JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Norske skihistorier på engelsk

At norske skiinteresserte litteratar skulle koma på ideen å gje ut ein skiantologi, er ikkje eigna til å overraska. Annleis er det når heile tekstsamlinga er på engelsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Både norske og utanlandske forfattarar er med i antologien, mellom andre Sigrid Undset, Ernest Hemingway, Unni Lindell og Lars Saabye Christensen.

Foto: AP / NTB

7308
20220304
7308
20220304

Litteratur

redaksjonen@dagogtid.no

Den 30. mars dreg Ingrid Christophersen over Atlanteren for å ta imot litteraturprisen Ullr Award i Sun Valley i Idaho. I statuttane for prisen, som ber namnet til den norrøne skiguden, står det at han vert tildelt for «eitt enkeltståande og eineståande bidrag, eller fleire bidrag, til å dokumentera skihistorie i bokform».

Christophersen får prisen for boka To Heaven’s Heights. An Anthology of Skiing in Literature. Juryen grunngjev prisen på fylgjande måte: «Me føler at arbeidet ditt fangar alle aspekt ved sporten vår gjennom dei vedunderleg flott presenterte og nedskrivne historiene som byr på ei vandring gjennom tida.»

– Prisen er like mykje til alle bidragsytarane som til meg, seier Ingrid Christophersen.

Norsk oppvekst

For alpinverda var det gledeleg då Dave Ryding vann verdscuprennet i slalåm i sjølvaste Kitzbühel. Aldri før har ein brite vunne eit alpinrenn på dette nivået.

Ingrid Christophersen har sjølv ein alpinkarriere på internasjonalt nivå.

– Far var norsk, og eg voks opp i Noreg. Me budde i Holmenkollen, og eg var på ski kvar einaste dag gjennom heile vinteren. Eg melde meg inn i Idrettslaget Heming og oppdaga raskt at eg var flink på ski. Jola feira me som regel i Sveits, så eg fekk rikeleg høve til å køyra i alpinbakkane der. Dermed kom eg tidleg på det britiske alpinlandslaget.

Ingrid Christophersen er ei levande legende i alpinmiljøet. Ho er FIS-delegert og har vore teknisk delegert for FIS i alle dei nordiske landa. I føreordet skriv ho om eigen oppvekst at skikøyring ikkje var noko ein lærte, men at skiene rett og slett var «eit tillegg til føtene».

Krigshistorie

Men Ingrids eiga skihistorie går lenger enn som så. Faren, Ragnar Ingvald Christophersen, tenestegjorde i dei norske styrkane i England og Skottland under krigen, heimehøyrande i Duke of Cornwall Light Infantry. Etter kvart hamna han i SOE, Special Operations Executive, der han fekk grundig opplæring på det allierte treningssenteret Glenmore Lodge i Skottland. Captain Christophersen var ein av fleire instruktørar for dei norske sabotørane som deltok i tungtvassaksjonen på Vemork.

Ingrid Christophersen har også gått i fotspora til faren og trena britiske spesialsoldatar frå SAS, Special Air Service, i kunsten å overleva under ekstreme vintertilhøve.

– Soldatane i SAS seier dei er dei tøffaste av dei tøffe. Sjølvsagt seier dei det, ler Ingrid.

Godt språkøyra

Med norsk far og engelsk mor lærte Ingrid seg naturleg begge språka. Ho flytta tidleg til England, og i dag bur ho i Glyndebourne East Sussex, på eit gods med eige operahus. Men framleis snakkar ho forbløffande godt «Oslo vest»-norsk, i periodar høyrer ein ikkje eingong det engelske tonefallet.

– Eg har nok arva det gode språkøyret til far min. Han vart professor i engelsk etter krigen og omsette sjølv fleire norske bøker til engelsk. Og etter alle opphalda i Sveits og Sentral-Europa kom dei andre språka nesten av seg sjølv. Eg greier meg godt på tysk, fransk, spansk og italiensk. Men: Det er «enkle» europeiske språk som høyrer til same språkområdet, så det er ikkje så imponerande.

– Kvifor ville du laga ein skiantologi?

– Eg hadde ingen annan grunn enn at eg hadde tenkt på dette i mange år, og at eg hadde avslutta jobben som skitrenar i klubben min Downhill Only («Berre utfor») og trong noko å sysselsetja meg med. Eg omset framleis ein god del, og då eg fekk sjå antologien til Jon Vegard Lunde, Fra Heming unge til Hemingway, gav det meg inspirasjonen eg trong, seier Christophersen.

Internasjonal antologi

Christophersen har 4000 bøker heime, mange av dei norske og etter far hennar. Ho sat på nettet kvar dag og leitte seg fram – i tillegg til at ho spurde kjende og ukjende om hjelp.

– Eg var i kontakt med mange ambassadar som òg hjelpte meg på veg. Eg kjende til dei fleste forfattarane frå før, alle dei internasjonale og storparten av dei norske. Men det var eit omfattande arbeid. Når det gjeld ein forfattar som Knut Hamsun, til dømes, kontakta eg Hamsunmuseet, og dei var var så snille at dei plukka fram absolutt alt han nokon gong skreiv om skigåing. Med i antologien har eg ein avisartikkel frå Dagbladet – tittelen har eg ikkje – og eit lite utdrag frå Markens grøde.

Seks år brukte Ingrid Christophersen på å samla tekstar og materiale til antologien. Tekstane omfattar alt frå eldgamle historiske tekstar, heilt frå Kongsspegelen og Eirik Raude (Eric the Ruddy), via 1800-talsforfattaren Honoré de Balzac, sitat frå polfararane Fridtjof Nansen, Robert Falcon Scott og Roald Amundsen, til nyare tekstar av både dokumentarisk, poetisk og skjønnlitterær karakter. Alle tekstane er samla i oversiktlege bolkar.

– Til sist hadde eg 105 forfattarar, og eg hadde omsett alle dei utanlandske tekstane til engelsk. Men redaktøren min, lord Strathcarron, som også eig forlaget Unicorn, meinte det vart for mange. Så eg måtte kutta ned og berre velja dei historiene eg likte aller best.

Norsk representasjon

Naturleg nok er ein solid del av tekstane henta frå norske forfattarar, både tidlegare og nolevande. Her finn me tekstar av Alf Prøysen, Kjell Aukrust, Odd Børretzen, Karsten Alnæs, Jan Ove Ekeberg, Mikkjel Fønhus, Dag Helleve, Johan Borgen, Jens Anton Poulson (Vemork-aksjonen), Sigrid Undset, Knut Hamsun, Jan Kjærstad, Lars Saabye Christensen, Unni Lindell, Henrik Angell, Karl Ove Knausgård, Laila Stien, Jens Andreas Friis, Ragnar Hovland og Odd Selmer.

Omsetjingane syner at ho ikkje berre kan det norske språket inn og ut, men at ho også har knekt den kulturelle koden som gjer at ho tolkar ordspel rett og kan trekkja ut essensen av teksten og forfattarens særmerkte måte å uttrykkja seg på.

Av kjende internasjonale forfattarnamn kan nemnast Bill Bryson, Ian Fleming, Jurij Kazakov, John Updike, Sylvia Plath, Hammond Innes, sir Arthur Conan Doyle, A.A. Milne, D.H. Lawrence, Elias Lönnrot, Ernest Hemingway, Erica Jong, Irwin Shaw, John Updike og Leni Riefenstahl.

– Når det gjeld Riefenstahl, visste eg at ho var alpinist og skodespelar. Så tenkte eg at ho kanskje hadde skrive noko om ski og snø òg, seier Christophersen.

Overraskande bidrag

Mange av forfattarane i denne antologien er opplagde og sjølvsagde val. Andre er langt meir overraskande. Kva kan no til dømes nobelprisvinnaren Ernest Hemingway ha skrive om snø og skigåing?

Christophersen vart sjølv overraska. «Før eg sette i gang arbeidet med å samla materiale til denne antologien, hadde eg inga aning om at han også var ein lidenskapleg skigåar», skriv ho i føreordet til dei tre Hemingway-novellene som er med i samlinga.

Hemingways «Christmas on the Roof of the World» vart trykt fyrste gong i The Toronto Star Weekly 22. desember 1923, og «Cross-country Snow» er frå samlinga In Our Time. Christophersen har òg med eit utdrag av novella «The Snows of Kilimanjaro». Alle tre novellene handlar om guteturar i snørike fjell, og om kontrasten mellom det komfortable livet i sveitsiske «chalets» eller andre gilde bustader og kulde, livaktig skildra skikøyring og mengder med snø.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Prisen er like mykje til alle bidragsytarane som til meg.

Ingrid Christophersen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis