Nye krefter i Nytt Norsk Tidsskrift
– Selskap som driv med overvakingskapitalisme, har ekstreme ambisjonar, seier påtroppande redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift Jan Grue, som vil setje digital sjølvråderett på dagsordenen.
Forfattar og professor Jan Grue tek over som redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift etter Hannah Helseth.
Foto: Anne Valeur
Bakgrunn
Jan Grue
Fødd i 1981, frå Oslo
Professor i kvalitativ metode ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo
Har skrive skjønnlitteratur, faglitteratur og barnebøker
I 2018 kom den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres
Ny redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift frå 2021
Kjelde: Gyldendal.no

Tidsskrift
christiane.larsen@dagogtid.no
Professor og forfattar Jan Grue tek på nyåret over som redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift, etter sosiolog og forfattar Hannah Helseth, som har leidd tidsskriftet sidan 2018.
– Korleis vil lesarane merke at du har teke over som redaktør?
– Det vert ein kontinuitet, i den forstand at eg liker prosjektet til Nytt Norsk Tidsskrift veldig godt. Det har vore mange markante redaktørar i Nytt Norsk Tidsskrift, frå Helseth og bakover i historia, og openbert med Rune Slagstad som grunnleggjar. Det unike med tidsskriftet er kombinasjonen av ulike fagområde, at tidsskriftet ikkje er låst til eitt felt, slik det ofte er i akademia, men byggjer bru til politikk og andre samfunnssfærar, seier han.
Tidsskriftet kom første gong ut i 1984, med Rune Slagstad, Hans Skjervheim, Øyvind Østerud og Francis Sejersted som pådrivarar og redaktørar.
Grue har i ei årrekkje delteke i det offentlege ordskiftet og formidla kunnskap og litteratur i ulike sjangrar. Han er i dag professor i kvalitativ metode ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, der han i hovudsak forskar på kropp og kroppsoppfatning, sjukdom, funksjonshemming og normalitet.
Grue har skrive noveller, romanar og barnebøker, i tillegg til fagbøker. I 2018 kom han med den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres, som fekk Kritikarprisen og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. No vert han altså tidsskriftredaktør.
Hyperaktuelt
Temaet for det første nummeret alt er klart. Grue etterlyser no tekstar knytte til omgrepet «digital sjølvråderett». Nummeret vil verte eit dobbeltnummer, som skal vere ferdigstilt vår/sommar 2021.
Den påtroppande redaktøren har tru på at både tidsskriftet og temaet vil vekkje oppsikt.
– Eg trur vi kan gjere ein jobb med å sjå med langsiktige perspektiv på ein hyperaktuell debatt. Det manglar djup fagkunnskap og historiske perspektiv på samfunnsendringane vi er oppe i.
– Kvifor skal vi bry oss om digital sjølvråderett?
– Fordi det rører ved alle livsområde, på mange forskjellige måtar. Digitalisering kan innebere at du skannar eit dokument. Men oftare er det snakk om store og tunge prosessar, som går djupt inn i infrastrukturen. Det handlar om korleis Nav og helsevesen skal verke, korleis nesten alle delar av det offentlege og private, dei berande samfunnsstrukturane, skal driftast. Det inneber at vi treng å verte merksame på kva som skjer på dei ulike områda.
For å vise fleire eksempel bruker Grue det han kallar ein gammal klisjé om nettbruk: Er du ikkje kunden, er du produktet.
– Facebook kan berre vere gratis fordi selskapet får data om deg. Persondata er hovudproduktet, som kan seljast vidare til aktørar som lagar reklame. Ein har null styring over kva ein kan forlange og gjere i den rolla. Vi ser at multinasjonale selskap som driv med overvakingskapitalisme, har ekstreme ambisjonar for kva dei vil gjere med kunnskapen dei akkumulerer om oss.
Google ønskjer til dømes å levere infrastruktur til byar, såkalla «smarte byar».
– På den måten kan ein amerikansk aktør verte premissleverandør for mykje av det som skjer i kvardagslivet til folk i mange land, Noreg inkludert, seier Grue, som meiner verknaden av politikk på denne måten vert borte.
– Éin ting er å ha med Stortinget å gjere, som kan verke langt unna. Ein annan å ha med eit multinasjonalt selskap å gjere, som har inngått ein kontrakt med den norske staten.
Inspirert av bokessay
Så langt om digital sjølvråderett. Grue har samla eit heilt nytt redaksjonsråd kring seg, med Hilde Reinertsen, historikar og forskar ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur, professor i kulturhistorie Helge Jordheim, filosofiprofessor Inga Bostad, og lege og stipendiat i medisinsk historie Ketil Slagstad, alle knytte til Universitetet i Oslo. Frå verda utanfor universitetet har han knytt til seg Wilhelm Joys Andersen, sjølvlært programmerar og næringslivsleiar i fleire teknologifirma. Andersen har mellom anna vore sentral i utforminga av nettsidene til Store norske leksikon.
Grue omtalar redaksjonsrådet som «solid» og i tråd med tradisjonen, som har hatt tyngdepunktet innan humaniora og samfunnsfag.
– Kva er ein god tidsskriftartikkel for deg?
– Ein som gjev innsikt. Det er det korte svaret, seier Grue, før han utdjupar ved å vise til to publikasjonar som inspirerer han: The New York Review of Books og London Review of Books.
– Dei klarar å framstille eit komplisert saksforhold, som ikkje er glatta over, men som har konfliktlinjer, ulike syn og ulike faglege retningar, og dermed aukar innsikta. Eg vil gjerne ha tekstar som erkjenner at det er fagleg usemje, i staden for ein samlande journalistisk syntese.
Teljekantsystem
Nytt Norsk Tidsskrift er eit vitskapleg tidsskrift med fagfellevurdering, men unge forskarar på jakt etter fast stilling har meir å hente, både økonomisk og karrieremessig på å publisere i smalare internasjonale fagtidsskrift. Grue har fleire gonger kritisert teljekantsystemet, seinast i Morgenbladet for eit par veker sidan.
Grue uroar seg over at Noreg vert redusert til ein case i forsking i artiklar retta mot eit internasjonalt publikum, at forskinga vert apolitisk i staden for at han går i dialog med offentleg og privat sektor og politikarar. Han synest det er viktig å løfte fram nasjonale kanalar som vender seg til ei norsk ålmente.
– Kvifor skal forskarar som får meir igjen for å publisere andre stader, prioritere Nytt Norsk Tidsskrift?
– Det er jo det vi sit her og tygg litt på. Tidsskriftet må vere ein stad der ein er trygg på at ein vert lesen. Vi har fleire lesarar enn mange spesialiserte tidsskrift, så det er eit godt utgangspunkt. Og det høyrest ut som ein klisjé, men vi må vere relevante. Eg vil òg leggje vekt på den relasjonelle prosessen. Vi skal vere ein stad der unge forskarar kan få oppleve å få redaksjonell tilbakemelding som kan løfte dei.
Sjølvbiografisk
– I 2018 skreiv du den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres. Boka skildrar ein kvardag der ein muskelsjukdom pregar barndom, ungdom og vaksenliv, og flettar også inn forskinga di. Eg reknar med at boka nådde fram til heilt andre lesarar enn forskinga di gjer til vanleg. Har utgjevinga prega synet ditt på korleis fag kan formidlast?
– I den boka skreiv eg sjølvbiografisk, men også med utgangspunkt i ting eg har forska på i mange år. Det har gjeve ein heilt annan type gjennomslag og utgangspunkt for spennande samtalar. Eg trur ikkje eg ville brukt så mykje tid på det som eg gjorde, om eg ikkje hadde fått fast jobb i akademia i 2016. Då kasta eg meg over arbeidet med boka, som kom ut i 2018, seier han og held fram:
– Eg er langt frå den einaste som deltek i ein fagleg samtale som går utover den teljande artikkelen, men eg trur det er ein veg til å verte betre kjend med eige fagfelt, rett og slett ved å gjere den vanskelege øvinga det er å tenkje på publikum, mottakar, lesar. I Nytt Norsk Tidsskrift vil det innebere å ha med ein oppegåande ålmenn lesar å gjere som ikkje kjenner fagfeltet ditt ut og inn. Då kan du ikkje støtte deg på fagterminologien, men bruke andre ord. Då lærer du kanskje også noko nytt.
– Vil Nytt Norsk Tidsskrift opne for utradisjonell og kanskje til og med sjølvbiografisk formidling?
– Definitivt. Kjernen vil vere den fagfellevurderte artikkelen, men vi vil vere opne for ulike sjangrar og sjangereksperiment. Eg er ganske sikker på at vi vil ha faglege og grundige bokessay. Eg ønskjer å opne for eit sjangermangfald.
Nytt Norsk Tidsskrift har i dag eit papiropplag på 700 eksemplar, der 300 går til betalande abonnentar og resten i hovudsak til laussal. Så langt i år er tidsskriftet lasta ned 56.000 gonger på nettstaden Idunn. Universitetsforlaget opplyser at nedlegginga av innkjøpsordninga for ålmenkulturelle tidsskrift har ført til ein reduksjon på over 400 folkebiblioteksabonnement det siste året.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vil gjerne ha tekstar som erkjenner at det er fagleg usemje.
Jan Grue, påtroppande redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift
Fleire artiklar
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.