JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Høglydt om høgfjellet

I den sterkt meiningsbrytande romanen Høgfjellsmeldinga skriv Guri Sørumgård Botheim om konfliktbiletet kring bruken av Dovrefjell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattaren Guri Sørumgård Botheim har sterk tilknyting til fjellet.

Foto: Benedikte Skarvik

7506
20230331

Bakgrunn

Guri Sørumgård Botheim
(f. 1978) kjem opphavleg frå Lesja, men flytta nyleg til nabokommunen Dovre etter mange år i Trondheim.

Ho har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø.

Guri har tidlegare skrive Innsida i Dag og Tid saman med systera Sigrid, og er kjend for sin humoristiske stil.

No arbeider ho som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.

Litteratur

julie@dagogtid.no

Lesjingen og forfattaren Guri Sørumgård Botheim legg ikkje mykje imellom når ho skildrar ordskiftet mellom ulike brukarar av fjellet. Forvaltarane, pilegrimane og turistane – alle får passet påskrive.

– Høgfjellet er eit kjenslevart tema. Mange knyter identiteten sin til fjellet, mange har sterke meiningar og tenkjer at dei sjølve har rett, seier Botheim.

Ein pilegrimsprest som meiner at snøscooterkøyrarane som bryt lova, burde brenne i helvetet, er ein av karakterane me møter i romanen der hovudpersonen skal skrive ei utgreiing om villreinen og «fjellets etiske stemme». Ragna, som ho heiter, er både steil, modig og dristig. Ho provoserer ved å kalle Den Norske Turistforening (DNT) for Turismeforeininga og ved å åtvare mot alle dei som vil ha «one night stands» med naturen. Konfliktbiletet vert raskt forsterka med Ragna som kommunikasjonsansvarleg, og korkje ho eller meiningsmotstandarane hennar har berre reint mjøl i posen.

Mykje sant

Trugselen mot hovudpersonen er ei ekte melding som vart framsett mot ein biolog, og nokre fråsegner frå DNT-leiarane er henta frå den verkelege verda. Elles må Botheim vedgå at ho har ein del likskapstrekk med hovudpersonen.

– Her er fleire ytre likskapstrekk. Me har begge studert litteratur og budd i Trondheim. Me har òg opplevd noko av det same, og me har ein del like kjensler, men hovudpersonen Ragna har ein annan personlegdom, seier ho.

Botheim skildrar hovudpersonen som steil, udiplomatisk, modig, uredd og mindre sosial enn ho sjølv.

– Eg ville ikkje gjort det som ho gjer. Sjølv om eg heiar på hovudpersonen, skal ho ikkje vinne alle diskusjonar. Det må vere opp til lesaren å finne ut kven ein er mest einig med. Eg skal ikkje tolke for mykje, korkje kva Ragna kjenner på, eller kva som er rett.

– Kva har vore drivkrafta di?

– Eg ynskte å skrive om det å tore å forme livet sitt, og om å våge å gå inn i eit nytt kjærleiksforhold og såleis greie å leve vidare med tapet når ein framleis er i sorg. Elles engasjerer eg med for spørsmåla kring bruken av naturen. Dette temaet kjenner eg meg ikkje ferdig med enno. Etter at romanen var ferdigskriven, har eg kome i kontakt med og vorte aktiv i både den nyoppstarta foreininga Bevar villreinen i Rondane og den meir etablerte organisasjonen Bevar Dovrefjell mellom istidene, som òg er nemnd i boka.

Røyndomen

– Generelt er boka basert på verkelege hendingar og konfliktar. Romanen er inspirert av verksemda Norsk villreinsenter Nord på Hjerkinn i Dovre kommune, men karakterane og dei interne kontorscenene er dikta opp, seier Botheim.

Ho skriv likevel at Høgfjellsmeldinga er rein fiksjon. Sjølv om Norsk villreinsenter er ein reell institusjon, så er eventuelle likskapar med tilsette og interne diskusjonar tilfeldige, ifølge Botheim.

Samstundes som ein skjønar at forfattaren har teke seg kunstnariske fridomar, er det tydeleg at det krev mykje lokalkunnskap for å skrive ei slik bok. Den kjende botanikaren, kvinnesaksforkjemparen og pioneren Thekla Resvoll er nemnd, og her er mykje fagleg stoff. I presentasjonen av reelle konfliktar knytte til bruken av fjellet, er der glidande overgangar mellom sanning og fiksjon.

– Du er ikkje redd for å sette ut falske rykte?

– Det kan ein jo risikere, men det gjeld for all skjønnlitteratur. Alle romanar kombinerer jo verkelegheit og fantasi, på ulike måtar. Somme personar har eg karikert litt, og eg har med vilje late dei få ein annan utsjånad enn dei som har stillingane i den verkelege verda. Eg er ikkje interessert i å kritisere enkeltpersonar. Dette er ikkje ein nøkkelroman.

– Korleis har du arbeidd med boka?

– Eg har lese villreinrapportar og undersøkt ein del det siste året. Alt kom tettare på meg då eg flytta heim til Gudbrandsdalen. Eg ville ikkje skrive noko feil reint villreinfagleg, svarar Botheim som heile livet har hatt ei sterk tilknyting til Dovrefjell.

Grensesprengande

Botheim seier at friluftsliv vert sett på som positivt, men at me kanskje lyt tenkje nytt.

– Det er så lite som skal til for å øydelegge trekka til villreinen. Lokalbefolkninga har ein innebygd respekt for villreinen, men turistar skjønar ikkje kor lite som skal til for å forstyrre han. Om det passerer tretti personar på ein sti i løpet av dagen, er det nok til å forårsake sterkt unnvikande oppførsel frå villreinen, seier Botheim.

Ho meiner noko er nøydt til å skje, og ho trur det kjem til å skje noko.

– Leveområda til villreinen er fragmenterte og oppdelte. Det vert for fyrste gong diskutert om me i delar av året må stenge nasjonalparkar av omsyn til villreinen. For mange av oss vil det vekkje sterke kjensler å bli utestengde frå fjellet, men vi er i ferd med å kome dit. Kven skal få lov til å bruke fjellet, og til kva? Dette er brennbart stoff i folkesjela. Diskusjonane om bruken av naturen har vorte viktigare og viktigare i løpet av skrivinga mi, seier Botheim.

Bokomslaget har mannen hennar laga. Biletet viser Storskrymten sett frå Lesja. Fjellet som grensar mellom Trøndelag, Innlandet og Møre og Romsdal vert eit symbol på både fellesskapet og interessekonfliktane som ligg i naturområdet som alle vil ha ein bit av.

– Mannen min har òg laga ein song til boka. Låten ligg førebels på YouTube, men kjem snart på Spotify òg. Han heiter «Fjell og vilje», fortel Botheim.

Sterke meiningar

Som hovudpersonen flytta Botheim frå ein trygg jobb i Trondheim.

– Eg hadde ein fulltidsjobb, men sa han opp og flytta heim for å få tid til meir skriving, seier Botheim.

På same måte som hovudpersonen Ragna har ho òg hatt sterke meiningar i ungdomen.

– Men eg valde å leggje dei bort for å passe inn, forklarar Botheim.

Gjennom arbeidet med boka har ho fått fornya sjølvtillit til å flagge kva ho står for.

– Det må skje noko. Arealinngrep og naturtap er ei like stor krise som klimakrisa, og dei to krisene heng saman. Det er fyrst no at det har byrja å gå opp for folk. I Fosen-saka blir det argumentert med at ein må byggje ut natur for å få til det grøne skiftet. Men å ofre natur og samisk kultur og kalle det eit grønt skifte, er ei feilslutning, meiner Botheim.

Ho tykkjer ikkje me skal jobbe for å dekke energibehovet, men heller for å få ned energiforbruket.

– For tjue år sidan vart du sett rart på om du kritiserte flytrafikken, men no er det mykje større aksept for slike haldningar. Me ser òg ei anna og grønare innstilling hjå delar av næringslivet, meiner forfattaren.

Sjølvbiografisk

Den mest sjølvbiografiske delen av boka er den som dreier seg om sorg.

– Eg mista ein mann som eg var forelska i. Såleis har boka òg ei personleg historie om det å leve med sorg og tap, og å greie å ta ansvar for livet sitt. Ein kjem ikkje nødvendigvis over tapet. Difor må ein finne ut korleis ein kan leve med det, seier Botheim.

Litterært sett er ho mest nøgd med samanlikninga mellom restaureringa av eit menneske i sorg og restaureringa av naturen.

– Det finst sår og spor som aldri gror. Men ein kan få det betre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis