JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Tok Fosse til teaterscena i New York

– Eg må sørgje for at New Yorks teaterpublikum får oppleve denne dramatikaren, tenkte Sarah Cameron Sunde, men oppdaga fort at den britiske omsetjinga ikkje ville fungere i USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sist dei møttest i Oslo, snakka Sarah Cameron Sunde og Jon Fosse om vidare samarbeid. Her er selfie etter lunsj på Kaffistova i august 2023.

Foto: Sarah Cameron Sunde

5562
20231013
5562
20231013

Omsetjing

mariasu@online.no

Amerikanske Sarah Cameron Sunde var 26 år gammal, på besøk hos slektningar i Oslo, som tok henne med til Torshovteatret for å sjå Vinter av Jon Fosse.

– Slektningane hadde bede meg lese dramaet før vi gjekk i teateret. Eg hadde arbeidd i tre år som teaterregissør i New York og las mange teaterstykke på denne tida. Men dette gjorde noko med meg. Eg vart bergtatt og rørt, eg kjende ei djup tilknyting til stykket.

USA-premiere i 2004

Det var i 2003. No, 20 år seinare, har Sarah Cameron Sunde omsett til saman seks skodespel av Fosse. Desse fem har ho også regissert (år for teaterproduksjon i parentes): Natta syng sine songar (2004), Dødsvariasjonar (2006), Sa ka la (2008), Ein sommars dag (2012), Draum om hausten (2013). I tillegg har ho omsett Svevn.

Da ho i 2004 hadde USA-premiere på det første dramaet av Fosse, var forfattaren sjølv til stades, og det vart gode kritikkar i New York Times og andre store aviser. Dette var første gong Fosse fekk positive meldingar på ei teateroppsetjing i eit engelsktalande land. Dei gode kritikkane har halde fram, og ho har heile tida hatt eit nært samarbeid med Jon Fosse.

I videosamtale med Dag og Tid fortel ho frå New York at ho innleiingsvis hadde tenkt berre å regissere Fosses skodespel. Ho las gjennom bøkene ho hadde teke med frå Noreg. Far hennar er norsk, og da ho var tolv år, budde ho i sju månader hos slektningar og gjekk på skule i Drammen. Ho hadde lært nok norsk til at ho kunne lese Fosse.

– Men korleis kunne eg overtyde ein teaterprodusent i New York som ikkje las norsk? Eg gjekk på biblioteket for å finne ei engelsk omsetjing. Det einaste dei hadde, var den britiske omsetjinga av Natta syng sine songar. Eg forstod at den omsetjinga ikkje ville fungere.

Klasseskilje

Ho tok kontakt med Jon Fosse for første gong, og han sende henne to andre forsøk på amerikanske omsetjingar, den eine var altfor litterær, den andre altfor amerikansk, seier ho.

– Ingen av desse tre versjonane gjorde det som skodespelet gjorde på nynorsk. Eg valde å lage mi eiga omsetjing, eg ville vere tru mot Fosses tekst så langt som mogleg, og da måtte eg gå direkte til kjelda.

Sunde fortel at ein i USA har for vane å bruke britiske omsetjingar fordi ein ofte manglar midlar, men meiner at det ikkje alltid fungerer kulturelt.

– Den britiske tittelen av Natta syng sine songar var Nightsongs, men eg visste at ein meir poetisk tittel ville vere mykje betre for det amerikanske teaterpublikummet. Det måtte bli Night Sings Its Songs. Eit eksempel på ulikskap mellom USA og Storbritannia er klassespørsmålet. «Du må berre setje deg ned» i den britiske omsetjinga var «Do sit down», noko som er fint for det britiske publikummet, men ikkje i USA, ingen ville seie det så formelt. I våre øyre ville det ha høyrt ut som ein snakka til dronninga av England, eller iallfall nokon som er veldig rik, som har ein høgare status og som ein snakkar formelt til. Vi ville sagt «You can have a seat», og det var slik eg omsette det. Gjennom denne replikken forstod eg korleis ein kunne lese feil klasse ut av karakterane. Ein må ta utgangspunkt i den lokale kulturen i omsetjing.

«Ja» og «jo»

Men det vart ei utfordring å omsetje dei munnlege orda «ja» og «jo» som teksten er fylt av i Jon Fosses munnlege språk i dramaet.

– Den britiske versjonen eliminerte alt dette. Men eg trur desse fyllorda er avgjerande for å forstå skodespelet. Difor arbeidde eg for å finne det tilsvarande amerikanske fyllordet som fungerte for oss, og enda oftast opp med «yeh».

Ho arbeidde med skodespelarane for å finne mangfaldet av tydingar av dette vesle ordet.

– «Jo» hadde mange ulike tydingar for meg. I mi omsetjing vart «jo» også omsett til «like», «y’know», «well», men det var alltid noko som hjelpte teksten til å leve i kroppen til skodespelarane og gje leietråd til kompleksiteten i det som hende.

Sunde understrekar at når ein omset drama, vil det alltid vere ting som er uomsetjelege. Det er ei utfordring. Teaterframsyningar skal opplevast live, ein kan ikkje berre omsetje tekst rett fram, ein må også omsetje den underliggjande handlinga. Handling vil alltid vere kulturell. Det vil også finessar og humor vere. Difor er det avgjerande å omsetje for den kulturen ein arbeider i, og omsetje spesielt for produksjonen.

Det uendelege

I teatermiljøet sitt har Sunde også skapt ein tenketank for å ivareta det kunstnariske i omsetjingar av drama, og dei legg vekt på lagarbeid. Det er to vilkår som er heilt fundamentale for dette, ifølgje tenketanken: at minst éin person forstår begge kulturar og kan begge språk, og at minst éin person forstår teaterspråket og korleis handling fungerer i eit teaterstykke. Sunde har også samarbeidd med den norske skodespelaren Anna Guttormsgaard og den norske dramaturgen Oda Radoor.

– Det vakre, og gleda, ved å omsetje Fosse er korleis han på enklaste vis greier å seie noko på kvardagsspråket som har det aller største rom for eksistensiell og open tolking. For meg handla det om korleis ein kan utforme mysteriet. Det er noko eg kjenner når eg les Fosse på nynorsk, det er så godt utforma, og det er så vanskeleg å omsetje. Eg tenkjer alltid på omsetjing som at ein går mot det uendelege, fordi ein kan aldri få det eksakt slik som forfattaren har tenkt, men ein kan kome nærare og nærare og nærare, avsluttar Sarah Cameron Sunde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis