JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Hauge-dagbøkene i Dag og Tid

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olav H. Hauge (1908–1994) skreiv dagbøker frå han var 15 år.

Foto: Haugesenteret

2065
20230331
2065
20230331

«Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok, det vil verta hugnad med den. Ja ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok – og meir sligt som kan vere verdt aa minnast (…) Og kanskje kan eg med det same, og i same boka rita ned meiningar um ymse bøker soleis. Lat meg tenkje på det!»

Slik vart det til at vi fekk dei beste dagbøkene i norsk litteratursoge. For tanken den 15 år gamle Olav H. Hauge skreiv ned i mars 1924, vart til gjerning.

Forvitneleg

I 70 år, til 16. mai 1994, sju dagar før han døydde 86 år gamal, skreiv han dagbok. Ikkje kvar dag, og ikkje kvart år, for han var sjuk i periodar, men jamt og trutt når han kunne og hadde overskot.

Det er forvitneleg – eit ord han ofte nytta – lesing. Fem band, 3500 sider. Sjølv har eg lese verket tre–fire gonger – kanskje meir. Side for side kan ein fylgja årsrytmen og livet hans. Folk han møter, ting han opplever og ting han slit med i livet.

Om bøker han las

Og ikkje minst skriv han om alle bøkene han har lese. For han les – heile tida. Som han skriv i dagboka i 1927: «Eg les og les, eg lever i bøkene og av bøkene; utan bøker kom eg til å ganga nord og ned.»

Denne veka byrjar vi å trykkja korte utdrag frå dagbøkene. Mest frå avsnitt som handlar om litteratur, for han skriv om bøker og forfattarar på ein måte som er til å få forstand av for oss vanlege dødelege. Men det kjem òg synspunkt og hugskot han måtte ha om tema som opptok han, reiseskildringar og praktiske gjeremål.

Takk til Bodil Cappelen, som budde og var gift med Hauge dei siste 20 åra av livet hans. Eg vitja henne på eldreheimen utanfor Tønsberg for nokre veker sidan. Ho er fast tingar av Dag og Tid og begeistra for ideen. Takk òg til Samlaget og ikkje minst forlagsredaktør Sverre Tusvik som stod i bresjen for å gje ut heile dagboka til Hauge, og ikkje berre utdrag, som mange ville ha gjort.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid.
Sjå spalta på side 36.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis