JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Fosse-språket

I boka Jon Fosse Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans intervjuar Jan H. Landro Jon Fosse. Her følgjer eit utdrag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4061
20231013
4061
20231013

«Du kallar språket ditt «moderert Hauge-nynorsk», eller rett og slett «tradisjonell nynorsk». Kva legg du i det?

Eg vil tru at eg nytta formuleringa «moderert Hauge-nynorsk» i ein freistnad på å forklara noko kort og greitt som elles ville ha kravt ei lita utlegging.

Ein kan kanskje seia at det no finst fire slag nynorsk, den klassiske i-målsnynorsken, som følgjer norma til Ivar Aasen i det meste, og som no vel nærast held på å bli borte som skriftmål, og så har ein den tradisjonelle nynorsken, der ein held fast på somt frå Aasen-norma, til dømes a-infinitiv og full samsvarsbøying, og at ein nyttar nynorske tradisjonsord, ord frå den nynorske skrifttradisjonen, heller enn såkalla «folkemålsord», og er varsam med anbehetelse-ord og også andre dansktyske prefiks og suffiks. På den andre sida har ein den reine samnorske nynorsken, der ein så å seia skriv så bokmålsnært som råd er, då sjølvsagt med e-infinitiv, og til dømes utan j der j-en kan strykast, altså følge ikkje følgje eller fylgje, ein nyttar også gjerne monoftongar i staden for diftongar og så bortetter.

 Mellom desse to siste har ein den såkalla midtlinenynorsken der ein freistar balansera mellom den samnorske nynorsken, som er nærast ikkje berre bokmålet, men òg talemålet til dei fleste, og den tradisjonelle nynorsken. Mange, mellom dei eg, meiner at ein med norma frå 2012 i mangt godtok altfor mykje frå den samnorske nynorsken, godtaking av tenkja utan j, av bølgje utan j, til dømes, er språkleg vandalisme. Eg veit at det var pedagogiske grunnar for dette, men slike omsyn kan ikkje få vera einerådande – i så fall burde vel også j-en i ikkje strykast, og då nærmar ein seg verkeleg noko.

Overgangane mellom i- og a-målsnynorsk er klår og grei, overgangane mellom dei andre nynorske variantane er meir glidande. Sjølv skreiv eg vel ei tid ein slags samnorsk nynorsk, men hovudsakleg har eg skrive ein slags midtlinenynorsk – det var no liksom det ein gjorde på Samlaget – og så enda eg vel opp med å skriva ein heller tradisjonell nynorsk, som nok likevel i mangt ikkje er så langt unna midtlinenynorsken.

Eg angrar kanskje ikkje så mykje på noko eg har skrive og gjeve ut, eg skreiv som eg skreiv, men det er i alle fall utenkjeleg for meg no å nytta former som «augene» og «bevegelsar», slik eg gjorde i dei to fyrste diktsamlingane mine.

Både i Trilogien og Septologien nyttar du ein del eldre ord. Er det slike du har i dialekta di?

Nei, det er i all hovudsak tradisjonsord frå det nynorske skriftspråket. Ein av grunnane til at eg i alle år nytta e-infinitiv var nettopp at eg ikkje ville skriva dialekt, eller dialektnært. Eg ville skriva eit skriftmål, ikkje eit talemål. At ein så kan ta inn eitt og anna dialektordet i dette skriftmålet, ja det er noko anna. Dette meiner eg framleis. Og det er ikkje fordi eg har a-infinitiv i dialekten min at eg no nyttar det, men fordi det er den tradisjonelle nynorske forma, og noko av det som tydeleg skil nynorsken frå bokmålet. For meg er det svært viktig at nynorsk skal vera, og er, eit eige språk, ikkje ei «målform».

Tanken om at ein har skriftleg norsk i to variantar, to «målformer», er ei ideologisk lygn. Ein har to skriftspråk i Noreg, bokmål og nynorsk, det eine byggjer på norske dialektar, nok mest på vestnorske, utan å falla saman med nokon av dei, det andre byggjer på dansk, med preg av særleg austnorske dialektar, særleg med språket tala vest i Oslo.

Det blir likevel feil å snakka om norsk og dansknorsk, slik ein før gjorde. Det blir vel polemisk. Vi har to norske skriftmål, korkje meir eller mindre.

Så svaret er at eg nyttar ord frå strandebarmsdialekten når det fell saman med ord i den nynorske skrifttradisjonen, elles ikkje, eg skriv til dømes korkje ikkje verken, difor ikkje derfor, anten ikkje enten – og sjølvsagt morosam og ikkje morsom og så vidare. Og eg tek gjerne i bruk gamle, vakre mesta gløymde ord, som til dømes andvake eller kveldsvævd

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis