kva fridom er for oss menneske.
Publisert

Liv Mørland, som blei pensjonist for to år sidan, har seks bøker attom seg frå før, dei fleste med tema som dialog, flukt, inkludering og forsoning. Eigentleg hadde ho bestemt seg for å ikkje skrive fleire bøker om desse emna, for dei har til tider vore tunge å skrive og tunge å få ut.

Men då ho fekk førespurnad om nok ei bok, etter å ha sagt nei til fleire, kunne ho ikkje seie nei til denne. Det skulle vere historia om ei syrisk kvinne som blei fengsla og torturert på det forferdelegaste. Men då det kom til stykket, var det for farleg å gi ut boka, både for henne og for forfattaren.

I staden gjekk ein kortare versjon av historia til denne kvinna inn i Frihet koster, ei samling forteljingar med både flyktningar frå ulike land og etniske nordmenn som har fått røyne at det kan vere vanskeleg å bli fri i sitt eige land.

Konflikthandtering

Mørland er cand.polit. med pedagogikk hovudfag. I mange år har ho jobba med dialog og konflikthandtering i det regionale konfliktrådet i Kristiansand. I 14 år var ho dagleg leiar i Forum for tro og livssyn der, og ho har mellom anna arbeidd ved Arkivet freds- og menneskerettssenter i same by.

– Då eg sat att med denne eine forteljinga og lurte på kva eg skulle bruke henne til, fekk eg oppmodingar frå mellom andre Norges Multikulturelle Senter, som hadde fleire personar som ønskte å fortelje si historie. Så hadde eg kontakt med nokre etnisk norske som hadde vonde røynsler, og slik blei vegen til fridom ein fellesnemnar. Kanskje kan desse historiene lære oss andre kor mykje det kan koste å bli fri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement