Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Framifrå

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1662
20231013
1662
20231013

Nobelprisen til Jon Fosse. For ei glede! For Fosse, Noreg, nynorsken, det norske språket i det heile og omdømet til norsk litteratur i verda. Og det skader ikkje at han er ein likande kar som møter alle med respekt.

Takk til Samlaget, forlaga hans i utlandet, teatera i Noreg og utlandet som har sett opp stykka hans, skodespelarar, omsetjarar, kritikarar og mange fleire som har medverka til å lyfta fram forfattarskapen hans.

Og takk til Dag og Tid som ikkje gav Fosse journaliststillinga han søkte på i 1983. Hadde han fått jobben, kunne han enda som bladfyk, og ein stor forfattarskap ville gått tapt.

Sjølv kan eg ikkje skryta av anna enn at eg har budd på same hybel som Fosse – hjå den venlege Arnlaug Hannaas i Bergen, dotter til målmannen og språkprofessoren Torleiv Hannaas. Sjølvsagt skulle den unge nynorske forfattarspiren Fosse bu på hybel hjå ei eldre kvinne med ein far som enda med ei boksamling på 12.000 band.

Det skal sterk rygg til å bera ein nobelpris. Ikkje minst når ein står midt i forfattarskapen. Det kan stogga opp, for skriving er krevjande. I Fosse-avisa som Dag og Tid gav ut i 2003, fortel han til Cecilie Seiness: «Når eg skriv, byrjar eg på ingenting, rå skaping. Når eg får det til, gjev det den største gleda. Når eg ikkje får det til, er det som å slita i mitt eige kjøt.»

Men det verkar som Fosse har gåva og føresetnadene til å klara det. Og som han fortel i boka Mysteriet i trua, har den katolske messa og bøna gjeve han «tryggleik til den stilla eg søkjer inst inne i meg sjølv, der inne, heilt a°leine. Der vi pa° eit vis alle ogsa° er saman»

Til lukke med Nobelprisen i litteratur, Jon Fosse!

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis