Døde draumar i fedrelandet
Thomas Seltzer har skrive beksvart om USA – heimlandet han ein gong drøymde om å vende tilbake til.
Thomas Seltzer fryktar den politiske framtida i sitt andre heimland, USA.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Bakgrunn
Thomas Seltzer
Bassist i Turbonegro og programleiar i Trygdekontoret (NRK)
Står bak tre dokumentarseriar om USA (NRK)
Aktuell med boka Amerikansk karmageddon (Forlaget Oktober)

Litteratur
christiane@dagogtid.no
To år etter at Donald Trump tapte presidentvalet i USA, men nekta å akseptere tapet, har amerikanarane igjen vitja røystelokala. Då Dag og Tid gjekk i trykken, viste valresultatet at republikanarane får fleirtal i Representanthuset, medan resultatet i Senatet framleis er usikkert.
Valkampen har vore prega av sterke motsetningar i synet på røynda – motsetningar som på ingen måte har vorte mindre etter Trumps udokumenterte påstandar om valfusk og storminga av kongressen 6. januar i fjor.
Det tilspissa politiske landskapet har ført til valtalar med store ord. President Joe Biden har åtvara om at det amerikanske demokratiet står på spel. Trump har på si side sagt at berre ei republikansk bølgje kan hindre landet frå å verte øydelagt og redde den amerikanske draumen.
Men lever den amerikanske draumen framleis? Nei, meiner Thomas Seltzer, som har skrive boka Amerikansk karmageddon.
Vonbrot
– Den amerikanske draumen betyr jo at ein får sosial mobilitet i byte mot hardt arbeid. Men 70 prosent av dei amerikanske trygdemottakarane jobbar sjølv eller bur i eit hushald der nokon jobbar. Dei treng stønad i tillegg til lønna. Vi står i ein situasjon der det er stort vareutval i butikkane, men der dei tilsette ikkje lenger er forbrukarar, seier han og held fram:
– 90 prosent av dei som vart fødde på 1940-talet, fekk det betre enn foreldra sine, men berre halvparten av dei som vart fødde på 1980-talet, fekk det. Då er den amerikanske draumen statistisk og definitivt daud.
– Men det ser ut til at den amerikanske draumen lever vidare i den politiske retorikken?
– Det er tviegga. Folk klamrar seg til han, men eg ser ein djup kynisme og eit vonbrot blant folk – noko som fungerer som gift i samfunnet, seier han.
– Først kom Barack Obama med løfter om change, som ikkje skjedde. Så kom Trump og ville rive sund driten og byggje opp noko nytt, men heller ikkje det skjedde. I staden stagnerte reallønna, og industriarbeidsplassar forsvann. Selskap flagga ut. Trump skulle fjerne lobbyistane, men ingen tilsette fleire enn han. Heile den trumpske røynda var berre juks og fanteri.
Tilbake til røtene
Den fulle tittelen på Seltzers nye bok er Amerikansk karmageddon. Tanker om mitt fordømte fedreland. For som ein del vil ha fått med seg, til dømes etter å ha sett dokumentarserien UXA – Thomas Seltzers Amerika på NRK, står Seltzer med eitt bein i den norske røynda og eitt i den amerikanske.
I dag bur Seltzer i Trondheim med sin norske familie, men det første språket han lærte seg, var amerikansk-engelsk. Dei seks første leveåra budde nemleg Seltzer med den norske mor si, den amerikanske far sin og den fem år eldre bror sin i ein amerikansk småby i Midtvesten, nærmare bestemt i hamnebyen Superior i skogstaten Wisconsin, som ligg ved verdas største innsjø med same namn, heilt på grensa til præriestaten Minnesota og byen Duluth. Superior og Duluth vert rekna som eit sentrum i det som tidlegare vart kalla stålbeltet, men som dei seinare åra er betre kjent som rustbeltet. Altså ein stad der metallindustrien tidlegare har gneistra, men så vorten nedlagd.
I åra etter at Seltzer flytta til Noreg sommaren 1975, skulle livet hans ta ei anna retning enn livet til familiemedlemmene hans på den andre sida av Atlanteren. Medan Seltzer fekk leve den norske draumen og på mange måtar leve eit privilegert liv, vart amerikanske familiemedlemmer på ulikt vis prega av samfunnet dei var ein del av.
Seltzers bror flytta tilbake til heimlandet og mista huset sitt under finanskrisa. Ei kusine vart offer for opioid-epidemien og er avhengig av den vanedannande medisinen OxyContin. Og enkelte familiemedlemmer kan knapt snakke saman, sidan dei filtrerer verda gjennom forskjellige fjernsynskanalar, som tilbyr motstridande verdsbilete.
– Emosjonelt
Eg spør Seltzer korleis det har vore å skrive ei bok som ikkje berre handlar om amerikansk historie, men også om hans eiga familiehistorie.
– Slektshendingar vert fletta inn i dei historiske hendingane, og det er vanskeleg å skilje dei frå kvarandre. Kva for effekt har til dømes den andre verdskrigen hatt på familien min? Det har vore ei emosjonell og sår historie å skrive, spesielt fordi eg no har småbarn sjølv, seier Seltzer.
– Kusina mi er OxyContin-avhengig og kronisk sliten, og draget i auga hennar kan eg sjå i auga til jentene mine når dei er slitne og lei seg. Det høyrest kanskje sentimentalt og banalt ut, men for meg er det utruleg sterkt å sjå den genetiske slektskapen. Skrivinga har kvervla opp sterke kjensler.
Middelklassen
Seltzer fortel i Amerikansk karmageddon ei historie om korleis den offentlege velferda i USA har vorte bygd ned, korleis fagrørsla har vorte svekt og om det fallet store delar av den amerikanske middelklassen har opplevd frå 70- og 80-åra og fram til i dag. Han skriv om korleis amerikanarar som arbeider og slit, likevel har enda opp som fattige, kjende som the working poor.
– Korleis vil du seie det går med den amerikanske middelklassen?
– Det er ei todeling. Det er dei høgt utdanna, som jobbar med finans, teknologi, elektronikk og administrasjon, og som, dessverre, utgjer kjernen i det demokratiske partiet. Dei har det jo bra. Det finst ikkje noko betre enn å vere øvre middelklasse i USA, med solid inntekt og eit godt liv. Dei finst jo. Men eg har også prøvd å rekne på kor mange amerikanarar som lever i det ein nøkternt kan kalle fattigdom. Eg har komme til at meir enn halve befolkninga lever frå hand til munn, frå lønsslipp til lønsslipp. Og dei aller fleste av dei har lange arbeidsdagar. Her ser vi eit brot på den amerikanske draumen. Jobbar du hardt, skal du kunne ha om ikkje eit luksuriøst, så eit godt liv, og sånn er det ikkje lenger.
Ifølgje den offisielle fattigdomsgrensa definert etter inntekt og matprisar lever nærmare 40 millionar av 330 millionar amerikanarar under grensa. Men Seltzer argumenterer altså for at langt fleire bør inkluderast, mellom anna fordi prisane på tenester som helsehjelp, bustad, barnehage og utdanning har auka kraftig.
Landeplager
Seltzer meiner at den amerikanske draumen no er erstatta av sju landeplager i USA. Kort oppsummert dreier det seg om:
* automatisering og deindustrialisering
* ei underklasse av ulovleg innvandrarar utan røysterett
* ein kamp om sanninga
* at symbolpolitikk tek fokuset bort frå realpolitikk
* at USA stadig er i krig ute i verda
* ein opp-ned-sosialisme, der rike vinn og fattige tapar
* eit demokratisk underskot
Sterke ord
Mykje av det Seltzer skriv i boka si, er sterk kost og vil skape debatt. Til dømes nøler ikkje Seltzer med å kalle USA eit oligarki, altså eit fåmannsvelde styrt av pengesterke lobbyistar. Frykta hans er at styresettet vil utvikle seg til fascisme. Diskusjonen om ein bør kalle Trump fascist, har gått føre seg i årevis, og Biden har omtala trumpismen som semifascisme.
– Det triste er at amerikanarar er samde om veldig mykje. Fleirtalet vil at det offentlege skal tilby eit OK helsetilbod, dei vil ha pengemakt ut av politikken, folk flest er for abort og vil ha gode offentlege skular. Dei fleste amerikanarar er sosialdemokratar light, seier Seltzer, før han fyrer laus ein beksvart framtidsspådom.
– Men politikken er så oligarkstyrt. Og dette var ikkje eit ord eg brukte for fem–seks–sju år sidan. Men no bruker eg det i fullt alvor. Folk har no skjønt at politikk ikkje fører til endring. Dei får det ikkje betre. Så i staden fokuserer dei på enkeltsaker, som abort eller våpen, og kranglar om det. Då treng ikkje politikarane ein gong love dei eit betre liv, men berre at dei skal ta seg av denne eine saka som dei har fått folk til å verte opptekne av, medan dei stemplar meiningsmotstandarane sine. Denne utviklinga banar vegen for eit reint oligarkstyre og eit styre som heiter noko på f. Det er det vi truleg vil sjå frå 2024.
– Fascisme er jo knytt til særleg styresettet i Italia under Mussolini og inneber at styringa er førarstyrt og diktatorisk. Omgrepet vert også nytta som skjellsord. Kva gjer at du bruker omgrepet om eit styre i USA i nær framtid?
– Fascisme skildrar, om ein ser bort frå at omgrepet kan brukast som skjellsord, eit samfunn der sterke næringsinteresser styrer alt og sørgjer for at pengane går oppover og driten nedover, og motstand mot dette vert slått hardt ned på. Det er fascisme, om ein fjernar innpakkinga i form av rasisme, retorikk og marsjar.
– Og dette ser du for deg i USA i 2024?
– Ein vil jo ikkje kansellere val og slikt, men demokratiet vert eit skinndemokrati når dei som har mest pengar til reklame, vinn. Det er det ein ser i USA no.
Demontering
Men etter kongresstorminga har det ikkje vore dokumentert valfusk. Rettssaker har dømt kongresstormarar. Ein kongresskomité granskar opprøret på Capitol Hill den 6. januar i fjor.
– Har vi ikkje nettopp sett at institusjonane i USA og rettsstaten har fungert?
– Det kjem ikkje til å vare. Jobbane i valadministrasjonen i statane var i utgangspunktet apolitiske funksjonærjobbar. Men folk vil ikkje lenger jobbe der, fordi dei vert truga på livet. Så kjem «Make America Great Again»-folk inn der. Steve Bannon har bede folk gå inn i dei posisjonane. Så når Trump – eller dei som kjem etter Trump – ringjer dei og ber dei finne røystene dei treng, vil dei drite i demokratiet. «Stop the steal»-rørsla har aldri handla om demokrati.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø