Litteratur
Eit urokkeleg sjølvstende
Då Kaja Schjerven Mollerin skreiv samtalebok om Cecilie Løveid, fekk ho augo opp for samanhengen mellom diktinga og privatlivet.
Cecilie Løveid fekk Brageprisen 2017 i kategorien open klasse.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Mollerin har ønskt å skrive ei samtalebok som er lojal mot forfattarskapen, og som syner korleis Cecilie Løveid har eksperimentert innanfor alle sjangrar. Å lage Den store forteljinga om ein forfattar som ikkje har følgt den tradisjonelle «oppskrifta», meiner ho ville vere feil. Det ber Kamerat livet også preg av, boka følgjer Løveids assosiasjonar og freistar samstundes halde på ein slags tråd.
– Sit du att med eit anna bilete av Løveid og forfattarskapen enn bøkene hadde gitt deg?
– Eg fekk eit djupare og meir nyansert bilete. Boka mi rommar ganske mykje biografi og livshistorie, utan å vere ein biografi i tradisjonell meining. Møta med Løveid har gitt meg interessante perspektiv på korleis ein forfattarskap blir til, med livet som bakgrunn, utan at det er noko 1:1-forhold. Ein ser tydeleg at det finst somme kjernemotiv i bøkene som lèt seg forklare i lys av livshistoria. Men i diktinga har ho gjort det til noko anna, der finst fantasirike utforskingar av noko ein ikkje utan vidare kan ane har biografisk førelegg.
Løveid har bak seg ein svært rik forfattarskap, meiner Mollerin.
– Det har vore givande å lese det om att frå det første diktet og fram til diktsamlinga ho no skriv på, Piggeple. Språkleg er det heilt særeige, og ho har sett sitt tydelege merke innanfor mange ulike sjangrar. Idérikdommen, sjangermangfaldet, eksperimentviljen, den språklege breidda og den enorme produktiviteten gjer Cecilie Løveid eineståande i norsk litteratur. Spesielt er det òg kor mykje av det ho skriv, især innanfor dramatikken, som byggjer på historisk gransking.
– Kva ved mennesket og diktaren Cecilie Løveid har gjort sterkast inntrykk på deg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.