Jan Erik Vold på rumensk
Nær 500 sider med nær 50 år av Jan Erik Vold-dikt på norsk og rumensk.
Jan Erik Vold: Briskeby blues. Tospråklig norsk-rumensk diktantologi, 2023.
Lyrikk
havard@dagogtid.no
I den rumenske universitetsbyen Cluj-Napoca går det føre seg eit omfattande arbeid med å studera og analysera, formidla og omsetja norsk litteratur, eit arbeid som omfattar både black metal-songtekstar og eksklusiv skriftlyrikk. Ein forfattarskap som er vigd stor interesse, høyrer til den norske lyrikaren Jan Erik Vold (f. 1939).
I år har ho kome, Briskeby blues. Tospråklig norsk-rumensk diktantologi, Vold-dikt attdikta av Raluca-Daniela Duinea. Det breie utvalet, på nær eit halvt tusen sider, inneheld tekstar frå elleve av diktsamlingane Vold har gjeve ut gjennom kring eit halvt hundreår – frå debutsamlinga mellom speil og speil (1965) til den førebels siste samlinga, Store hvite bok å se (2011). Godt representerte er kjende samlingar som Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968), kykelipi (1969), spor, snø (1970), S (1978) og En som het Abel Ek (1988).
Utgjevinga opnar med artiklar av Sanda Tomescu Baciu, rumensk professor i norsk språk og litteratur, Henning Howlid Wærp, norsk litteraturforskar, forfattar og kritikar, og attdiktaren sjølv, Raluca-Daniela Duinea, i tillegg til eit intervju med Vold og eit føreord av han.
Føreordet opnar han slik: «Ein ars poetica er eg ikkje i stand til å formulera. Eg vart ein gong spurd av eit fransk litteraturtidsskrift, i lag med andre forfattarar: ’Kvifor skriv du?’ Svaret mitt var: ’Av di om eg ikkje gjorde det, var det ei røyst som mangla.’»
Boka er gjeven ut av det rumenske forlaget Casa Cartii de Stiinta. Same forlag gav for få år sidan ut boka The Poetry of Jan Erik Vold and the Norwegian Lyric Modernism in the 1960s (2018), ei utgåve av doktorgraden som attdiktaren Raluca-Daniela Duinea avla i 2016.
Både boktittelen og omslagsillustrasjonen til Codruta Melania Caluser peikar på Oslo-bydelen Briskeby, der Jan Erik Vold voks opp, og som han gav eit langt liv i samlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968), representert i utvalet med mellom anna kortdiktet «Tror jeg», på rumensk «Cred»:
En gang
imellom må noen
si: Jeg vil ha barn
med deg.
Ellers går det
ikke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.