JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Søkte jobb i Dag og Tid

På nyåret i 1983 trong Dag og Tid ein ny journalist – og Jon Fosse søkte. «Take it or leave it!» skriv Fosse i søknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jon Fosse i 1983. Den 2. juni vart han intervjua av Dag og Tid om debutboka Raudt, svart. Fosse var 23 år gammal filosofistudent den gongen.

3529
20231013
3529
20231013

Fleire ville gjerne ha journalistjobben. Fosse vart innstilt som nummer to. Reidar Mathistad fekk jobben.

Då Dag og Tid i 2003 spurde Fosse om han hugsa at han for 20 år sidan hadde søkt jobb i avisa, var svaret nei. Fosse meiner det kan koma av dårleg minne, men òg at han ikkje la så altfor mykje i søknaden. Han meinte bestemt at han berre hadde søkt éin jobb i heile sitt liv, ein jobb som scenearbeidar på Sogn og Fjordane Teater, utan å få jobb.

Men i arkiva til Dag og Tid ligg søknaden frå tida like før Fosse debuterte som forfattar. Søknaden syner Fosse i velkjend stil. Etter løyve frå forfattaren trykkjer me søknaden.

Jon Fosse

J70 Natland studentby

5040 Paradis 20.2.83

Dag og Tid

Kr. Augusts gt. 14

Oslo 1

SØKNAD OM JOURNALIST-JOBB

Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje søkje jobb i Dag og Tid?

Kvifor ikkje?

Mest fordi eg sannsynlegvis ikkje får jobben, og dernest mest fordi eg kanskje ikkje tar han i alle fall: eg er kommen så godt inn i dei filosofiske studiane mine no, det ville vere forbanna surt å bryte av.

Kvifor likevel søkje?

Jau då, det høyrest ut til å vere ein grei jobb. Skrive fremst om kultur, på nynorsk, i ei fin avis som Dag og Tid. Det er ein jobb som kunne høve også for meg. Derfor får eg søkje, då, kor som er. I parentes sagt: Eg er av dei som likar å skrive, som stundom skriv berre tullting om kveldane – etter å ha lese filosofi om dagen. Derfor. Og: Eg har ein sterk lyst i meg til å flytte frå Bergen om dagen; eg spør sjølv Gud fader kvifor.

Kva føresetnader har eg så for jobben?

Ikkje dei beste, ikkje dei verste: i om lag eitt år har eg vore allround-journalist i Gula Tidend, likevel skreiv eg kanskje mest kulturstoff der òg – om litteratur, i hovudsaka. Jobbinga mi i Gula er fordelt på nokre år, for det meste er det snakk om ferievikariat, men òg som frilansar har eg skrive der. Det har eg òg gjort for andre aviser, t.d. Haugesunds Avis og Bergens Tidende. Nemnast kan det vel elles at eg i omtrent to år var med i redaksjonen til avisa Folkemål, som de vel kjenner.

Det var det, stort sett.

Kvalifikasjonar elles har eg òg, for eksempel utdanning. I dette høvet skulle det venteleg bety mest at eg har studert litteraturkunnskap, har eit mellomfag der. Norsk har eg òg vore borti – men berre eit semester, utbyttet var i minste laget, syntest eg, og byrja studere filosofi. Eksamen i norsk vart det mindre med, sånn sett. Men i sosiologi har eg då ein skarve grunnfagseksamen. For tida studerer eg – som alt sagt – filosofi, og trivst bra med det. Men altså.

Litteratur, ja. Det er nok hovudsysselen min, det. Både som skrivande og lesande menneske. Samlaget var forresten så toskne at dei antok ein roman eg hadde laga meg til med, den kjem ut i vår, ein gong i mars, det eg veit. Anna har eg òg skrive og trykt, dikt og noveller. Vinduet har bl.a. sleppt meg til. I ein antologi har eg vore med, og slikt forskjellig snadder.

Nok er det: Eg har litt peiling på litteratur, eg har litt peiling på journalistikk. Take it or leave it!

Vedlegg:

– artiumsvitnemål

– karakterutskrift frå universitetet

– attest frå Folkemål

– attest frå Gula Tidend

– vitnemål frå journalistikk-kurs (eg har òg tatt fotokurs, men kan ikkje finne vitnemålet)

– nokre arbeidsprøver

Vennleg helsing

Jon Fosse

NB: Litt utpå dagen skulle det, i beste fall, gå an å få fatt i meg på telefon; de må ringe naboen og spørje etter meg, telefon (05) 28 29 37.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis