JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Eg luktar, altså er eg

Forfattar og arkitekt Bjørn Berge ser med aukande uro på korleis sterke kommersielle krefter erstattar naturens eigne lukter med uekte «godlukt» og luktfrie plasthus.

Bjørn Berge er arkitekt og forskar ved arkitektkontoret Gaia Lista.

Foto: Marie Rosenberg / Spartacus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7945
20240913
7945
20240913

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Boka Lukt. Fortellingen om en falmet sans er siste del av ein trilogi om makt, der Berge belyser maktproblematikken frå ulike kantar. Først kappinga av land i Landene som forsvant (2016), så om å forsvare landet og behalde makta i Luftens tyranner (2019) og no korleis kulturen og biologien blir involverte i maktspelet.

– Lukt har ganske mykje opphav i min profesjon som arkitekt gjennom over 40 år. Det har slått meg at husa har lukta mindre og mindre gjennom åra. Før hadde alle familiar, og bustadene deira, si eiga lukt, og kvart rom sin eigen signatur. I moderne hus er lukta praktisk talt borte. Om vi held fram med å byggje slik som no, er snart berre synssansen og høyrsla att, og det blir litt magert når ein skal oppleve verda fullt ut. Kjedeleg også.

– Du skriv at lukt blir assosiert med det mørke, det uregjerlege, det erotiske, det asosiale og det primitive. Korleis er det blitt slik?

– Utgangspunktet er nok at luktopplevinga er så vanskeleg å fange, kategorisere og setje tal på. Derfor lèt ikkje lukt seg bruke og utnytte på same måte som dei andre sansane.

Dette byrja for fleire hundre år sidan og skaut fart under den industrielle revolusjonen.

– Opplysningsfilosofane, som Immanuel Kant, slo fast at ettersom lukta var uråd både å måle og å kategorisere, var ho heller ikkje særleg eigna til å vinne ny kunnskap med.

Kjøtkaker og kattepiss

Litt av problemet, slik Bjørn Berge ser det, er at luktesansen manglar språk. Han har ikkje sine eigne uttrykk når vi vil skildre luktene vi kjenner. I staden tyr vi til uttrykk frå andre sansar: «Det luktar som sennep, våt hund, ny bil.» Lukta er individuell og personleg og difor vanskeleg å temje.

– Luktene våre er ein viktig del av identiteten vår, på same måte som utsjånaden og røysta. Faktisk har vi alle vår heilt særeigne signaturlukt til liks med fingeravtrykk. Når lukta blir borte, forsvinn også ein viktig del av opplevinga av og informasjonen om medmenneska våre. Til dømes har immunsystemet si heilt spesielle lukt, slik at vi helst vel partnarar med ei anna lukt enn vår eigen for å sikre helsa til etterkomarane våre.

Sinnstilstand

I tillegg fortel lukta om kva vi har ete dagen før, og faktisk så mykje om sinnstilstanden til andre at frasen «Korleis går det med deg?» blir overflødig. Stressveitte luktar til dømes som ein miks av kjøtkaker, lauk og kattepiss, medan vanleg sportssveitte – når ho får gjære litt – luktar meir som kål. Med litt konsentrasjon vil du ikkje vere i tvil om skilnaden.

Dessutan har også mange sjukdomar si eiga lukt: diabetes luktar svakt av aceton, som i naglelakk, urinvegssjukdom som karamell og klamydia som fisk. Det er ein kunnskap ein var svært medviten om før, heilt fram til vårt eige hundreår, då laboratoria og vanleg prøvetaking tok over.

– Å tolke desse luktene slik du gjer, krev øving?

– Luktesansen krev trening, han må haldast i vigør. Ein kan til dømes byrje med å gå ut og grave eit lite hòl i skogen. Det er utruleg kva ein finn av lukter her. Det kan vere kamfer, kokosbork og tørka appelsinskal ein stad, overmoden fersken og våt pels ein annan. Dei beste opplevingane finst under tre med grunne rotsystem, som furu. Der er det stint. Eit eventyr, fortel han.

– Likeins om du kakkar ein flintstein i betar, strøymer det på med dei mest vedunderlege dufter – eukalyptus, blomster og mykje anna. Dei har lege lagra der sidan krittida for hundre millionar år sidan. Som ein tidskapsel.

Sansesystem

Forfattaren skildrar boka si som eit innlegg i kampen for den frie luktesansen i all sin venleik og all si vemjing. På spørsmål om ein slik kamp faktisk går føre seg, svarar han at det ikkje er mykje som tyder på det.

– Luktdomenet er i stor grad teke over av kommersielle aktørar med sine syntetiske lukter. I varehandelen blir dei nytta for å få varer til å verke friskare og meir attraktive enn dei er, eller for å skjule ubehagelege lukter. Og dei blir nytta i deodorantar for å kamuflere sveitte og andre kroppslukter.

I parfymeindustrien tek ein dette endå lenger.

– Der skal lukt få oss til å framstå som noko heilt anna enn vi eigentleg er, gjerne noko i nærleiken av blomstereng eller sydhavsøy. Eller som erotiske monster. Dette er alt saman rein bløff og manipulasjon. Og det er problematisk ettersom luktesansen er heilt avgjerande når vi skal orientere oss i verda.

– Kor mykje taper vi på at luktesansen mister grepet?

– Luktesansen er ein heilt sentral komponent i eit samverkande sansesystem. Han sørgjer rett og slett for å gi oss eit mest mogleg komplett bilete av omgivnadene, og i neste omgang gjere oss i stand til å respondere på dei. Når sanseapparatet kjem i ubalanse, tek hallusinasjonane over, og vi beveger oss meir og meir inn i ei fantasiverd. Dette er særleg problematisk når vi i dag stadig oftare blir utsette for forsøk på svindel og manipulasjon. Især gjennom digitaliserte påverknader. Ein fordel med luktesansen er at han, til forskjell frå både syn og høyrsle, ikkje lèt seg digitalisere. Såleis er han også meir til å lite på.

– Du tillegg lukta kommunikative eigenskapar, ikkje berre mellom dyr, men òg mellom menneske?

– Ja, og eg trur lukta, via undermedvitet, framfor alt snakkar til magekjensla.

– Kor tidleg var det slutt på at ein trong lukte for å overleve?

– Eg trur det framleis er nødvendig, men går du langt tilbake i tid, var det heilt avgjerande. Enno finst samfunn av urfolk der luktesansen er det aller viktigaste for å orientere seg i jungelen både når det gjeld å finne mat og å tolke varsel om farar, til dømes skogbrann. Eit døme er ongeefolket på Andamanøyane i Bengalbukta, som når dei møtest, helsar kvarandre med: «Korleis går det med nasen din?»

Ute av historia

– Boka er også eit stykke kulturhistorie?

– Eg elskar historie, men eg synest historikarane i liten grad har fått med seg lukta. Ved ikkje å setje lukta i sitt rette perspektiv trur eg dei har gått glipp av mykje.

– Kva skjer når stadig fleire kvinner og menn fjernar kjønnshåra sine?

– Då mister dei ei form for luktlager, eit lite magasin som inneheld dei ulike luktstoffa som vi signaliserer med. Det er noko ganske nytt og ingen god idé, spør du meg. Praksisen er berre eit snautt hundreår gamal og fell, ikkje overraskande, saman med Charles Darwins teoriar om mindre kroppshår som indikasjon på høgre utviklingsnivå.

Boka om lukt syner at det finst uendeleg mykje kjemi i livet vårt. Og at alt heng saman med alt, også på dette området. Kjemiske signal går på kryss og tvers, og heile tida skal vi navigere gjennom dei.

– Er den antiseptiske euroamerikanske kulturen i dag det største trugsmålet mot luktesansen?

– Det trur eg vi må kunne seie. Sjølv om det ikkje er så lett å få auge på det, går det for seg ein stille kamp, som dreier seg om å erstatte ekte lukt med falske lukter. Og det er det mykje pengar å tene på. Den krigen speler seg dagleg ut heime hos kvar og ein av oss. Det er skremmande, og vi må berre vete at dette skjer. Eg håper at boka mi kan bidra til ei oppvakning frå denne døsen.

– Kan ein seie at dess meir luktfritt dess meir usunt?

– Ikkje heilt utan vidare. For ein del av dei nye materiala luktar. Men dei luktar kjemi, og det blir ikkje rekna med. Først og fremst ser ein dei som teikn på velstand og framsteg.

– Kva er oppskrifta di på å få slutt på «sjuke hus»?

– Å forenkle husa, få ut alle dei farlege materiala og bruke velprøvde materiale i tre, gjerne tegl og betong òg. Ikkje blande inn lim og sparkel og laminat, som heilt klart er medansvarlege for problemet. Då kan vi også redusere ventilasjonen, slik at vi igjen kjenner lukta av kvarandre. Dette funkar heilt prima, etter mi erfaring. Men det er ikkje slik bustadindustrien ser for seg at ein skal byggje. For ikkje å nemne plastindustrien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Krevjande buksering i tronge norske fjordar; her kjem taubåten til sin rett. Éin taubåt sleper framme, medan to mindre båtar er kopla til sidene i fall dei kjem for nære land. Bakarst er ein fjerde og siste taubåt i standby dersom lekteren treng å bremse opp.

Foto: Svein Egil Økland

ReportasjeFeature

Taubåten – den maritime arbeidsgampen

For somme sjøfolk er livet på ei ferje eller eit cruiseskip ikkje variert eller spanande nok. Då er kan hende løysinga å hoppe over på tug-en – ein jobb der kvar dag er garantert å vere ulik den førre.

William Sem Fure

Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis